Det er eit tragisk faktum at landet vårt fører ein stadig meir intens, offensiv og altomfattande kamp mot Israel. Omtrent alt Israel gjer for å forsvara land og folk, vert fordømt – trass i at det jødiske folket kjempar ein kamp for å overleva på bakgrunn av Holocaust og gamal og ny antisemittisme. Også israelsk innsats for å byggja landet og verna om innbyggarane sine, vert kritisert og motarbeidd.
Det siste skotet på denne destruktive greina er eit framlegg til lov om «handelsforbud med israelske bosetninger i Palestina». Dette er eit lovframlegg som no vert lagt fram til høyring etter vedtak i Stortinget. Det er altså ikkje berre eit utspel frå regjeringa, men det skjer etter oppdrag frå nasjonalforsamlinga. Det forsterkar alvoret i saka.
Saksframlegget er på 20 sider, og med det overkommeleg lesnad. Den som vil, kan koma med høyringsfråsegn, og det bør mange nytta seg av, særleg kristne organisasjonar. Det er ikkje plass her til å gå grundig inn på lovframlegget, men eg vil kommentera nokre forhold. Mykje er naturleg nok av lovteknisk karakter med tilvisning til internasjonal og norsk lovgjeving som har eller kan ha relevans for ei slik lov. Det går eg ikkje inn på. Sjølv om eg meiner ord som «Palestina» og «palestinarar» er løgnord og villeiande, brukar eg dei her i sitatteikn, fordi dei er brukte i saksutgreiinga og forslaget til lovtekst.
Den generelle språkbruken er slik vi no over tid har høyrt den norske regjeringa, med utanriksministeren i spisse, har snakka. Det vert snakka om «Palestina» som om det skulle vera eit eksisterande land, sjølv om det berre har sin plass på skrivebordet. Det er jo paradoksalt at ein snakkar om ei framtid «tostatsløysing» – altså at det enda ikkje eksisterer to statar, samstundes som ein snakkar om «Palestina» som eigen stat.
Det vert også konsekvent snakka om «okkuperte område» og «folkerettsstridige bosetninger», som då står i motsetnad til «palestinske område» og «palestinske myndigheter». Då legg ein ei bestemt politiske forståing av situasjonen til grunn. Rett nok vert det i sjølve lovteksten brukt det meir nøytrale uttrykket «israelske bosetninger». Målet med lova er å medverka til å få bort slike busetnader frå «Palestina». Derimot vil ein hjelpa fram alle «palestinske» busetnader og tiltak. Det paradoksale er at om ein svekkar dei israelske eller jødiske tiltaka i dei aktuelle områda, er det også svært ofte til skade for arabarane eller «palestinarane».
Globalt sett er den handelen som det her er tale om, svært mariginal og har med relativt sett svært få menneske å gjera. Det er knapt på promillenivå. Globalt sett ville det vera svært mykje anna og av heilt andre dimensjonar å ta fatt i med tanke på urettferdig handel, vald og undertrykking. Det let ein i stor grad gå hus forbi, og rettar skytset om Israel. Rett nok er det ikkje handelsforbod mot Israel generelt, men mot israelske busetnader utafor Israels «internasjonalt anerkjente grenser». Det rammar like fullt Israel og det jødiske folket.
Forbodet omfattar handel – altså innførsel og utførsel av varer, kjøp, sal og utvikling av eigedom og all typar nærings- og produksjonsverksemd. Unntaket er det som har «tilstrekkelig palestinsk tilknytning». Det er nokså sterk straff for brot på lova.
Lover av denne typen minner litt for mykje om lover som vart innførte i mellomkrigstida for å ramma jødane. Det minner også for mykje om antisemittisme og legg til rette for det – trass i at det ikkje er meint som det, og trass i at lovmakarane nok vil nekta for dette perspektivet og denne moglege verknaden.
Eg tek her med dei fire første paragrafane som viser kva handelsforbodet går ut på:
Forslag til lov om handelsforbud med israelske bosetninger i Palestina
§ 1 Forbud mot innførsel av varer med opprinnelse i og utførsel av varer til de israelske bosetningene i Palestina
Det er forbudt å innføre varer med opprinnelse i de israelske bosetningene i Palestina. Det er forbudt å utføre varer med bestemmelsessted i de israelske bosetningene i Palestina.
§ 2 Forbud mot kjøp og salg av eiendom i de israelske bosetningene i Palestina
Det er forbudt å kjøpe eller på annet vis erverve fast eiendom i de israelske bosetningene i Palestina. Fast eiendom som erverves gjennom mottak av arv omfattes ikke av første ledd.
§ 3 Forbud mot å yte visse tjenester knyttet til oppføring av fast eiendom i de israelske bosetningene i Palestina
Det er forbudt å yte bygge- og anleggstjenester, ingeniørtjenester, arkitekttjenester, eiendomsmeglings- og oppgjørstjenester direkte knyttet til oppføring, renovering, kjøp eller salg av fast eiendom i de israelske bosetningene i Palestina.
§ 4 Forbud mot erverv av næringsvirksomhet med hovedsete og produksjonssted i de israelske bosetningene i Palestina
Det er forbudt å erverve eller utvide eierandeler i næringsvirksomhet som har hovedsete og produksjonssted i de israelske bosetningene i Palestina.
§ 5 Unntak for handlinger som har tilstrekkelig palestinsk tilknytning
Forbudene i §§ 1 – 4 gjelder ikke handlinger som har en tilstrekkelig palestinsk tilknytning og som ikke bidrar til oppføring, utvidelse eller opprettholdelse av israelske bosetninger i Palestina. Departementet kan gi nærmere bestemmelser i forskrift om hvilke handlinger som omfattes av første ledd.
Johannes Kleppa

