Refleksjonar etter Kong Haralds gravferd

•

•

Kong Harald si gravferd var på mange måtar spesiell. Det var mykje seremonielt og mange prominente gjester. Slik må det vera når eit statsoverhovud går bort, og det skjer eit tronskifte i landet – og mannen også er svært høgt respektert. Samstundes var gravferda på mange måtar som ei kvar gravferd i regi av Den norske kyrkja (Dnk). Liturgien, salmane, bibeltekstane og langt på veg forkynninga er lik uavhengig av stand og stilling. Slik sett kunne det høva at Alf Prøysen si vise om «kong Salomo og Jørgen hattemaker» vart sungen. Det er ei vise som inneheld ein god del «kanan språk» og bibelske referansar, samstundes som visa framhevar likeverd og menneskeverd.

Det var på førehand opplyst at gravferda skulle føregå etter den ordinære liturgien for gravferd i Dnk. I stor grad skjedde også det, med nokre justeringar. Det siste er naturleg ved den markeringa som skjer ved ein konges gravferd og ved den stor breidda i gjester. I det store og heile syntes eg det vart ei fin og åndeleg sterk gravferd, og det heile syntes å vera i kongehuset si ånd. Det var også gode minnetalar frå stortingspresidenten og statsministeren. Den siste heldt kanskje den beste talen han nokon gong har halde. Det var også sterkt å fylgja kongehuset sine reaksjonar i kyrkja og ved alt som skjedd knytt til gravferda. Det talar godt for framtid.

Det var gode bibeltekstar, gode bønner og gode samlar. Eg ser at nokre reagerer på at salmane til dels vart framførte på ein måte som gjorde det vanskeleg å syngja for andre enn koret. Tekstane kom like fullt godt fram. No kan ikkje Prøysen si vise kallast ei salme, men når ein skal ha eit kulturelt innslag, var dette eit godt val. Samstundes er det litt påfallande at denne visa lett kjem i fokus etterpå, i staden for det meir spesifikt kristne. Rett nok kom også den engelske originalversjonen av «O, bli hos meg» sterkt i fokus, og tydeleg gjorde sterkt inntrykk. Det at det var lystenning ved representantar for ulike religionar og livssyn, rokkar ikkje ved det kristne preget på gravferda, men fekk fram at det var alle sin konge som var gått bort og som skulle minnast.

Eg har mange gonger tenkt at det å preika i gravferd, må vera noko av det vanskelegaste ein prest gjer. Samstundes er det eit stort privilegium. Det er ein sårbar situasjon, og presten skal på mange måtar vera familien sin representant i det som skjer i kyrkja denne dagen, samstundes som han skal ivareta det oppdraget den kristne forsamlinga har fått i møte med døden. Det er ikkje ein dag for vekkingsforkynning som om det var eit møte på bedehuset, men det skal forkynnast ein bodskap som er til frelse for dei som er i gravferda. I dette høvet var det også ei forkynning til heile det norske folket, og langt ut over det – og det var ut frå ei gravferd som var for ein konge for heile folket, uavhengig av tru og livssyn. Samstundes som kongen hadde markert kristen tru.

Teologisk vurdert var det to liberale biskopar som forretta gravferda. Liturgien med bibeltekstar, bønner og salmar er like fullt berar av bibelsk teologi med evig berekraft. I denne samanhengen kunne vi også vera nokså trygge på at kongefamilien ville ha evangelisk gode salmar, og kong Haakon hadde bede den svenske kronprinsessa lesa ei god bønn.

Det springande punktet ville vera preses si preike, men denne var rimeleg god ut frå situasjonen. Han vektla i stor grad kjærleiken, og lenge var det på eit nokså allment plan, men han enda opp i den kjærleiken Gud har vist oss i Kristus, og at det er nåde. Så langt eg kunne vurdera, var det som vart forkynt, til frelse – om ein tok mot det i tru. Det var tydelegare enn eg hadde våga tru det ville vera, og eg vil tru det var i kongehuset si ånd.

Det som var påfallande, var at Joh. 3,16 ikkje vart lese som del av liturgien. Dette bibelordet er noko av det mest sentrale vi har i heile Skrifta, og difor vert det også kalla «den vesle bibelen». For nokre år sidan vart det teke inn i gravferdsliturgien, men ein del meiner det ikkje passar der – og blant dei er preses i Den norske kyrkja. Biskopane er nokså «ordningsfundamentalistar» overfor prestane, men nokså slepphendte når det gjeld lære. Biskopane tek seg likevel fridom til å avvika frå liturgien når dei finn det tenleg, slik det på dette punkter vart gjort i kong Harald si gravferd. Eg tvilar på at det var etter oppmoding frå kongehuset.

Preses meiner det er uttrykk i Joh. 3,16 som kan mistydast, men slik er det vel i dei fleste bibeltekstane. Det gir likevel ingen grunn til å kutta dei ut, men til å forklara dei. Preses refererte det meste av dette bibelverset i preika, men han kutta ut det om tru – og med det la han verkeleg til rette for at bibelordet kunne mistydast. Han burde teke med alt, og forklart kva det betyr. Problemet er nok at hans teologiske syn er i opposisjon til ordlyden i «den vesle bibel» med tanke på trua, frelsa og fortapinga.

No trur eg likevel ikkje at vi med tanke på kong Harald si gravferd skal fokusera veldig sterkt på at Joh. 3,16 var kutta ut som tekstlesing, og preses sin bruk av verset i preika. Totaliteten i gravferda var bibelsk sett tydeleg, og for den som tok imot det evangeliet som vart formidla, ville det vera til frelse – og det er hovudsaka. Eg minnest at ein som på tv kommenterte gravferda til dronning Elisabeth i England, fekk seg til å seia at det var ein «svært religiøs» seremoni, noko som vel var nokså sjølvsagt ved ei kyrkjeleg gravferd. Eg trur vi ved dette høve kan forsterka det til å seia at det var ei evangelisk tydeleg gravferd, og det bør vi vera takksame for.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer

• Mer av