Nok ein gong kjem Israel dårleg ut

•

•

Rett som det er når eg skal skriva Ettertanke for Misjon Sarepta, tenkjer eg: Du kan ikkje skriva om Israel enda ein gong. Det har du gjort så mange gonger, og det er stort sett det same du skriv, berre med eit nytt aktuelt utgangspunkt. Etter litt att og fram, endar det ofte med at eg skriv likevel, fordi omsorga for og vernet om Israel og jødane må kontinuerleg haldast oppe. For kvar gong det jødiske folket vert angripe, må vi difor reisa eit forsvar, og difor vart det enda ein gong ein epistel om Israel og jødane.

Frå ei side sett treng ikkje Israel som land og folk mitt eller andre menneske sitt forsvar, fordi Gud vil ta seg av sitt land og folk. Det har han lova frå han valde israelfolket ut ved Abraham, og med det starta både frelseshistoria og Israel si historie. Gud har på mange måtar og mange gonger vist at han står ved og oppfyller sine lovnader. Det er det som gjer at jødefolket og Israel som nasjon i det heile eksisterer. Av denne grunn vil landet og folket heller aldri gå til grunne. Jødefolket vil ha sin posisjon og si oppgåve så lenge denne jorda eksisterer.

Sjølv om Gud vil ta seg av sitt gamle paktsfolk, treng dette folket like fullt vår støtte, fordi dei er eit land og folk på jorda som alle oss andre, med alt som ligg i det. Samstundes er dei eit spesielt og utvald folk i Gud og frelsa si teneste, og difor er dei under konstant angrep frå djevelen. Det er det einaste som kan forklara antisemittismen og all kritikk av og motstand mot Israel som land og nasjon. Det presset som Israel konstant er under, og som gjer at jødefolket også kjem under press, har inga fornuftig eller rasjonell forklaring. Det må forklarast på åndeleg vis. Det dreier seg om noko demonisk. Det ser og forstår nok ikkje folk flest, heller ikkje dei som stadig anklagar og kritiserer Israel, og då på ein heilt annan måte og med heilt andre proporsjonar enn det som gjeld andre land og folk. Det er likevel ein realitet, og det må vi som Guds folk ta på alvor, og med det må vi stå på Israel og jødefolket si side i deira kamp for å overleva. Det er to grunnar for at eg skriv dette nett no.

Det eine er tildelinga av Nobels fredspris. Eg har ingen annan kjennskap til den 85 år gamle vinnaren enn det som har kome fram i samband med tildelinga. Då har mykje av fokuset vore på at ho har kjempa for folkeretten, og ut frå det anklaga Israel for folkemord. Det siste har ho gjort i seinare tid, og med det er det noko av det mest aktuelle knytt til hennar person og engasjement. Eg har faktisk trudd at Nobelkomiteen hadde ei så brei og seriøs samansetjing at det ikkje ville vera gjennomslag for tildeling av fredsprisen til institusjonar eller personar som svært tydeleg hadde profilert seg med anklage mot Israel om folkemord. Der tok eg feil. Ein pris der dette er eit sentralt og aktuelt element, vil verka motsett av å fremja fred, i alle fall i Midtausten. Det er å hella bensin på bålet for alle som kjempar mot Israel og helst ser at landet opphøyrer å eksistera. Det vil naturleg føra til at Israel må kjempa enda meir, både politisk og militært, slik at krigsnivået vert heva. Det er ufatteleg at Nobelkomiteen ikkje ser det.

Det andre er utviklinga i Tyskland. Dette landet har som kjent ei svært negativ historie med tanke på jødefolket, der Hitler og nazismen er toppunktet i jødeforfylging. Etter siste verdskrigen har styresmakta i Tyskland difor gjort nokså mykje for å bøta på dette, og syta for at det ikkje skjer igjen. Dei har med det ei strengare lovgjeving på området enn land flest. No har like fullt parti og personar som har eit frynset forhold både til nazismen og antisemittismen kraftig vind i segla og kan få politisk makt. Dette er vanskeleg å forstå, men det er likevel eit alvorleg faktum. Så langt eg har registrert, er det folk i maktposisjonar som har nekta å skriva under på ei erklæring mot antisemittismen, og det ei erklæring av internasjonal standard. Då fremjar ein i realiteten antisemittismen framfor å reisa vern rundt jødefolket. Det skjer altså i Holocaust sin arnestad.

Det er altså stor grunn til å tala jødefolket – ikkje minst dei norske jødane – og Israel si sak, og slik sett vera med og setja vern rundt land og folk. Sidan dette dreier seg om ei åndeleg sak av demonisk karakter og med det er åndskamp, er ei kontinuerleg bønneteneste for Israel som land og folk, av avgjerande karakter.

Johannes Kleppa, Bergen

Vil du lese mer?

• Mer

• Mer av