Det er reist forslag i landet vårt om å innføra rett til å avslutta livet sitt. Den tenkinga som ligg til grunn for det, er eit ektefødt barn av abortlova. Det dreier seg i begge tilfell om drap, men det vert omtalt med ord og uttrykk som omskriv det heile til noko positivt. Både dødshjelp og fri abort bryt med Guds rett, altså den retten Gud har som livgjevar og oppretthaldar av livet, og med det den retten han har til å avslutta livet.
Både aktiv dødshjelp og fri abort er prinsipielt galt i utgangspunktet, og med det uavhengig av omfang og form. Samstundes viser det seg at det ein innfører i avgrensa form og ut frå bestemte kriterier, stadig utviklar seg og etter kvart vert utan grenser. Det vert fritt drap.
Som fosterdrap vert omskrive med framandordet abort, eller ved fosterreduksjon, familieplanlegging og andre uttrykk, skjer det same med drap som avslutning av livet. Det ser vi også på andre området der ein opplever det som brutalt å seia direkte kva det gjeld. I krig snakkar ein gjerne om å «ta ut» visse personar, når ein meiner å drepa dei. Endatil når det gjeld dyr snakkar vi slik. Dersom ein ulv skal skytast og drepast, vert det gjerne sagt at ulven skal «tas ut». Det heile skal gis ei human form med ein human språkbruk – ein språkbruk som nedtonar og delvis skjuler kva som skjer.
Ordet dødshjelp er i seg sjølv ei omskriving som skjønnmalar kva som skjer. Det har endatil vorte brukt det sjølvmotseiande uttrykket «barmhjertighetsdrap». Ofte vert det snakka om hjelp til å avslutta livet. Det kan dreia seg om legeassistert sjølvmord eller at legen utfører det på eiga hand. Anten legen gjer det eller ein gjer det ved hjelp av legen, er og vert det drap eller mord. Det er ikkje livet som ebbar ut av seg sjølv, men at ein aktivt og planlagt avsluttar livet. Det er mord eller drap.
Det å bryta med Guds gode vilje er alltid negativt, både på det individuelle planet, for familien og for samfunnet. Det skaper kulde og utryggleik. Det ser vi svært tydeleg ved fri abort. Her er det kort og godt eit ufødd menneske som mister livet, altså vert drept. Den slags handlingar må skapa kulde, frykt, sår, anger og dårleg samvit. Det er mange som kan vitna om det, sjølv om den åndelege kulden i samfunnet legg ein dempar på slike reaksjonar.
Når det gjeld aktiv dødshjelp, vert dette enda tydelegare med tanke på erfaringa av situasjonen. Barnet i mors mage vert teke av dage utan at det veit om det på førehand eller kan tenkja gjennom kva som skjer. Ved dødshjelp må den det gjeld, tenkja gjennom situasjonen og førehalda seg til det som skjer. Som oftast vil det ikkje vera ut frå uuthaldelege smerter, men ut frå livssituasjonen meir generelt.
Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg situasjonar der vedkomande kjenner seg pressa til ei slik handling. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå føre seg situasjonar der pårørande vert pressa inn i ein slik situasjon ved at den det gjeld, vil avslutta livet mot dei næraste sin vilje. Det heile skjer fordi ein har sett seg over Guds rett til livet, og der det skjer, påfører ein smerte på mange måtar. Det som vil vera i samsvar med Guds god skaparvilje, menneskeverd og livsrett, er å gjera maksimalt for at livsavslutninga skal verta så god om mogleg utan at liv vert teke. Her er også legevitskap og smertestilling kome svært langt.
Det er lett å argumentera mot aktiv dødshjelp på allmenne premisser, og det bør vi gjera i stor grad. Erfaringane frå land som har innført dette, er ikkje gode. Dei er tvert imot skræmande med tanke på utviklinga i samfunnet. Folk, særleg gamle og sjuke, vert fråtekne menneskeverd og livsrett. Det er i strid med det som er samfunnet og lovgjevinga si oppgåve. Oppgåva er å verna om menneskeverdet og livsretten. Dette bør alle, og særleg bibelforplikta kristne, leggja avgjerande vekt på når ein skal velja sin røystesettel ved stortingsval.
Det som kristent sett er enda viktigare, er å argumentera mot aktiv dødshjelp, eller kva namn ein måtte setja på det, ut frå Gud og Guds rett. Då Gud hadde skapt alt, sa han at det var berre godt. Det at noko er godt, vil seia at det er i samsvar med Gud og hans vesen. Gud er god, og med det er også hans vilje god – både for einskildpersonar, familiar og samfunn. Det mest grunnlegg med Guds gode vilje i denne samanhengen er Guds rett til og over livet, og med det også over døden. Vi skal difor ikkje lovregulera døden, men la døden og livet liggja i Guds hand. Der ligg det trygt, alt anna skaper problem og liding.
Johannes Kleppa

