Det er eit stort ideologisk trykk i samfunnet mot einsretting, både livssynsmessig sett og reint praktisk. Dei kristne friskulane kjem ofte i brennpunktet her, og dei vert som ein katalysator og prøvestein for kristen tenking. Skal kristne skular ha den funksjonen dei er oppretta for, er det avgjerande viktig at dei er styrte av kristen tenking på alle plan. Heldigvis har vi mange dyktige skuleleiarar i friskulane, folk som også er villige til å ta ein støyt når det trengst. Her vil eg peika på to forhold som er svært ulike, men som like fullt har ein indre samanheng.
I Bergen har det no i mange veker vore noko så sjeldan som streik ved ein kristen friskule. Det har sin grunn i at nokre av lærarane er organiserte i Utdanningsforbundet, og dei har kravd tariffavtale. Det vil ikkje skuleleiinga inngå, fordi dei meiner Utdanningsforbundet med det dei står for, ikkje er ein naturleg part. Dessutan fylgjer skulen norsk lov med tanke på lønn og arbeidsvilkår. Dei aller fleste kristne friskular har ikkje tariffavtale med Utdanningsforbundet, og det er det heller ikke krav om i lovverket. Det er ein uting når tilsette og organ utafor skulen presser skuleleiinga i spørsmål av denne karakteren. Det er skulestyret og ingen andre som skal styra skulen, og det må også tilsette innfinna seg med.
Frå ei side sett kan vi seia at spørsmålet om tariff er eit praktisk spørsmål, og sidan reelt har lite å seia for lønn og arbeidsvilkår, men meir er korleis ein organiserer det, kunne ein enkelt seia ja til slik avtale. Så enkelt er det likevel ikkje, av minst to grunnar. Det eine er sjølve kravet om tariffavtale, altså eit krav som det ikkje er lovhjemmel for. Då tiltek Utdanningsforbundet seg ein posisjon som det ikkje har og ikkje skal ha. Det går inn i det ideologiske kravet om einsretting av samfunnet, her av kristne friskular. Gir ein då etter for å få fred, må ein rekna med at same kravet kjem ved andre friskular, og etter kvart vert Utdanningsforbundet ein maktfaktor overfor kristne institusjonar, og det vil vera svært uheldig om det skjer.
Det andre er den ideologien Utdanningsforbundet står for. Det er ei kjent sak at dette er ein organisasjon som alltid har motarbeid friskulane. Med det er det ein organisasjon på kollisjonskurs med foreldreretten, og ein tenar for statens einsrettande fellesskule. Det å inngå avtale med ein part som helst vil ha heile arbeidsplassen nedlagt, og elevar og lærarar overført til den offentlege skulen, er mildt sagt unaturleg.
I det som gjeld dagens mest kontroversielle etiske spørsmål, og der kampen er beinhard mot kristen tenking, står Utdanningsforbundet eintydig på ikkje-kristen side. Det gjeld samlivs- og ekteskapsetikken generelt og Pride spesielt. Her vil Utdanningsforbundet ei forming av barn og unge i strid med Guds gode skaparvilje, og ein slik organisasjon er det sjølvsagt unaturleg å ha som part. Det er lett gjort å oversjå alvoret i det siste. Den kampen som i dag står i skulen generelt på dette området, må ein ta på fullt alvor – også med tanke på korleis ein organiserer seg i dei kristne friskulane.
Professor Bernt T. Oftestad hadde nettopp i Dagen ein svært interessant og lærerik artikkel om den juridisk eller lovmessige utviklinga i landet vårt med tanke på samliv, og då særleg med tanke på det Pride står for, under tittelen «Pride som nasjonal indoktrinering». Han viste til at heilt frå Lovboka av 1687 og framover la staten ei naturrettsleg tenking til grunn for det som gjaldt samliv og ekteskap. Det som var «imod Naturen», var forbudt og det var dødsstraff for slikt. Det gjaldt homofilt samliv og seksuell omgang med dyr. Den naturrettslege tenkinga vart ført vidare gjennom Kriminallova av 1842 og 1902, men no var det ordinær straff, ikkje dødsstraff. Faktisk var homofilt samliv forbode i norsk lov fram til 1972, men så gjekk utviklinga veldig fort og vi fekk den kjønnslikegyldige eksteskapslova av 2008.
Det som skjedde var at ein gradvis, men faktisk nokså brått, gjekk bort frå den naturrettslege etikken som tek biologien på alvor, til ein liberalistisk etikk som baserer seg om respekt og omsyn. Det inneber også samtykke. Både dyr og menneske skulle respekterast og visast omsyn. Sidan korkje dyr, barn eller lik kan gje samtykke, vart seksuell omgang med desse gruppene forbudt. I alle andre samanhengar er det fritt fram, så sant det er frivillig og ved samtykke – om det er same kjønn, ulike kjønn eller fleire personar involvert i same akta. Dette er det Pride er det fremste talsorganet for. Det må kristne foreldre og kristne skular ta på stort alvor.
Johannes Kleppa

