Tankar frå den avgåtte formannen

Johannes Kleppa gjekk av som formann, eller «el presidente», som han gjerne har vorte omtalt som ut frå spansk formannstittel, ved årsmøtet i mai. Sidan han har vore formann frå starten i 2014, har vi stilt han nokre spørsmål knytt til formannstida og arbeidet i Misjon Sarepta.

Kvifor engasjerte du deg i Sarepta?

Det konkrete utgangspunktet var at Jan-Tore Olsen fortalde om sitt kall med tanke på Spania, og då særleg å hjelpa kristne innvandrarar frå Sør-Amerika som ikkje fann noko evangelisk forsamling der dei kunne høyra Guds ord. Han ønskte eit styre for dette arbeidet, og spurte om eg kunne vera formann i det. Vi underviste begge på den tida på Fjellheim bibelskole.

Opp gjennom åra har eg site i ein god del styre, men då eg slutta som redaktør i Dagen, bestemte eg meg for ikkje å gå inn i nye styre, men konsentrera med om forkynning, undervisning og skrivearbeid. Dette spørsmålet opplevde eg likevel som eit kall, fordi det korresponderte med ei oppleving eg hadde i 1989 på ein stor misjonskonferanse i Manila. Der var det ei relativt ung jente som fortalde om kor vanskeleg det var å vera ein evangelisk kristen i Spania. Det forstod eg ikkje heilt, men det fylgde meg. Då eg så fekk spørsmålet frå Jan-Tore, var det som at eg fekk gå inn i noko som låg latent hjå meg.

Etter litt avklaring i forhold til leiinga i Misjonssambandet, for å unngå at dette nye arbeidet vart oppfatta som mistillit til eller opprør i forhold til denne organisasjonen, svarte eg ja. Diverre vart det i starten likevel ein del turbulens i forhold til NLM, noko som etter mitt syn var fullstendig unødvendig.

Johannes har guida mange gjester inn i dei naturskjønne fjellene i området.

Kva var strategien i starten?

Det var enkelt sagt å forkynna Guds ord i Noreg og i Spania. Det vart raskt som eit slagord å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord. Hans Bergane vart tilsett som dagleg leiar av heile arbeidet, og Jan-Tore Olsen som leiar utland. Dei fekk beskjed om å reisa til Spania og starta opp under bønn og etter beste skjønn! I tillegg engasjerte ein frivillige medarbeidarar. Vi måtte også ha møteverksemd i Noreg for å kunna arbeida i Spania, samstundes som verksemda i Noreg var ei oppgåve i seg sjølv.

Korleis gjekk det til at vi fekk kjøpa Centro Sarepta?

Svaret på det spørsmålet er ei så lang og detaljert historie at ho kan ikkje forteljast her. Då Misjon Sarepta vart stifta, vart det laga vedtekter, og dei var nokså opne og vidtfamnande med tanke på kva som kunne verta organisasjonen sitt arbeid i framtida. Som ein sentral og strategisk arbeidsreiskap ønskte ein å etablera eit bibel- og misjonssenter i Spania. Målet var å hjelpa med undervisning i Guds ord for kristne i Spania, samstundes som det var ein base for utadretta arbeid og ein bibelskule og ein rekreasjonsstad for nordmenn.

Vi såg på mange tomter og bygningar. Eg vil tru det var rundt 25, og det var mange artig episodar i den samanhengen. Det var mykje som kunne vera aktuelt, men det var alltid noko som gjorde det uaktuelt – inntil eigedommen som vart til Centro Sarepta, vart lagt i hendene på oss. Både måten vi fekk tilgang til eigedommen på, måte vi fekk finansiering på og måten vi fekk folk til å driv senteret på, såg vi som bønnesvar og Herrens leiing. Herren opna ei dør.

Centro Sarepta har vore av uvurderleg betydning for arbeidet. Det gjeld både den forkynninga og undervisninga vi der har hatt for spansktalande og det utgangspunktet senteret er for arbeid rundt om i heile Spania og for diakonalt arbeid. Det gjeld også den undervisninga vi der har gitt til nordmenn, både elevar, volontørar og gjester på kortare opphald. Dette siste har også skapt interesse for og omsorg for Sarepta sitt arbeid generelt, og vore viktig for arbeidet i Noreg og Norden.

Paddle kvar tysdag på Centro Sarepta. Johannes alltid blant dei ivrigaste.

Kva har gledd deg mest med arbeidet i Spania?

Det er eit vanskeleg spørsmål, og eg er freista til å svara ALT! Om eg skal nemna noko, må det vera den kontakten ein har fått med kristne forsamlingar, grupper og familiar og folk som er i ei åndeleg gråsone, rundt om i Spania og på leirar og ved undervisning på senteret, samt diakonalt arbeid. I tillegg har eg sett stor pris på alle volontørane og elevane, både nordiske og spansketalande (sjølv om eg ikkje har kunna snakka med dei siste), og så har det vore veldig mange hyggeleg, positive og interessante gjester og lærarar på huset.

Er Sarepta blitt slik du tenkte deg det frå starten?

Nei, det har vorte mykje meir! Ein tidlegare styremedlem sa han trudde han gjekk inn i styret for Sarepta for å vera ei støtte for Jan-Tore, og så hadde det vorte ein organisasjon som driv eit relativt omfattande arbeid – og det var før Sarepta overtok Bjorliheimen.

