Så langt eg kan forstå, ønskjer alle fred i Ukraina – men på svært ulike premissar. Det store spørsmålet er korleis ein kan oppnå ein rettferdig fred, og då også trygg og varig fred. Frå ei side sett er svaret på det spørsmålet svært enkelt: Russland avsluttar krigen og trekkjer seg tilbake til eige land, slik at Ukrainas grenser vert som før krigen. Ideelt sett må det også gjelda for Krim. I praksis er det likevel ikkje så enkelt, fordi krigen har etablert det som vert kalla «fakta på bakken», og Russland har bestemte intensjonar med krigen.
For tida pågår det nokså intense samtalar om situasjonen i Ukraina, og Noreg har plutseleg fått ein sentral rolle. Det vert ofte sagt at krigen må få si løysing gjennom diplomati og politikk. Det er ei sanning med visse modifikasjonar. Nokre gonger må ein krig avsluttast ved at den eine parten vinn og den andre taper eller gir opp. Slik var det ved siste verdskrigen. Nazi-Tyskland vart då nedkjempa av dei allierte. Freden kom ikkje ved fredsforhandlingar med Hitler, men ved militær siger. Dei allierte dikterte fredsslutninga.
I ein krigssituasjon kan det vera freistande å inngå avtalar som på kort sikt sparer liv og frir ein frå krigssituasjonen. Under andre verdskrigen var det eit aktuelt spørsmål her i landet. Regjeringa drog i den retninga, men «Kongens nei» blokkerte den vegen. Dei store kvalane for Kong Haakon var at ved å seia ja til tyskarane sine krav, ville han spara mange liv ut frå den pågåande krigen. I det lange perspektivet ville ein oppnå meir for folk og land ved å seia nei. I ettertid står «Kongens nei» som eit stort lyspunkt i norsk historie, men det var ikkje sjølvsagt at det ville verta slik i det Kongen handla som han gjorde. Vi er Kong Haakon stor takk skuldig.
Nokre gonger er det klokt å prøva sine prinsipp på konkrete situasjonar. Står dei seg ikkje i praksis, er prinsippa berre luftig teori. Det må vera etisk konsistens mellom prinsipp og praksis.
Eg har ei personleg erfaring frå dette. Då eg tidleg på 1970-talet vart innkalla til militæret, var det ein god del som sa seg å vera pasifistar og hadde sivilteneste i staden for militærteneste. Eg tenkte også sterkt i dei banane, og var sikker på at mine foreldre ville respektera det, sjølv om dei ikkje ville lika det. No var det slik at min far var aktiv i motstandsrørsla under siste verdskrigen, og han enda i tysk fangenskap på Grini den siste krigsvinteren. Det hadde eg alltid vore stolt av, og eg spurte meg sjølv: Kva ville du gjort om du var i far si stad? Og svaret var: Då ville eg gjort nett som han! Det betydde at eg ikkje var pasifist, og med det gjekk eg i militærteneste. Seinare har eg vorte stadig meir overtydd om at militært forsvar er i samsvar med Guds vilje for styresmakta. Det heng saman med syndefallet og menneskeverdet.
Tilsvarande prøving av vår tenking og våre prinsipp bør vi gjera med tanke på krigen i Ukraina. Dersom vi meiner Kongen, og etter han Regjeringa, Stortinget og folket, gjorde rett i aprildagane i 1940 og gjennom krigen fram til frigjeringa og freden i 1945, må vi tenkja likt om korleis Ukraina må handla etter å ha vorte urettmessig angripe av Russland, som Noreg vart det av Tyskland. Då må vi tilsvarande også støtta Ukraina på brei front for sin kamp for fridom og fred. Dette er i samsvar med kristen tenking om rettferdig krig. Slik krig må føra fram til rettferdig fred, og det inneber eit fritt og trygt Ukraina innan landets rettmessige grenser.
Det at Noreg – saman med dei allierte – handla rett under andre verdskrigen, betyr ikkje at Noreg eller dei andre landa hadde gjort alt rett før krigsutbrot, eller at ein gjorde alt rett i heile krigføringa. Det er mykje som kan kritiserast når det gjeld situasjonen i Noreg og Europa generelt før 1940, og dei allierte og den norske motstandsrørsla gjorde nok også feil under krigen. Det kan ikkje brukast til forsvar for Nazi-Tyskland og deira handlemåte. Det at det var mykje som burde vore annleis i Ukraina før Russland angreip, og det at heller ikkje Vesten og Nato takla alt rett i perioden før angrepet, kan ikkje brukast til å «forstå» eller forsvara Russlands handlemåte og angrepskrig. Saka er at Russland har angripe eit fritt og sjølvstendig naboland og fører ein urettferdig krig. Utan at det vert erkjent og gjort slutt på, vert det ingen rettferdig fred. Kan det skje ved diplomati og politikk, er det bra. Dersom ikkje, må det skje ved at Ukraina får hjelp til å vinna krigen, altså få tilbake tapt land og få sikre grenser, slik det måtte skje ved den andre verdskrigen.
Johannes Kleppa

