Naivt og bagatelliserande om synd og samliv

•

•

Då ein byrja å diskutera om det er innan kristen etikk er opning for andre samlivsformer enn det livslange ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann, og ein samstundes byrja å diskutera om seksuelt samliv utafor ramma av dette ekteskapet, var synd, var det mange som påpeikte at ei slik opning ville få mange og ulike konsekvensar. Det ville opna for ei rekkje samlivsformer, og det ville undergrava den bibelske forståinga av synd. Dette har til dei grader slått til, og det over svært kort tid.

Det starta med aksept for sambuarskap, heldt fram med opning for homoseksuelt samliv homofilt partnerskap, og har førebels kulminert med aksept for «homofilt ekteskap» og prinsipielt «likekjønna ekteskap». I Den norske kyrkja (Dnk) er det faktisk meir enn «aksept» for dette. Det har vorte svært problematisk å stå for eit klassisk ekteskapssyn i Dnk. For kvar gong ein har gått eit steg i liberal retning, har det vorte sagt at det er uaktuelt å gå vidare, trass i at mange har påpeika at den indre dynamikken er slik, når ein ser bort frå Bibelens ordlyd.

Denne endringa i samlivssyn har samstundes bore i seg endring i synet på synd. Det ein har akseptert som kristent rett, kan ein ikkje samstundes seia er synd. Seksuelt samliv i dei ulike samlivsformene er med det ikkje synd. Dette inneber at ein nokså generelt har undergrave den bibelske læra om synd. Ein kan ikkje berre visa til bibelord som definerer noko som synd, ein må sjå det i eit større perspektiv, der det til sist vert eins eigne vurderingar som avgjer kva som er synd eller ikkje.

Det som no står for døra, er spørsmålet om fleirkoneri i ulike former. Så langt har det vore lite aktuelt her i landet, men det er nokre som praktiserer det. Det har ikkje vore til nemnande debatt i Kristen-Noreg generelt eller i Dnk spesielt – bortsett frå problematikken rundt dette i ulike misjonssamanhengar. Det har vorte avvist som uaktuelt Dnk. Det er å vera som strutsen som stikk hovudet i sanden, og med det trur han unngår farane rundt seg. I Sverige ligg ein gjerne eit hestehovud framføre utviklinga her på berget, og der er saka til debatt. Innan den svenske kyrkja er det skrive ei utgreiing om saka, og spørsmålet står på den kyrkjelege og teologiske dagsordenen.

Konfrontert med dette seier preses i Dnk at dette ikkje er aktuelt i vår samanheng, og han kan ikkje så føre seg at ein biskop i Dnk vil tilsetja ein prest som lever i fleirkoneri, eller i polamori og polyamorøst, som det gjerne heiter – slik at det skal få eit sterkare skinn av kjærleik enn slik vi tenkjer om fleirkoneri frå Afrika og andre stader. Preses går ikkje ein gong inn i argumentasjonen som vert ført for fleirkoneri, men avviser kort og godt aktualiteten i problemstillinga. Det er toppen av naivitet frå ein kyrkjeleiar.

Heile utviklinga i spørsmålet om samliv viser eintydig at her går ein frå skanse til skanse, og den eine skansen fell etter den andre. Det einaste ein held fast på, er at det skal vera frivillig, og ein legg vinn på truskap. Når det ikkje er bibeltekstane som avgjer saka, kva skulle då hindra at fleirkoneri vert akseptert, og at vi får prestar som lever i slikt samliv? Det er berre eit spørsmål om tid, same kva preses i Dnk seier – om vi ikkje får ei djuptgripande vekking som fører til forplikting på Bibelens ord.

Ei anna side ved dette spørsmålet som har vorte svært aktuelt, særleg i frikyrkjelege samanhengar, er korleis ein skal stilla seg til folk som lever som sambuarar eller i homofile forhold, og som samstundes vedkjenner seg kristen tru. Det spisser seg til i spørsmålet om medlemskap i ei kristen forsamling og det å ha oppgåver i forsamlinga. Som tilhøyrar er alle velkomne på lik line, om det er det ingen debatt. Misjonskirken har fått dette spørsmålet i fanget på ein sterk måte. Det synest nokså klart at det er eit stort fleirtal som vil halda på den klassiske bibelske forståing av samliv og ekteskap, og som forstår alt seksuelt samliv utafor dette ekteskapet si ramme, som synd. Dei hevdar då at folk som lever i homofile forhold, ut frå det ikkje kan vera medlemmer i Misjonskirken.

Mot dette har det kome eit nokså sterkt engasjement frå Bjørn Øyvind Fjeld, som er ein mangeårig sentral leiar i Misjonskirken og som lenge har hatt stor tillit, der han problematiserer å stengja folk ute frå medlemskap ut frå ei bestemt synd. Poenget hans er at alle er syndarar, og den eine synda er ikkje verre enn den andre, og at det er Guds nåde som er einaste grunnvollen for kristenstanden og for medlemskap i den kristne forsamlinga. Dette er jo isolert sett rett, men det er å dra feil konsekvensar av dette å hevda at ein ikkje kan setja kriterier ut frå livet med tanke på medlemskap. Den kristne livsførselen viser nemleg korleis ein tenkjer om synd og nåde. Den som tenkjer kristent rett om dette, slår seg ikkje til ro i synd eller syndige forhold.

Vismannen Salomo gjer denne problemstillinga klar på ein enkel måte, når han med tanke på synd seier: «Den som sannar dei og vender seg frå dei, finn miskunn.» (Ord 28,13). Når ein sannar eller vedkjenner synd på rett bibelsk måte, tek ein samstundes kampen opp mot synda og vender seg frå henne. Alt anna er å bagatellisera synda og med det også redusera nåden.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer

• Mer av