7. oktober – haldningar og antisemittisme

•

•

Dei fleste av oss tenkte vel nokså sjølvsagt at Hamas sin ekstreme terror mot og massakre av jødar i Israel 7. oktober 2023, ville føra til større forståing for Israel og jødane sin situasjon, og til større erkjenning av Hamas som terrororganisasjon og med det større kamp mot Hamas. Det underlege er at det har vorte motsatt. Internasjonalt er Israel i ein vanskelegare situasjon enn på lenge, og i landet vårt er jødane meir utrygge enn dei nokon gong har vore sidan andre verdskrigen. Rett nok framstår Israel som land nokså trygt og sterkt, men det er grunna deira eigen innsats og deira forsvarsevne. Noreg har innteke ein sterk Israel-kritisk og tilsvarande sterk Palestina-vennleg posisjon.

Professor Torkel Brekke har gått inn i denne situasjonen og skrive ei lita, men svært viktig, opplysande og innsiktsfull bok. Han viser kva som skjedde 7. oktober, men han er mest oppteken med verknaden av dette i ettertid, ikkje minst for dei norske jødane – som er ein svært liten minoritet i landet vårt. Han ser det som har skjedd, gjennom fire ulike «rammefortellinger», der særleg den eine får stor vekt som forklaringsmodell. Brekke står nok annleis plassert enn eg gjer både politisk og kristent sett med tanke på Israel og jødefolket, men det betyr lite i denne samanhengen. Det er i stor grad reaksjonar i Noreg som Brekke tek føre seg, men med nokre internasjonale utblikk. Han skriv altså ut frå professorkompetanse på området, og han har tidlegare skrive om antisemittisme på den politiske venstresida.

«Vi har en krise i Norge.» Slik startar bok, men krisa er usynleg om ein ikkje sjølv er jøde eller har jødar tett på seg, og krisa er denne»: «Mange jøder føler seg truet hver dag. De isoleres og utestenges på skoler, på arbeidsplasser og i nærmiljøet. De må ha væpnet politi for å gå i synagogen og for å beskytte barna sine i den jødiske barnehagen. Den reelle trusselen om vold mot jøder kommer riktignok fra små miljøer med ekstremister. Den mer diffuse trusselen om fordømmelse og stigmatisering finner vi midt i norsk kultur og politikk.»

Den mest rådande «fortellingen» eller «forståelsesrammen» er det Brekke kallar «Kolonialismefortellingen». Denne går enkelt sagt ut på at Israel er kolonimakt over palestinarane, altså at Israel eller jødane er undertrykkarar, medan Gaza/Vestbredden eller palestinarane er undertrykte. I ei slik fortelling vil jødane nesten alltid koma dårleg ut, medan palestinarane neste alltid kjem godt ut. Ein har langt større forståing for den som er undertrykt enn for undertrykkaren, og ein kritiserer langt lettare og sterkare undertrykkaren enn den undertrykte. Israel har reelt sett ingen legitim plass ut frå denne måten å tenkja på. Det er palestinarane som har «retten».

Dette dokumenterer Brekke på mange og tydelege måtar, og innleiingsvis presenterer han dette slik: «Slike tall og tendenser er, slik jeg tolker det, uttrykk for det at norsk politisk kultur er dominert av en bestemt fortelling om konflikten mellom Israel og palestinerne som forenkler det hele til en historie i svart-hvit, en kamp mellom absolutt ondskap inkarnert i Israel og en absolutt uskyld på palestinsk side. Denne fortellingen er tolkningsrammen som alle hendelser i konflikten plasseres inn i.» Han påpeikar at dette gjeld rapportering, analyse og retorikk i media, fagforeiningar, humanitære organisasjonar, universitet og i politikken – sterkast på venstresida.

Brekke går også gjennom korleis sentrale muslimske leiarar framstiller konflikten generelt og det som skjedde 7. oktober spesielt. Det er gjennomgåande ei bagatellisering eller ei fornekting av brutaliteten frå Hamas, og eit forsvar eller forståing for deira handlingar. Like fullt har desse leiarane full tilgang til politiske miljø og dei vert viste tillit i dialogsamanheng. Det heile er svært avslørande og skræmande. Brekke samanliknar nokre gonger med terroren i Noreg 22. juli 2011, og påpeikar at ein tilsvarande tankegang og argumentasjon i den samanhengen som ved 7. oktober, ville aldri vorte akseptert. Den ville vorte fordømt.

Brekke går nokså sterkt inn på sjølve valden som vart brukt 7. oktober, særleg den seksualiserte valden. Det siste har mange nekta for, ikkje minst på islamsk hald, sjølv om terroristane dokumenterte det heile ved videoopptak. Det er trass i dette generelt nedtont eller problematisert, sjølv om det er veldig viktig for å forstå sjølve handlinga og hatet mot jødane.

Det vil føra for langt her å gå detaljert inn på det Brekke dokumenterer og analyserer. Det vil også føra for langt å gå gjennom det han skriva om dei andre tre «rammefortellingene», der kanskje «Krig mot terror-fortellingen» er den viktigaste. Det er stor grunn til å takka professor Torkel Brekke for det arbeidet han her har gjort, og for den innsikta han med det deler med oss. Det er berre å kjøpa og lesa «Flodbølgen. 7. oktober-massakren og jødene i Norge».

Israel fortener at vi engasjerer oss i denne saka – og dei norske jødane fortener det. Dessutan bør vi gjera det med tanke på vår eigen kristne integritet og vårt kristne ansvar overfor jødane og Israel.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer

• Mer av