Den allmektige Gud og Ukraina

•

•

,

I sist Ettertanke skreiv eg om rettferdig fred i Ukraina. Det er det nok svært mange som ønskjer, og mange kristne bed om det. Då reiser det seg lett spørsmål om kvifor det ikkje skjer. Gud er jo allmektig og kan ordna alle ting. Eller spørsmålet kan formulerast slik: Kvifor grip ikkje Gud inn og stoppar Putin i å kriga i Ukrania? Gud er jo historia sin herre og kongars konge. Kvifor brukar ikkje Gud denne makta til å avsetja Putin og få inn ei styresmakt i Russland som avsluttar krigen og trekkjer seg ut av Ukraina?

Eg er ikkje noko orakel, så eg kan ikkje svara på dette, men eg skal gje eit kort svar på kvifor eg – og heller ingen andre – kan svara på slike spørsmål. Svaret går eit hakk djupare enn berre å seia at vi «ikkje forstår» det, som det er lett å konkludera med. Det har med openberring å gjera.

Det er slik at det vi kjenner om Gud, hans frelse og hans vilje, har vi fått som openberring, og denne har vi i Bibelen. Openberring er kunnskap vi har fått frå himmelen, frå Guds hjarta. Sjølv om vi har fått all den openberringa vi treng for å verta frelste og leva med Gud og tena han, er det  mykje Gud ikkje har openberra. Det er kunnskap Gud har for seg sjølv i himmelen. Det gjeld personlege spørsmål som kvifor nokre vert ramma av sjukdom, medan andre får vera friske, og kvifor nokre må døy tidleg og gjerne frå barn, medan andre får leva lenge. Slike forhold forstår vi eigentleg ikkje, og må overlata både spørsmåla og oss sjølve i Guds hand og visdom. Der vil vi allid vera trygge, uavhengig av kva vi forstår og ikkje forstår.

Spørsmåla vi reiste i starten av denne artikkelen, er også i kategorien for kva Gud ikkje har openberra, og då i globalt perspektiv. Vi har altså ikkje føresetnader til å trengja inn i Guds hjarta og tanke der vi ikkje har fått openberring. Då må vi avstå frå spekulering, og la det heile liggja i Guds hand – i tillit til han.

Vi talar i denne samanhengen om Guds skjulte råd, og den skjulte Gud. Poenget er at vi kan ha like stor tillit til den skjulte Gud, som til den openberra Gud. Gud har openberra seg, altså vist kven han er, på Golgata, og då veit vi at han vil oss berre godt – i stort som i smått. Golgata-verket er det ultimate uttrykket for omsorg og kjærleik. At vi ikkje forstår alt, rokkar ikkje ved dette. Gud er alltid og i alt den same. Hovudsaka for oss er ikkje å forstå alt, men i alt å eiga tillit til Gud og med det få kvila med alle ting hjå han. Det er særleg utfordrande når det gjeld den skjulte Gud og Guds skjulte råd. Den einaste måten vi kan få slik tillit på, er å sjå på den openberra Gud – sjå til Golgata og forsoningsverket.

Det eg her skriv om forholdet mellom den openberra Gud og den skjulte Gud, kjem særleg til uttrykk i 5. Mos 29,29. Der heiter det at det løynde eller skjulte høyrer Herren til, og det openberra er for oss. Dette ser vi tydeleg i Job sin situasjon. Han gjekk sterkt inn på Gud og ville ha greie på kvifor han måtte lida. Det svarte ikkje Gud på, men Gud viste til si store skapargjerning, og med det sa han til Job at eg (Gud) har kontrollen på alt, så du kan kvila hjå meg både med det du forstår (det som er openberra) og det som du ikkje forstår (det som ikkje er openberra). Slik er det også for oss, anten det er ting i det personlege livet eller det gjeld globale forhold.

Som kongars konge og historia sin herre kan Gud gripa inn også med tanke på land og folk, og med tanke på krig og fred. Dette ser vi eksempel på i Daniels bok, og vi ser det ved avslutninga av tida i Johannes openberring. Det heiter også at han kan bøya kongars hjarte som han bøyer bekkjer. Om, når og korleis Gud grip inn, er opp til han, og vi har ikkje svar på kvifor han gjer det eller kvifor han ikkje gjer det – bortsett frå at Gud er allvis, og alltid handlar rett.

For meg personleg har denne tanken om Guds skjulte råd og den skjulte Gud vorte til stor hjelp og trøyst. Då treng eg ikkje kava meg opp med at eg må forstå alt, men eg kan la det heile liggja i Guds hand og ha tillit til at han veit kva han steller med, og at han i det store perspektivet handlar ut frå slik han ser det best. Det har han lært meg i sitt frelsesverk på Golgata.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer av