I nyare tid har vi hatt svært får kongeskifte i landet vårt, og alle har vore i mi levetid. På dei 121 åra som har gått sidan unionsoppløysinga med Sverige, har vi berre hatt tre kongar. Alle har vore dyktige og folkekjære regentar. Når vi no har fått den fjerde kongen, Kong Haakon, er det grunn til å tru at han vil føya seg fint inn i denne rekkja.
I gamal kongetid var det annleis. Då regjerte fleire av kongane i relativt kort tid, og det var til tider uklart kven som var den reelle kongen og kva geografisk område dei faktisk regjerte over. Det var mange gode kongar på den tida også, men det var ofte mykje strid og uro kring kongen.
Sjølv om det til tider kan vera uro og debatt kring kongehuset også i vår tid, er kongedømet generelt ein stabiliserande faktor. Det har med sjølve strukturen å gjera, men minst like mykje med personen som fyller rolla. Dei tre kongane vi har hatt i den siste kongetida, har på mange måtar vore ulike, men dei har i kvar si tid og i kvar sin samfunnssituasjon fylt rolla på ein god måte. Dette har skapt tillit og gjort at kongane har fått stor respekt og vorte folkekongar.
Det er noko som har fylgt alle kongane frå tinget på Moster for 1000 år sidan, og det er forholdet til kristendommen. Det var ikkje berre kongane som stod for kristninga av Noreg, det skjedde langs fleire liner. Like fullt hadde kongane stor innverknad på kristendommens stilling i landet, og med det på det kristne verdigrunnlaget som vart lagt for samfunnet. Det starta med kristenretten frå 1024, og det toppa seg i Landslova som Magnus Lagabøter fekk laga 250 år seinare. Det kristne verdigrunnlaget vart ført vidare gjennom Kongelova vi hadde i tida under Danmark, og det same verdigrunnlaget låg i Grunnlova av 1814, og denne var viktig i kampen mot nazismen under andre verdskrigen. Kongane spelte her ein viktig rolle.
Kongane i nyare tid har alle hatt eit positivt forhold til kyrkje og kristentru. Det har ikkje berre vore av formell og konstitusjonell karakter, men også av personleg karakter og overtyding. Kyrkjegang og kristne innslag har vore naturleg for kongehuset både i offentleg og privat samanheng. Det er grunn til å merka seg at det var Kong Harald som bad om at det skulle stå i Grunnlova at Kongen skulle tilhøyra den evangelisk-lutherske religion, då Grunnlova gjekk gjennom ein grundig revisjon og den kristne verdiforpliktinga for samfunnet vart vesentleg svekka.
I det offentlege Noreg er det no slik at alle kristne referansar praktisk talt er borte. Styresmakta og politikarar generelt refererer sjeldan positivt til kristen tru, etikk og tenking. Det store unnataket er knytt til Kongen sin opptreden. Då kjem det kristne verdigrunnlaget fram både i song og bønneformuleringar. I tillegg har vi den kristne verditenking i nasjonalsongane og nokre symbol, særleg i det krossmerkte flagget.
Ein konge sitt offentlege forhold til kristen tru og tenking vil nokså naturleg til ei viss grad formast og delvis tilpassast den tida ein lever i, og kristendommens posisjon i samfunnet – og den «valøren» kristendommen generelt har. Det har vi nok også sett med Kong Harald. Han har på mange måtar vore som eit moralsk kompass for folket, men eit kompass kan få misvising av ytre påverknad. Det er grunn til stor takk til vår avlidne konge på mange område, også det som gjeld hans kristne orientering.
På Kong Harald sin dødsdag har eg hatt høve til å fylgja med på mykje av det som har vorte sagt om han og regjeringstida hans, og mykje rett, fint og godt har vorte sagt. Samstundes er det påfallande kor lite som har vorte sagt om hans kristne orientering og prioritering. Av hans mange gode talar, er det særlege ein tale frå Slottsparken for nokre år sidan om mangfald og inkludering, som har vorte løfta fram. Etter mitt skjønn var det her passasjer som kristent sett var problematiske, sjølv om det formelt var konstatering av korleis vi har det i Noreg, og ikkje direkte normative utsegner. Det vart derimot tolka som nett det siste, og det har vorte brukt for alt det var verdt – og vel så det – med Kongens autoritet. Det gjald særleg nokre formuleringar om religion og samliv.
Poenget med desse refleksjonane er ikkje å gje ei vurdering av Kong Harald og hans kongsgjerning. Det er likevel grunn til å løfta han fram som personlegdom og som monark. Poenget her er å visa nokre av dei kristne grunnlinene som har vore i kongedømme og i kongsgjerninga gjennom 1000 år. Dette har betydd mykje for land og folk, og med tanke på Kongen ligg det der også i stor grad enda. Kong Haakon med si dronning Mette Marit, og framleis med dronning Sonja, står i denne tradisjonen. Det kan bety mykje for folket. Guds ord seier at vi skal be for kongar og alle i høg stilling, og nett no treng kongehuset ekstra mykje forbønn – og kong Haakon vil trengja det kvar dag i kongsgjerninga si.
Johannes Kleppa

