Styring av kristne friskular

•

•

Det skjer mykje positivt rundt om på kristne friskular for tida. Det gjeld både god søkning, og at det skjer åndeleg gjennombrot hjå mange elevar. Dette kan vi lesa om i media, ikkje minst i Dagen. Dette gir stor grunn til takk og forbønn.

Samstundes er det slik at heller ikkje dei kristne friskulane er fullkomne. Det skjer difor uheldige ting også der, og det kan oppstå nokså alvorleg usemje internt. Det er viktig at slike forhold vert behandla på korrekt måte, slik at det kan finna si løysing utan for stor skade. Normalt bør det skje internt ved skulen, men nokre gonger er det naturleg og nødvendig at det kjem i media.

Det bør i slike saker skiljast mellom «vanleg» usemje og varslingssaker. Usemje kan gå på opplegg, profil og andre saksforhold. Varsling går på når folk vert behandla på kritikkverdig måte. Nokre gonger går dette over i kvarandre, særleg ved at sakleg usemje fører til at folk vert behandla urett. Varslingssaker går normal internt, men dersom det viser seg umogleg å nå fram med seriøs behandling av varslingar, kan det vera nødvendig å gå til media. Det har vi sett døme på dei siste åra i kristen samanheng.

Dagen har i det siste skrive relativt mykje om to svært ulike konfliktsituasjonar. Det eine gjeld ein streikesituasjon som har vart over lang tid og synest nokså låst. Her er det usemje blant lærarane, og den delen av lærarstaben som streikar, er usamd med styret. Den andre situasjonen gjeld eit profildokument som styret utarbeidde, men som dei trekte då dei såg korleis det vart oppfatta og dei reaksjonane det førte med seg. Rektor sa like fullt opp stillinga si, og ein del av lærarane har engasjert seg nokså sterkt mot styret, og endatil uttalt at dei ikkje har tillit til styret.

Eg skal ikkje gå konkret inn i desse to situasjonane, sjølv om eg har mine oppfatningar av dei. Eg vil bruka dei til å reflektera litt prinsipielt rundt styringa av kristne friskular, som i og for seg ikkje er så ulik styring av andre tiltak. Då må vi slå fast at det er styret som har det overordna ansvaret på alle plan, og som med det skal styra institusjonen. Det skjer i all hovudsak gjennom rektor, lærarar og andre tilsette. På nokre område er det naturleg at styret gjer vedtak av prinsipiell, ideologisk og teologisk karakter, som er førande for skulen, og som tilsette med det må innretta seg etter – eller finna seg noko anna å gjera.

Kristne friskular baserer seg på foreldreretten og trusfridommen, og driv på basis av privatskulelova. Det må både styret og tilsette førehalda seg til og innretta seg etter. Det gir styret stort ansvar og stort mandat. Styret har ansvaret for alt som skjer ved skulen, og dei tilsette er der for å utføra det heile. Juridisk er det privatskulelova som set rammene. Ideologisk er det foreldreretten og trusfridommen. Styringsretten er fundamental for dei kristne friskulane. Personleg har eg eit nokså sterkt engasjement for dette skuleslaget, og eg har vore involvert på ulike måtar ved fleire skular.

Kristne friskular er oppretta for å ivareta foreldreretten, og i den samanhengen også trusfridommen. Det skjer ved at nokre kristne foreldre ønskjer seg ein skule som kan og vil gje opplæring og oppseding i samsvar med deira trusovertyding. Det vert organisert på eit eller anna vis med eit ansvarleg styre. Då er det styret som ivaretek foreldreretten, og dei foreldra som ønskjer slik opplæring og oppseding som styret legg opp til for skulen, sender borna sine dit. Det er eit fritt val.

Rektor, lærarar og anna personale er avgjerande viktige i denne samanhengen, men dei skal ikkje ha ein styrande funksjon overfor styret, men dei skal lojalt fylgja opp det styret legg opp til. Slik er det i alle samanhengar, og i friskulane er dette av ideologiske grunnar ekstra viktig. Rektor og lærarar kan og bør koma med innspel til styret, særleg med bakgrunn i sin fagkunnskap som pedagogar. Slike innspel må styre vera takksame for og ta på alvor, og så ut frå eige skjønn gjera vedtak. Mange spørsmål kan vurderast ulikt, men det endar i styret.

Det kan vurderast ulikt om ein kristen friskule skal ha tariffavtale eller ikkje, men det er opp til styret å bestemma. Det kan også vurderast ulikt som ein kristne friskule skal har eit profildokument eller ikkje, og kva innhaldet i det i så fall skal vera, men det er opp til styre å bestemma dette. Rektor og lærarar kan ha innspel i slike samanhengar, men ikkje på dikterande måte. Dersom ein er så usamd med det styret vedtek, at ein ikkje kan fylgja det lojalt opp, må ein slutta. Sjølv om ein ikkje er samd med styret i alt, må ein som tilsett ha tillit til styret. Har ein ikkje det, er ein plikta til å seia opp. Intern mistillit er praktisk og ideologisk oppløysande og øydeleggjande i alle samanhengar, og særleg i ideologiske institusjonar som kristne friskular.

Styret har eit stort ansvar pedagogisk, økonomisk og ideologisk, men det har eit like stort ansvar i å opptre seriøst og med integritet slik at skulen vert prega av tillit. Det å opptre samlande, samstundes som ein ivaretek den profilen ein ønskjer teologisk og ideologisk, kan vera krevjande. Det er like fullt styret sitt ansvar at det skjer. Det inneber samstundes at tilsette respekterer styret sitt ansvar og mandat, og fylgjer det lojalt opp. Det er ikkje tilsette som skal stilla styret til ansvar, men motsett. Sjølv om skulen byggjer på foreldreretten, kan heller ikkje foreldre innta ein styrande rolle i forhold til styret, men dei må til ei kvar tid vurdera om styret driv skulen slik at dei har tillit til at borna får den opplæringa og oppsedinga dei ønskjer.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

• Mer

• Mer av