Kristen etikk kontra tillit og regulering

Når kristen tenking og kristen moral går ut, kjem staten inn som moralskapar og moralpoliti. Kristen etikk skaper tillit og ansvar, og der slik etikk mister innverknad og makt, vert det mistillit, mangel på ansvar og utflytande praksis. Det fører med seg lovregulering på stadig fleire område, om det skal vera samhald i folket og samfunnet skal fungera utan at kvar og ein tek seg til rette etter eigne tankar.

Denne utviklinga ser vi i samfunnet vårt på stadig fleire område, og det gjer at staten og byråkratiet esar ut med dei kostnader det har, og det gjer samfunnet stadig meir komplisert både for næringsliv, lag, foreiningar og for folk flest. Det er mange som klagar på dette, samstundes som ein – paradoksalt nok – krev at staten stadig tek meir ansvar og lovregulerer stadig fleire område. Det synest ikkje som om nokon spør seg kvifor vi har fått denne utviklinga. Det synest ikkje som at folk spør etter eit samlande verdifundament og ein samlande etikk eller moral, slik vi finn dette i kristendommen. Rett nok er det slik at det norske samfunnet enda i stor grad vert oppfatta som eit tillitssamfunn, særleg samanlikna med mange andre land. Det har nok sin grunn i at det framleis set mykje av kristen verditenking i det norske folket, sjølv om ein ikkje erkjenner det, men heller avviser det. Det er tankevekkande at tilliten primært går mot staten og styresmakta.

Eit samfunn er avhengig av felles normer om det skal fungera på ein god måte, særleg om det skal fungera som eit demokrati og ein rettsstat. Desse normene kan liggja i folk ut frå felles opplæring og felles oppseding, slik at ein stor grad har eit felles verdigrunnlag og ei felles moralforståing som ein orienterer seg ut frå. Slik var det lenge i det norske folk. Det starta med kristninga og innføringa av kristenretten, og det stod seg gjennom lovgjeving i nesten tusen år. Den siste gongen dette viste seg med styrke, var under andre verdskrigen. Då stod det norske folket mot nazifisering, og det formelle grunnlaget for det var dåverande paragraf 2 i grunnlova. Denne la evangelisk-luthersk kristendomsforståing som fundament for land og folk, og med det for skule og oppseding – som for kyrkje og kristenfolk.

Den utviklinga vi her peikar på, skaper eit gjennomregulert og rettsleggjort samfunn. På mange og ulike samfunnsområde vert det spørsmål om garantier – der all fornuft tilseier at det er umogleg med garantier, fordi ingen har oversikt og makt til stå bak dei og oppfylla dei i ein kvar situasjon. Det skaper også behov for politisk og politimessig oppfylging for å sjå om det heile vert etterlevd, og så å fylgja opp avvik og brot med bruk av store ressurser. Dette tek tid og ressurser frå politiet sin kjerneoppgåver – tryggleik, rett og orden. Det ber også i seg eit voldsomt dokumentasjonskrav, som tek mykje tid og er ei stor byrde for mange.

Det området der det dei siste vekene nok har vore mest fokus på det som gjeld tillit, ansvar og lovregulering, er det som har med den digitale verda og ytringsfridommen å gjera. Alle ser at mykje av det som er på nettet, er skadeleg – særleg for barn og unge. Då vert det ropa om statleg regulering og på regulering på EU- eller FN-nivå. Det er snakk om ei regulering som det i praksis er totalt umogleg å fylgja opp på fornuftig og rettssikker måte. Det vil føra inn i eit overvakingssamfunn som få, om nokon, vil ha. Der korkje dei som produserer på dei digitale plattformene eller brukarane av desse, er seg sitt moralsk og verdimessig ansvar medvite, kjem ein ut i ei hengemyr som det nesten er umogleg å koma opp av.

I det siste har vi også sett rop etter statleg overstyring av ytringsfridommen konkretisert ved at visse media skal missa pressestøtta og ved lovregulering av kva som skal vera lov å seia og ikkje. Dersom staten skal styra kva som er lovlege ytringar ut over det som openbert er kriminelt, slik som oppmoding til drap og hat, jfr. jødehatet, går samfunnet seg inn på tyranniets og diktaturets veg. Lovregulering på eit breiare plan for ytringar vil i praksis vera umogleg å overvaka og fylgja opp. Det vil i så fall ta alt for mykje av politiet sin ressursar og det vil skapa eit overvakingssamfunn – som i landet vi ikkje likar å samanlikna oss med.

Eit samfunn må ha lover, forskrifter og reguleringar på mange og ulike området, men til mindre til betre, fordi ein då kan bruka ressursane på betre måte og vi må basera oss på tillit og ansvar. Det er på høg tid at styresmakter, politikarar generelt og alle som har ansvar for samfunnet, byrjar å spørja etter om det er noko gale i fundamentet for samfunnet, og at det er det som skaper alle desse utfordringane vi har fått. Ein burde spørja etter verdigrunnlaget, og så burde ein på nytt innføra solid kristendomsundervisning i skulen, inkludert god innføring i eit kristent menneskesyn og kristen etikk. I dette kunne ein ta lærdom frå siste verdskrigen, særleg når det gjald skulen og kyrkja sin kamp for samfunnet. Dette ville garantert gje god effekt for land og folk.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av