Det har kort og godt vist seg at det var behov for ein organisasjon som Sarepta med tanke på forkynning og undervisning. Dette gjeld ikkje berre i Spania, men like mykje i Noreg. Det er mange stader lite forkynning, og med det er det stort behov for forkynning og for forkynnarar! Det har vore oppmuntrande at ein har fått engasjert både erfarne og nye forkynnarar, både tilsette og frivillige. Det er særleg oppmuntrande at det er ungdomar med forkynnarnådegåve og godt åndeleg syn som er villige til å reisa som forkynnarar.

Noko av det som har overraska meg, er kor vanskeleg det er å nå etniske spanjolar med evangeliet. Det er så vanskeleg at eg trur det må vera noko av det vanskelegaste misjonsarbeidet globalt sett. Dei alle fleste evangeliske kristne i Spania er innvandrarar, og desse er stort sett pinsevenner og baptistar. Det er desse Sarepta har mest kontakt med, fordi det praktisk talt ikkje er lutherske kristne i landet. Historisk er Spania i sterk grad eit katolsk land, men no er det i stor grad eit sekulært land med katolske tradisjonar, og med svært lite kristen kunnskap.

Misjon i Spania er kort sagt svært krevjande og krev mykje tolmod og tillitskapande arbeid, og med det er det eit sterkt kall til forbønn. Det er vanskeleg å sjå nye arbeidsmetodar som kan gje større resultat. Eg trur vi må halda fram med det vi gjer, og intensivera det. Det kan vera at vi kan gjera meir direkte utadretta arbeid lokalt med bokstand, filmframvising og andre tiltak, men eg eg usikker på effekten av det. Sarepta har også ei oppgåve i å støtta evangelisk arbeid i Marokko.

Når han har ledige stunder, er det fram med malarbuksa.

Kvifor var det viktig for deg at vi skulle overta Bjorliheimen?

Vi har i fleire år snakka om at vi skulle hatt ein base for arbeidet i Noreg og Norden, som vi ved Centro Sarepta har for arbeidet i Spania. Då det la seg til rett for at Sarepta kunne overta drifta av Bjorliheimen Fjellhotell, så eg det som at Herren her opna ei dør for ein slik base.

 Eit hotell av denne typen og som er så stort, opnar fleire dører i arbeidet. Ved vanleg hotell drift gir det kontakt med folk som ellers ikkje har kontakt med kristne eller kristentru. Ved ulike typar arrangement for Sarepta og andre kristne arbeidslag vert det skapt mange møtestader mellom folk og Guds ord, og det gjev høve til samanhengande forkynning og undervisning. Det siste kjem særleg til uttrykk ved at Bjorliheimen kan vera utgangspunkt for ein bibelskule, og kombinera denne med Spania og reiser til Sør-Amerika. Det trur eg er strategiske svært viktig. Vi kan også bruka staden for team og som base for utadretta arbeid i regionen.

Bjorliheimen og arbeidet der kan vera identitetsskapande for Sarepta og utvida kontaktnettet. Eg trur det var avgjerande for Sarepta sitt vidare arbeid og utbygging av arbeidet, at vi fekk ein slik base, og Bjorliheimen er ideell i den samanhengen. Sjølv om vi enda ikkje har drive eitt år, er erfaringa eintydig positiv, sjølv om det har vore ein arbeidskrevjande og utfordrande startperiode. Det er også oppmuntrande med alle som uttalar at dei er svært takksame for at Sarepta overtok Bjorliheimen, og det er ikkje minst oppmuntrande med alle som vil støtta arbeidet der.

Eg har også hatt eit ønskje og eit mål om at Sarepta skulle starta arbeid i Sør-Amerika, gjerne i Bolivia, og ved at Bibelskolen Sarepta (Track) skal har utreise dit, er vi så smått i gang med det!

I kva grad kan vi rekna med deg framover i Misjon Sarepta?

Først vil eg seia at eg håper Sarepta held fram i tråd med den profilen og det arbeidet ein til no har drive, og at ein framleis har som overordna «strategi» å be Herren opna og stengja dører, og at Herren driv ut arbeidarar som leiarane i organisasjonen ser og vågar kalla. Til det krevst at misjonsfolket stiller opp med forbønn og midlar. Eg trur dette vil skje.

For min del er det jo slik at eg har vore formann frå starten, og eg kjenner det no både rett og godt å få leggja av meg det ansvaret, sjølv om det har vore ei privilegert oppgåve. Det meste eg har gjort så langt, har likevel vore oppgåver som låga utafor formannsvervet. Så langt tid og helse, og leiinga i Sarepta ønskjer det, vil eg bidra så mykje eg kan. Eg har slik sett ikkje tenkt å leggja årene inn, men eg ønskjer heller ikkje å vera nokon «sjuande far» i huset! Dessutan er eg framleis styreleiar for Bjorliheimen, og håper eg kan få engasjert meg noko meir der framover. Det meste av mitt misjonsengasjement vert nok framleis i Misjon Sarepta.

Tavla er blitt flittig brukt i undervisning.

Vil du lese mer?

Mer

Mer av