Det var veldig mange som fylgde gravferda til kong Harald, og etter mi vurdering var det ei fin gravferd, også åndeleg vurdert. Det har eg skrive om før, og eg skal ikkje ta det oppatt her. Det er likevel nokre moment som det kan vera grunn til å dvela ved, sjølv om det kan vera vanskeleg når det er tett på ei gravferd med sterkt mediefokus. Det er nokre prinsipielle sider som er poenget mitt her.
Det første gjeld gravferdsliturgien. Det finst ikkje ein utforma liturgi for gravferd i Skrifta. Denne må utarbeidast etter beste åndelege skjønn, og då med utgangspunkt i døden og frelsa. Sidan det ikkje er ein fasttømra liturgi i Skrifta, og heller ikkje i vedkjenningsskriftene, er det naturleg at gravferdsliturgien har vorte endra med ujamne mellomrom opp gjennom åra. Det kan ikkje seiast at det er bestemte bibelvers som skal, må eller bør lesast i ei gravferd. Rett nok er det nokre skriftord som fell nokså naturleg inn ved gravferd, særleg skriftord om håp ved Jesu og hans frelsesverk.
Liturgien ved gravferd i Den norske kyrkja er fastlagt på ein forpliktande måte. Det inneber at dei bibelorda og dei bønnene som inngår i liturgien, skal vera med. Preika står den som forrettar gravferd, fritt til å utforma. Skal det gjerast endringar, tilpassingar eller justeringar i liturgien, må det godkjennast av biskopen. Det var difor nokså påfallande at det vart gjort endring i gravferda til kong Harald. Det var ikkje endring for å tilpassa det ei kongeleg gravferd, men kort og godt fordi ein ikkje ville ha med Joh 3,16. Sidan det var to biskopar som forretta gravferda, hadde dei høve til det, men det at dei gjorde det nettopp i ei så «offisiell» gravferd, viser at dette var viktig for dei.
Det at det vart gjort endring, er ikkje det store problemet. Det som gjer endringa svært urovekkande, er den grunngjevinga vi har fått. Dei forrettande biskopande opplever kort og godt Joh 3,16 som eit problem. Dei kan ikkje stå inne for det som der er sagt om trua og fortapinga, særleg når dette har gravferd som kontekst. Dei vil difor har «den vesle bibelen» bort frå gravferdsliturgien. Det som gjennom alle tider har vore eit kjært og berande skriftord, vert no gjort til eit problem.
No er det slik at det er berre ca 20 år dette bibelverset har vore fast lesnad i gravferd. Frå den sida sett har ikkje Joh 3,16 nokon sterk posisjon i samband med gravferd. Når ein av teologiske grunnar vil ha eit så sentralt bibelvers bort, er det like fullt eit sterkt vitnemål om kva bibeloppløysande teologi som råder blant biskopane. Etter mitt åndeleg skjønn kan det knapt tenkjast noko bibelord som er ei betre innleiing til gravferd. Her vert både livets alvor, Jesu veldige frelse og trua som ein får del i denne ved, sterkt og tydeleg framheva, utan at dette er adressert spesifikt på den døde, men er ein bodskap til dei som er i gravferda.
No var det slik at det var to klart teologisk liberale biskopar som forretta gravferda til kong Harald. Sidan liturgien i prinsippet ligg fast, skal ikkje det ha innverknad på bibeltekstar og bønner, og i liten grad på salmar. Derimot vil preika vera på basis av liberal teologi. Det prega til ei viss grad også preika til preses. Det gjaldt særleg at han utelet truselementet både i Joh 3,16 og generelt, og at han ikkje utfalda forsoningsverket. Det enda like fullt opp i Guds kjærleik i Kristus, og at dette er uttrykk for Guds nåde. Eg oppfatta det difor slik at det var til frelse om ein tok mot bodskapen i tru.
Det er slik at evangeliet kan lyda til frelse, sjølv om det ikkje er fokus på trua. Det er sjølve evangeliet som skaper tru, ikkje forkynning om tru. Det vert fortalt om ein bibeltru og lært prest og ein radikal emissær som skulle tala på same møtet. Emissæren spurt så kva presten skulle tala om. «Jeg har tenkt å tale om troen», var svaret. Då kom det kontant frå emissæren: «Tal om Kristus du, så kjem trua!» Det er eit viktig moment, men det må samstundes klargjerast at det er nettopp ved trua ein får del i frelsa. Utan tru på Jesus og hans frelseverk, går ein fortapt – trass i at frelsa er for alle. Det er avgjerande viktig at dette vert gjort tydeleg, slik at ingen vert forført til å tenkja at det går bra uansett.
Det at vi har teologisk liberale prestar og biskopar, er både tragisk og åndeleg svært skadeleg. Generelt bør vi ikkje gå og høyra slike forkynna Guds ord. I gravferd kjem vi likevel ikkje utanom dette, fordi der går vi av omsyn til den døde og familien til denne. Det er uttrykk for respekt og omtanke, og då må vi til tider svelja den kamelen det er å lytta til ein liberal prest eller biskop. Då får vi trøysta oss til at verkekrafta i Guds ord er ikkje avhengig av den som ber det fram. Evangeliet er verkekraftig og skapande i seg sjølv. Det er eit nådemiddel. Hadde det ikkje vore slik, kunne vi aldri vore sikre på Ordets verkekraft og nådemiddelkarakter, fordi vi ikkje kjenner hjarta til den som ber det fram. Dette vart avklart i ein teologisk strid heilt tilbake til oldkyrkja. Når Skrifta vert lesen, bibelske bønner vert bedne, velsigninga vert lyst og preika formidlar Guds ord, er det verkekraftig uavhengig av emissær, prest eller forrettar i gravferd. Det får vera vår trøyst, sjølv om vi med det ikkje går god for folk som står for liberal teologi.
Johannes Kleppa

