Foreldreretten er ein sentral kristen tanke. Denne «retten» inneber at det er foreldra som har ansvaret for barna sine, og det er særleg viktig med tanke på underhald og oppseding. I det siste ligg på ein særleg måte det som har med livssyn og religion å gjera. Av denne grunn står foreldreretten og trusfridommen tett på kvarandre. Foreldreretten er også teken inn i menneskerettane, og vert med det rekna som ein universell rett. Alle instansar utanom foreldra skal med det vera hjelpeinstansar til foreldra. Det gjeld i særleg grad stat og kommune, og med det skulen.
Foreldreretten er særleg aktuell med tanke på det som skjer i heim og skule, samt i samanhengar av religiøs og livssynsmessig karakter. Anten det dreier seg om ein offentleg skule eller ein friskule, skjer undervisninga og oppsedinga ut frå foreldreretten, altså på foreldra sitt ansvar, slik at skulen skal hjelp foreldra på desse områda. Staten sitt mandat er med det avgrensa, men staten kan gripa inn på eige mandat om foreldra heilt klart skader barna eller ikkje er i stand til å ta seg av dei. Derimot kan ikkje staten overstyra foreldra sine val når det gjeld tru, livssyn, etikk og verdispørsmål generelt, ut frå at staten meiner foreldra vel feil. Staten sit ikkje på ein overordna fasit i slike spørsmål.
Foreldreretten er grunnmuren for all skule på barne- og ungdomsnivå, og for barnehagane. Med det vert foreldreretten som ein akillessene for foreldra. Det store spørsmålet er om barnehage og skule ivaretek den undervisninga og oppsedinga som foreldra ønskjer. Ved at foreldra er ulike og tenkjer ulikt, er foreldreretten i skulen under stadig press og er ei utfordring. Politikarar, skuleleiing og lærarar må vera seg medvitne om at dei arbeider på foreldreretten sitt mandat. Det synest dei diverre ikkje alltid å vera. Korkje lærarar eller skule har her eit sjølvstendig mandat.
Så lenge eit samfunn er verdimessig homogent, fungerer skulen nokså greit ut frå foreldreretten. Her i landet var det lenge slik, og det vart forsterka ved at grunnlova sa at alle barn som var døypte i Den norske kyrkja, skulle oppsedast i samsvar med denne kyrkja si tru og vedkjenning. Det vart til ekstra stor styrke då den nasjonalsosialistiske styresmakta under krigen ville oppseda barna i «den nye tida», altså i nazismen. Ved at langt over 90 prosent av folket var medlemmar av kyrkja og døypte barna sine der, fungerte skulen greit med tanke på foreldreretten. Kristendomsundervisninga i skulen var då også kyrkja si dåpsopplæring.
Etter kvart som sekulariseringa gjekk fram og kristendomsopplæringa i skulen gjekk frå å vera dåpsundervisning til å vera eit generelt orienteringsfag om kristendom, religion, etikk og livssyn, måtte foreldreretten koma under press i skulen. Rett nok gir skulelovgjevinga ei viss retning ved å basera skulen på kristen og humanistisk grunn, men det er flytande og forståinga av kva det inneber vil i stor grad fylgja utviklinga i samfunnet. Foreldre som har barna sine i den offentlege skulen, vil då dra i ulike retningar med tanke på oppseding og verdispørsmål. Kva foreldre skal då lærarane og skulen lytta til og fylgja opp? Det er naturleg at fleirtalet av foreldra formar hovudkursen, men det er ikkje alltid lett å vita kven som utgjer fleirtalet og kva fleirtalet tenkjer og ønskjer. Fleirtalet kan heller ikkje overstyra skulen sitt verdigrunnlag. Kan dei ikkje akseptera det, må dei danna sin eigen skule eller få endra skulen sitt fundament.
I ei sekularisert og pluralistisk tid som vår er det svært utfordrande med ein «fellesskapsskule» som baserer seg på foreldreretten. Tenkinga bak «fellesskapsskulen» og foreldreretten dreg på mange måtar i kvar si retning, og kjem lett på kollisjonskurs. Foreldreretten legg vinn på kvart foreldrepar si oppfatning og sitt ønskje for borna, medan «fellesskapsskulen» legg vinn på det som det politiske fleirtalet vil skal prega samfunnet, og det legg føringar for korleis ein ønskjer at barna skal formast i skulen. Då går barna lett over frå å vera foreldra sine barn til å vera staten sine barn. Då er vi med ein grunnleggjande etisk og ideologisk konflikt. Denne ser vi tydeleg i dagens skule, ikkje minst knytt til Pride. Foreldreretten må seiast å stå svært svakt i norsk skulepolitikk, diverre.
Skal den offentlege skulen fungera som «fellesskapsskule» på basis av foreldreretten, må det vera stor grad av fritaksrett for foreldra med tanke på den trusmessige, ideologiske og verdimessige oppsedinga barn får, særleg der barna vert aktivt deltakande i tru og livssyn. Dette må både politikarar, skuleleing og lærarar vera seg svært medvitne og opptre imøtekomande overfor foreldra. Skjer ikkje det, set skulen foreldra og barna under samvitspress. Det skal ikkje staten og styresmakta gjera.
Friskular av ulike slag er viktig med tanke på foreldreretten, og kristne friskular er her spesielt viktige. Rommet for friskular på livssynsmessig og religiøs basis er eit testspørsmål for foreldreretten i eit samfunn. Kristne friskular er viktige av mange grunnar, men ikkje minst med tanke på å ivareta foreldreretten både for samfunnet og foreldra. Ved at desse skulane har ein tydeleg basis som dei innbyd foreldra til med tanke på undervisning og oppseding, fungerer dei godt ut frå foreldreretten. Dei som vil noko anna for barna sine enn det desse skulane tilbyd, kan finna ein annan skule. Dei foreldra som ønskjer den hjelpa kristen skular tilbyd, kan her få denne hjelpa. Foreldreretten og kristne friskular er som to sider av same mynten.
Johannes Kleppa

