Diakoni – hotell og skule

Kona og eg er nokre dagar på Bjorliheimen Fjellhotell som frivillige. Her er mange gjester for tida, og det førte til at eg fekk mi første vakt som nattevakt. I det eg skriv dette, er klokka vorte nesten 05.30. Då har allereie nokre av dei sørkoreanske turistane som er her, hatt seg ein tur i den lyse sommarnatta. Om litt skal dei ha frukost, for så å kjøra vidare.

Eg har gjort meg mange tankar om Bjorliheimen, og eg er overtydd om at hotellet er ein viktig tilvekst til Misjon Sarepta sitt arbeid. Overskrifta på denne Ettertanke kan verka litt underleg. Kva har diakoni med hotell og skule å gjera? Hotell tenkjer ein kanskje meir i retning luksus og avslapping enn diakoni, og skule tenkjer ein primært i retning opplæring og oppseding. Det er likevel ikkje alt som kan seiast om hotell og skule. Diakoni er fysisk og psykisk omsorg for mennesket ut frå kristen tenking og menneskeverd. Det står i evangeliets teikn.

Midt i den materielle velstanden og overfloda vi har her i landet, har det vokse fram sosial nød og personlege utfordringar av mange slag. Dette har lenge vore ei problemstilling i skulen, og lærarane har til tider meir følt seg som sosialarbeidarar enn som pedagogar. Det er ofte omtalt negativt med tanke på skulekvardagen, også for kristne friskular.

For ein god del år sidan snudde no avdøde Bjarne Kvam, då rektor ved NLA, dette til ei positiv utfordring. Den faktiske situasjonen blant dei unge gav ei spesiell utfordring og oppgåve til kristne friskular, meinte han, ved at skulen såg dette som ei diakonal oppgåve. Det ville gje desse skulane eit fortrinn samanlikna med offentlege skular. Det ville skapa varme og inkludering.

Diakoni har alltid vore viktig i misjonsarbeidet, men det har då ofte vore som ei spesiell arbeidsgrein som stod saman med forkynninga. No kunne diakonien også gå saman med skulearbeidet. Dette trur eg er ein rett og god tankegang, og dei kristne friskulane har også i stor grad teke tak i denne utfordringa. Det har gjeve desse skulane eit positivt preg, som også ikkje-kristne foreldre og elevar har lagt merke til og sett pris på. Eg trur dette er ein av grunnane til den gode søkninga til dei kristne friskulane.

Noko av den same tankegangen må vi gjera gjeldande overfor kristne hotell, og i Sarepta sin samanheng spesielt overfor Bjorliheimen Fjellhotell. Det at hotellet ikkje serverer alkohol, er i seg sjølv diakonalt viktig. Det gjev eit trygt miljø på Bjorliheimen, særleg når det er samlingar for ungdom – anten det er i kristen regi eller ikkje. Det er også ei påminning om dei store problema alkoholen påfører det norske samfunnet, ikkje minst barn og unge – også det ber i seg ein diakonal dimensjon.

Når gjester vert møtte med kristen haldning om omtanke, ligg det i dette ein diakonal dimensjon. Det er ei omsorg folk treng, men som ein ikkje alltid er seg medviten. Sjølve åndsatmosfæren ved eit hotell som er boren av bønn og Guds ord, vil ha ein positiv diakonal effekt. Det vil skje noko med gjestene, særleg dei som bur på hotellet over tid, slik ein del del arbeidarar gjer.

I tillegg kjem det arrangement som særleg er for folk med ulike typer utfordringar i livet. Ved å få vera på eit hotell som Bjorliheimen, vil dei få vera i ei kristen åndsatmosfære, og det er godt både for ånd, sjel og lekam. All diakoni er kristen omsorgsteneste, men det står alltid i ei ramme av kristen forkynning. Slik er det også ved Bjorliheimen, sjølv om det ikkje er dagleg forkynning, så er det kristen litteratur tilgjengeleg og det er invitasjon til ulike kristne arrangement.

Diakonien har altså alltid vore viktig i misjonsarbeidet, ikkje minst i oldkyrkja. Ved pietismen vart både diakonien og den kristne skuletenkinga fornya. Misjon Sarepta står i denne tradisjonen, og ved Bjorliheimen har ein fått ein ny arena på dette felt, slik ein frå før har det ved Centro Sarepta i Spania. Det vil også få enda ein dimensjon ved Bibelskolen Sarepta. Dette er ei side ved misjonsarbeidet som det er grunn til å sjå stort på, og som må omsluttast i forbønn.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av