Malarkurs – kunst og Kristus

•

•

,

På Centro Sarepta skjer det mangt og mykje, og her møtest folk frå ulike samanhengar og i alle aldrar. Det berande i alt er bibelundervinsing. Denne veka har det vore malarkurs, og komande veke er det fjellturleir. Leirane er lagt opp med bibeltime på føremiddagen og møte om kvelden, og med aktivitetar gjennom dagen. Gjestene er med på det dei vil.

Under malarkurset har det vore fullt på huset, men det er berre ei avgrensa gruppe som har delteke direkte på kurset, som kunstnaren Ruth K. Dalen har hatt. Vi som ikkje har vore med på sjølve kurset, har likevel fått del i hennar liv og kunst, samstundes som vi har fått sett litt av det dei nye «kunstnarane» har prestert. Det siste har jo vore imponerande!

Det er viktig det som skjer av ulike typar aktivitet på senteret, anten det er fjellturar, sykkelturar, malarkurs eller anna. Folk skal få bruka både kroppen og evnene sine, og dei skal få rekreasjon. Det viktigast er like fullt bibelundervisninga, det kristne fellesskapet og den åndelege samtalen. På eit malarkurs skal det malast både bilete på lerret og det skal malast bilete av Kristus for folk sitt åndelege auga. Det skjer ved ord og via øyra.

Under eit malarkurs kan det lett spelast på det å mala Kristus for våre augo. Det har Johnn Hardang gjort ut frå tema «Send dem på malerkurs». Han er kjent for mange gjennom eit langt liv som forkynnar og bibellærar, og i det siste særleg gjennom Bedehuskanalen. Han gav nokre glimt frå viktige bilete frå kyrkjekunsten og anna kunst med kristne motiv, men mest gav han bilete frå Guds ord og Guds frelsargjerning. Underteikna hadde tema frå Ord 8, om at visdommen – som er Jesus – var hjå Gud som kunstnar frå før grunnvollen for verda vart lagt.

På kurset var det også eit par karar som framfor å driva med kunst, ville gjera praktisk arbeid, slik at vi fekk gjort noko bygningsarbeid – også det er viktig å få gjort!

Det var første gong med malarkurs, og erfaringa var så god at ein straks bestemte at det skal vera nytt i veke 42 neste år, med same kunstlærar og (truleg) same bibeltimenhaldar, og det verkar også at det vert mange av dei same deltakarane, men det vil nok vera plass til nye folk også. Dessutan treng ein altså ikkje vera med på kunstmaling, om ein vil vera på Centro Sarepta den veka. Den kombinasjonen ein har på senteret med ulike opplegg der bibelundervisninga er det gjennomgåande, er veldig bra. Mange gjev svært gode tilbakemeldingar på det.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer av