Kristne friskular – kamp og framgang

Denne veka har eg hatt bibeltimar på Bibel- og naturcamp på KVS Bygland, som er driven av Indremisjonsforbundet. Skulen ligg fint til ved Byglandsfjorden i Setesdal, og vi har hatt ei fin veke her. Bibeltimane tok utgangspunkt i sentrale tema i Johannesevangeliet, men eg avslutta med ein time om «Kristne friskular under press». Sidan vi var på ein kristen friskule, passa det fint å ta opp eit slikt tema. KVS Bygland sleit for nokre år med elevrekrutteringa, men har no god vind i segla, og dei har offensive planar for framtida.

Det er ikkje berre Bygland som får mange elevar for tida, og som opplever at det skjer noko på det åndelege planet blant elevane. De er noko som går att nesten over heile lina, frå grunnskular til høgskular. For vidaregåande skular er det særleg internatskulane som opplever gode tid, og som rustar opp og byggjer ut. Dette er svært glede, og det kallar på takk og forbønn.

Dei kristne friskulane er for tida det beste og mest omfattande barne- og ungdomsarbeidet vi har i landet. Her får mange barn og unge hjelp til å verta hjå Herren, og til å veksa i nåde og kjennskap til Gud. Her får også mange frå ikkje-kristne samanhengar høve til å møta kristne i same alder og til å høyra Guds ord forkynt og undervist. Det er mange som kjem til kristen tru ved desse skulane, og dei samlar inn mykje pengar til misjonsarbeid.

Midt opp i denne framgangen møter desse skulane mykje negativt frå norske styresmakter. Dei må difor føra ein sterk kamp for sin eksistens. Det gjeld både ideologisk og økonomisk. Styresmakta vil ha alle inn i den offentlege skulen, og definerer denne som «fellesskapsskulen» – og plasserer med det alle som vel anna skule, utafor det store og gode fellesskapet. I staden for å snakka om friskular, snakkar dei om privatskular. Med det innsnevrar og isolerer ein noko som er fritt og ope.

Styresmakta brukar både lovmakt og økonomimakt mot dei kristne skulane, trass i at desse er hjemla i menneskerettane under foreldreretten. Hjå styresmakta og i det offentlege rommet har foreldreretten tronge kår, og er som eit hår i suppa. Det er «statsretten» som råder, og det er styresmakta – særleg ved Utdanningsdirektoratet (Udir) – som skal bestemma kva som er rett og godt for barn og unge. Alle skal formast og einsrettast i staten sitt bilete, altså etter statens ideologi.

Det er staten si sekulære og i praksis ateistiske tru som skal danna fundamentet for opplæring og danning, og som skal fremjast i skulen, ikkje foreldra si tru og overtyding. Dette er ei stor utfordring, fordi det har totalitære tendensar i seg. Alle foreldre, og særleg kristne foreldre, må vera seg dette medvite, og ta ansvar for barn og unge si tru, opplæring og oppseding – også når det gjeld det om skjer i den offentlege skulen.

Staten fører tilsyn ved friskulane gjennom Udir, og det er rett og naturleg når det gjeld økonomi og forvaltning, og at læreplanar er på nivå med den offentlege skulen. Problemet oppstår når Udir også vil definera tru, ideologi og verdiar på vegner av foreldra som sender borna sine i kristne friskular. Då går staten ved Udir over ei ideologisk grense som før eller seinare vil enda i det totalitære, i diktatur og despotisme åndeleg tala.

I friskulane er det styra for desse som skal bestemma, og dei foreldra som vil det styret vil, kan så senda borna til desse skulane, og dei lærarane som vil det same, kan ta seg arbeid der. Om staten ved Udir eller på anna måta vil pressa kristne friskular til å undervisa og oppseda i strid med Guds ord, må styret nekta dette, og om nødvendig praktisera sivil ulydnad. Den høgste forpliktinga er på Gud og hans ord – og det må kristne foreldre og kristen skular ta på høgste alvor.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av