Kyrkjeleg tåkeprat

•

•

På Bedehuskanalen er det eit interessant program som heiter På tvers. Her intervjuar Bjarte Ystebø folk som er meir eller mindre «på tvers» av det han sjølv og Bedehuskanalen står for. Det er ofte interessant og lærerikt å møta folk som står for noko anna enn ein sjølv, og høyra deira analyser, vurderingar og argumentasjon. Til tider kan det vera reint fascinerande, slik det var med Harald Stanghelle i eit program for litt sidan.

Det siste programmet eg såg, var med Harald Heggstad. Han er professor i systematikk ved MF vitenskapelige høyskole (MF) og leiar i Kyrkjerådet, som er det øverste organet i Den norske kyrkja (Dnk). Det var primært som det siste han deltok i dette programmet. Det var ei deprimerande og nesten skræmande oppleving å fylgja dette programmet og den teologiske tenking kyrkjerådsleiaren framførte, eller helst mangel på slik. Det aller meste var reint tåkeprat, og i staden for å framstå som åndeleg leiar, framstod kyrkjerådsleiaren som tåkefyrste. I staden for opplysning og rettleiing var det forvirring og villeiing.

Heggstad har bakgrunn frå ein kristen heim der ein kombinerte kyrkjegang med å vera aktiv i eit bedehus eller ei forsamling tilknytta Misjonssambandet. Seinare var det Laget som var den viktigaste kristne arenaen. Alt dette framstilt han som positive erfaringar og minne. Det var med denne bakgrunn sjølvsagt for han å studera ved MF, når det vart teologisk studium. Det var også her han fekk sin akademiske løpebane som enda med at han vart teologisk professor. Den første tida framstod han som rimeleg teologisk konservativ, men det endra seg radikalt etter kvart som han steig inn på den kyrkjelege arenaen og fekk sentrale kyrkjelege verv. Det fell saman med den liberale utviklinga i kyrkja generelt og ved MF spesielt.

Det er nesten ufatteleg at ein professor i systematisk teologi ikkje er i stand til å svara tydeleg på teologiske spørsmål, anten det er av dogmatisk eller etisk karakter. Det same gjeld for korleis ein tenkjer om kyrkja si oppgåve og sin profil generelt. Dette er nokså avslørande, ikkje berre for Heggstad, men for MF og Dnk. Det heile flyt åndeleg og teologisk sett på nesten alle område og på brei front. Det er nok ingen på MF, blant biskopane og knapt i kyrkjeleiinga generelt som er i stand til eller villig å ta eit oppgjer med kyrkjeleiaren sitt teologiske tåkeprat, for ikkje å seia føra teologisk oppklarande og tydeleg tale. Måten kyrkjeleiaren og professoren opptrådte på og argumenterte på er diverre typisk og symptomatisk for situasjonen i Dnk og ved MF. Det er null åndeleg rettleiing. Det heile fører inn i den teologiske tåkeheimen.

Då Heggstad skulle forklara si utvikling frå rimeleg konservativ til typisk liberal i spørsmålet homofilt samliv og «likekjønna ekteskap», la han vinn på at han ikkje var åleine om ei slik utviklinga. Han plasserte seg med det i ei generell teologisk utvikling. Han viste også til korleis kyrkja og MF hadde endra haldning på andre område, slik som i spørsmålet om kvinnelege prestar. Det er jo ei form for åndeleg ansvarsfråskriving, men det er samstundes talande for situasjonen. Han viste ellers, som alle andre som har endra standpunkt, til kontakten med homofile og deira situasjon. Altså at den teologiske snuoperasjonen primært er av erfaringsmessig karakter, ikkje bibelteologisk. Rett nok viste han også til ei ny forståing av dei aktuelle bibeltekstane, som han før berre hadde hatt eit teoretisk forhold til.

Heggstad oppfatta no dei aktuelle tekstane som at dei ikkje handla om trufast homofilt samliv, men om eit utflytande samliv av denne typen – og der det siste er galt og ramma av bibeltekstane. Då vert det heile parallelt med heterofilt samliv. Ein professor i teologi må vita at det ikkje er grunnlag i sjølv bibeltekstane til å lesa dei slik. Det er ei innlesing ut frå den aktuelle situasjonen når det gjeld homoseksualitet i Romerriket på Paulus si tid. Tekstane har ikkje ei slik avgrensing, og det svarar heller ikkje til at mennesket er skapt i Guds bilete som mann og kvinne, og at Gud sameina dei i ekteskapet som nettopp det.

Kyrkjerådsleiaren viste også til at dei aktuelle utsegna om homofilt samliv stod i tekstar som rekna opp fleire synder, men det snudde han på hovudet. Det må jo bety at dei skal tolkast etter sin ordlyd, tilsvarande det som er sagt om andre synder. Det er ingen som vil finna på å tolka det som er sagt om å vera avgudsdyrkar, tjuv, vinnesjuk, baktalar eller røvar, på avgrensande måtar.  Det gjeld generelt og absolutt, ikkje berre visse former for avgudsdyrking, tjuveri, baktaling eller røveri.

Tåkepratet nådde eigne høgder i spørsmålet om frelse og fortaping. Heggstad heldt fast på at mennesket skal svara for Gud på dommens dag, men kva det inneber, kom heilt bort i skoddeheimen. Sjølv om ein held fast på Jesu død og oppstode, vert meininga med frelsesverket også uklart, når spørsmålet om æva vert utflytande. Det er rett at det som gjeld fortapinga, i stor grad vert skildra ved bilete og symbol, men poenget er at det er uttrykk for realitetar, og då av uhyggeleg karakter.

Kyrkjerådsleiaren er faktisk forplikta på den lutherske vedkjenninga som seier at synda fører med seg «den evige døden» eller «å være under Guds evige vrede» for dei som ikkje vert atterfødde ved trua på Jesus Kristus – og her er dåpen sentral etter luthersk lære, men også kva dåpen inneber, forsvant i tåkeprat. Vedkjenninga seier faktisk at dei ugudelege menneska skal «pinast utan ende», og fordømmer dei som fornektar det (CA 2 og 17). Teologiprofessoren og kyrkjeleiaren bør halda seg til vedkjenninga, fordi ein trur denne er i samsvar med Guds ord.

Mykje meir kunne vore skrive om kyrkjerådsleiaren sitt tåkeprat, og den forføringa som ligg i det. Det som gjer dette ekstra alvorleg, er at det ikkje berre er uttrykk for ein manns tale, men det avspeglar den teologiske og åndelege situasjonen i store delar av fagteologien og i Den norske kyrkja.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer

• Mer av