Eg har i denne spalta skrive om kristne friskular mange gonger, og eg gjer det enda ein gong. Det er to hovudgrunnar til at eg ofte skriv om dei kristne friskulane. Det eine er at dei står under eit konstant politisk og ideologiske press, og det presset vert stadig sterkare. Det går både på desse skulane sin faktiske eksistens og på deira kristne integritet. Det må gjerast eit arbeid for å avsløra dette, og det må førast ein kamp for dei kristne skulane sin identitet og deira oppgåve. Det andre er å løfta dei kristne friskulane fram for kristenfolket, slik at desse skulane vert brukte og omslutta på ein god måte.
Det er det siste som gjer at eg skriv ein kort epistel om dei kristne friskulane nett no, sidan vi no står ved oppstarten av eit nytt skuleår. Det er eit kall til kristenfolket med tanke på desse skulane, særleg når det gjeld førbønn.
Etter mitt skjønn er dei kristne friskulane, på alle nivå, det mest omfattande og viktigaste kristne barne- og ungdomsarbeidet vi har for tida – og då kanskje nett no med dei vidaregåande skulane som sjølv spissen i dette. Det er mange gode tilbakemeldingar frå dei kristne skulane, både med tanke på søkninga til desse og det som skjer ved skulane av åndeleg karakter. Det er tendensar til vekking ved dei kristne internatskulane, og generelt er det ei oppvakning for det åndelege og evige. Dette må møtast på rett vis med Guds ord og bønn. Dei tilsette ved skulane har her sjølvsagt eit stort ansvar og ei stor oppgåve, som kan gå ut over det som går på den «vanlege» undervisninga. Det er samstundes eit ansvar for kristenfolket med tanke på førbønn.
Når ein har med folk å gjera, og ikkje minst med ungdom, kan og vil det skje ting som ikkje skulle eller burde skjedd. Slik er det også ved dei kristne skulane. Dei lever ikkje i ei fullkomen verd, og difor må vi til tider bera over med uheldig ting. Både lærarar og elevar er ufullkomne menneske, som alle på utsida av skulane også er. Vi skal vera tydelege, men samstundes rause. Vi skal halda ein kurs, men ikkje vera fordømmande. Vi skal etterlysa ein tydeleg kristen profil, men vi skal ikkje vera unødig kritiske.
Det er to viktige og avgjerande ting kristenfolket kan gjera med tanke på dei kristne friskulane. Det eine er å arbeida for at foreldre sender borna sine dit og at dei unge prioriterer desse skulane. Det andre er å be for skulane, og nett no er det det som ligg meg mest på hjarta å få løfta fram. Det gjeld å be for både personalet og elevane. Det er viktig gjennom heile året, men det er særleg viktig i oppstarten av eit nytt skuleår, slik at det kan verta ein god start – både skulemessig og åndeleg.
No er det slik at Misjon Sarepta ikkje har nokon kristen friskule, og med det ikkje har del i dette omfattande barne- og ungdomdsarbeidet. Det kjem likevel også Sarepta til gode. Rett nok har Sarepta drive ein spesiell bibelskulen ved Centro Sarepta i fleire år, og startar no opp med Bibelskolen Sarepta, men nett no var det ikkje det skuleslaget eg tenkte på, sjølv om det er uhyre viktig med bibelforplikta bibelskular. Eg har ikkje formelt ansvar i Misjon Sarepta lenger, og eg skal ikkje profetera om framtid, men eg ser ikkje bort frå at om nokre år er også Sarepta med og driv kristne friskular. Eg håper i alle fall på det!
Johannes Kleppa

