Det er no litt over eitt år sidan Misjon Sarepta overtok drifta av Bjorliheimen Fjellhotell, og vi har erfaring frå to juli-månader – som er ein svært viktige månad økonomisk sett. Det kan då vera naturleg å reflektera litt over drifta og utviklinga. Som styreleiar for Bjorliheimen fylgjer eg utviklinga nokså tett. Eg har dessutan i sommar vore nokre dagar som frivillig ved hotellet og delteke i drifta og gjort litt praktisk arbeid ellers. Det siste har vore både hyggeleg og inspirerande!
Overtakinga i fjor skjedde nok litt bråare enn det ideelt sett burde, slik at det vart ein svært travel og krevjande start. Det vart lagt ned ein formidabel arbeidsinnstats, ikkje minst av dagleg leiar Arild Melberg. No er arbeidssituasjonen ein heilt annan ved at vi har fleire tilsette, og ved at vi har fått innarbeid nye dataopplegg og meir effektive arbeidsmåtar. Det er no tre stillingar som har leiarfunksjonar kombinert med aktiv deltaking i den daglege drifta, pluss dei som arbeider på kjøkken og med reinhald. Dessutan er det ofte frivillige som hjelper til med å få det heile til å gå rundt, gjera førefallande arbeid og utføra vedlikehald.
Drifta av hotellet har hatt ei positiv utvikling både når det gjeld «vanlege» gjester og når det gjeld kristne arrangement. Det siste gjeld både Sarepta sine arrangement og arrangement som ulike kristne samanhengar har. Ute frå at ein har hatt kort tid til å driva PR og innarbeida nye arrangement for Sarepta, har oppslutningen vore svært bra. Det er mange positive tilbakemeldingar.
Gjennom mange år har bussturistar vore viktige i sommarhalvåret, og då særleg turistar frå Sør-Korea. Slik har det vore i sommar også, men i juli har det i tillegg vore ekstra mange «tilfeldige» gjester, inkludert at det var mange som brukte hotellet i samband med Landsskytterstevnet i Lesja. Det gav ein økonomisk god juli, og det teiknar også bra for august. Det vert spennande å sjå om den positive trenden som er no, held seg vidare ut over hausten og vinteren. Denne delen av drifta er viktig i seg sjølv ut frå at Bjorliheimen er eit misjons- og avhaldshotell. Det er dessutan økonomisk viktig for Bjorliheimen som base for Sarepta sitt arbeid i Norden.
Sidan det er få elevar som startar opp på bibelskulen i haust, har ein lagt om programmet noko. Ein del av undervisninga vil skje som distriktsbibelskule rundt om på bedehus i regionen, med to timar for kvelden nokre dagar i veka. Det trur vi kan bety mykje for dei små kristenflokkane rundt om på bedehusa. Dessutan kan kven som helst koma og fylgja enkeltimar eller veker av undervisninga på Bjorliheimen. Det er også å håpa at undervisninga rundt om kan gje meirsmak på bibelskule.
I tillegg til Arild Melberg har vi Hannah Høyland og Mirjam Lid fast tilsette i heile stillingar. Det er hyggeleg og framtidsretta med to ungdommar saman med ein erfaren mann! Dei har eit hovudansvar opp mot resepsjonen, drift av kjøkken og reinhald, samt å utvikla hotellet sitt tilbod og marknadsføra Bjorliheimen. Det er mykje natur som kan nyttast i området! Dei som er knytte til kjøkken og reinhald, er også fast tilsette, men på timebetaling slik at det kan tilpassast behovet. Det er heilt sikkert mogleg å auka omsettinga vesentleg, og hotellet er no personalmessig rigga for det. Det er ønskjeleg med fleire kristne arrangement, andre grupper som idrettslag/-arrangement og enkelpersonar og familiar.
Som styreleiar er eg svæt optimistisk med tanke framtida, både sett ut frå det mannskapet vi no har ved Bjorliheimen, ut frå den auke av gjester som vi har sett i det siste og ut frå dei mange positive tilbakemeldingane vi får frå einskildpersonar og grupper. Dette burde vera ein inspirasjon til misjonsfolket både med tanke på forbønn og frivillig arbeid ved hotellet – eller til å ta seg eit døgn eller fleire der!
Det er arbeidsmessig og økonomisk utfordrande å driva eit hotell som Bjorliheimen, særleg sidan det også skal vera ein misjonsbase. Lønnsutgiftene vert lett høge, og difor er det svært viktig med frivillige som stiller opp regelmessig ein del veker i året. Det held lønnsutgiftene nede, lettar presset på dei tilsette, gjer det mogleg å ta godt vare på gjestene og legg til rett for at hotellet kan vera ein misjonsbase. Det er flott med dei som alt har gått inn i denne tenesta, og det synest som dei opplever det meiningsfullt. Det er til no ektepar, helst pensjonistar, som har stilt opp, men vi treng fleire!
Med tanke på eigarskap, er det slik at det er delt i to aksjeselskap. Det eine er driftsselskapet, som Misjon Sarepta eig hundre prosent, slik at Sarepta har hand om alt som skjer ved Bjorliheimen. Det andre er eigedomsselskapet. Her eig Sarepta ca. fem prosent. Til no har dei «gamle» eigarane med Sveinung Lianes i spissen hatt ca. 60 prosent, medan Per Sævik har hatt 34 prosent. Det har vore ei grei ordning, med store støtte i eigedomsselskapet for drifta og for Sarepta sin intensjon for Bjorliheimen. No skjer det ei endring ved at Per Sævik kjøper ut dei «gamle» eigarane, og han vil med det ha godt over 90 prosent av aksjane. Det ser vi frå Bjorliheimen si side svært positivt på, fordi vi med det får god stabilitet og god støtte for Sarepta si drift av Bjorliheimen. Driftsselskapet har ein grei leigeavtale med eigedomsselskapet.
Det er stor grunn for takk til Sveinung Lianes, og dei han har hatt med seg i drifta, for den innsatsen som er lagt ned for Bjorliheimen. Det er like stor grunn til takk til Per Sævik for den måten han går inn i dette prosjektet på for å hjelpa Bjorliheimen fram som misjons- og avhaldshotell og som misjonsbase.
Totalt sett er det altså mykje positivt knytt til Bjorliheimen og til den utviklinga som vi har sett den siste tida, og det er grunn til å tru at det vil skje ei vidare utvikling av Bjorliheimen som misjonsbase.
Johannes Kleppa

