Det har gått ein intens debatt om medlemskap i Misjonskirken. Det er generalforsamlinga i kyrkjesamfunnet som suverent avgjer det spørsmålet. Saka er likevel aktuell også for alle andre kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar, av minst to grunnar. Uavhengig av resultatet i Misjonskirken vil eg difor kommentera saka litt ut frå eit generelt og prinsipielt synspunkt.
Det er alltid slik at utvikling og vedtak i ein kristen samanheng har ei viss innverknad på andre samanhengar. Det er snakk om ei form for surdeigseffekt eller osmoseeffekt. Det har vi sett tydeleg når det gjeld utviklinga i Den norske kyrkja (Dnk) på ulike felt, ikkje minst det som gjeld samlivsetikken. Til lengre utglidninga kom i Dnk, til meir aktuelt vart spørsmålet i mange andre samanhengar. I bedehussamanhengen har vi sett noko av det same i spørsmålet om tenestedeling. Den åndelege utviklinga og det ein gjer av vedtak i spørsmål som gjeld lære og etikk, er med andre ord ikkje berre eit «indre anliggende», som det gjerne vert sagt. Når spørsmål om medlemskap rører ved korleis ein skal tenkja, tru og leva, er det eit spørsmål av allmenn kristen interesse. Det vanskeleg å stå imot ein generell utviklingstendens. Det er difor viktig at vi er oss teologisk medvitne i slike saker.
Ein del av argumentasjonen i Misjonskirken har vore av klart liberal karakter med tanke på homofilt samliv. Det er jo alvorleg for eit kyrkjesamfunn eller ein kristen organisasjon, men på dette planet har det ikkje vorte framført noko nytt. Det som har vore meir interessant, og som kan ha større implikasjonar i teologisk konservative samanhengar, er argumentasjon som har vorte framført i bibeltruskapen og den konservative teologien sitt namn, særleg med tanke på å verna om evangeliet. Ein sentral setning i dette har vore: «Homofilt samlevende som har tatt imot Jesus og lever i syndenes forlatelse, hører Gud til. Da kan de også høre menigheten til.»
Det er sjølvsagt korrekt at den som har teke imot Jesus og lever i syndstilgjevinga, kan tilhøyra ei kristen forsamling. Det er likevel ikkje det som her er problemstillinga. Spørsmålet er kva det inneber å tru på Jesus og leva i syndstilgjevinga. Det er ikkje ei reint subjektiv sak, sjølv om det i siste instans ikkje ligg til oss å avgjera kven som høyrer Herren til eller ikkje – heller ikkje positivt å seia det på den måten her skjer. Det vi må førehalda oss til, er kva Guds ord seier om kristen tru og kristen livsførsel, og kven som ut frå det eig del i Guds rike.
Som forsvar for den aktuelle setninga, har det vorte sagt at vi alle er syndarar, og med det kan ein ikkje stilla opp etiske krav for kyrkjemedlemskap. Eit sentralt evangelisk moment som seiar at vi samstundes er syndarar og rettferdige – begge delar fullt og heilt, har også vorte brukt. Det er å snu dette prinsippet på hovudet i forhold til slik Martin Luther meinte det. Poenget med utsegna er at vårt gamle menneske vert ikkje endra ved omvending, tru og dåp. Syndefordervet er og vert det same. Dette kan ikkje brukast som argument for at menneske aktivt kan leva i noko som Bibelen definerer som synd, og likevel eiga syndstilgjev og del i frelsa. I lys av og i kraft av at ein kristen er fullkomen rettferdig for Gud i Kristus, er vår syndige natur krossfest med Kristus, slik at syndefordervet sine gjerningar ikkje skal levast ut. Det er umogleg å leva ut synd, samstundes som ein lever i tilgjeving for den same synda. Dette kjem tydeleg til uttrykk når Paulus i tilknytting til lastekatalogar seiar at dei som lever i slik, ikkje skal arva Guds rike. Då lever dei altså ikkje i syndstilgjevinga (1 Kr 6, 9f).
Det har også vorte sagt at det å stilla etiske krav av denne typen til medlemskap, er å setja hindringar for evangeliet. Evangeliet er fritt og absolutt. Dette er også å snu saka på hovudet, fordi evangeliet står aldri åleine. Evangeliet vert alltid forkynt opp mot Guds lov. Sjølv om evangeliet er fritt og absolutt, er det ikkje lovlaust som om evangeliet skulle opptre i eit vakuum. I ein lastekatolog påpeikar apostelen Paulus at det han nemner av synd, er i strid med den sunne læra, og så føyer han til: «etter evangeliet om Guds sæle herlegdom, det som har vorte tiltrudd meg» (1 Tim 1, 9-11). Eit liv i synd, inkludert homofilt samliv, seier Paulus er i strid med det evangeliet han har fått openberra frå himmelen og som han forkynner. Det må vi ta på alvor med tanke på evangelieforståinga, eller så kjem vi i skade for å forkynna eit falskt evangelium og med det føra folk vill – same kor gode intensjonar ein måtte ha.
Med tanke på medlemskap i ein kristen samanheng, har det vore vanleg å ha som «krav» at vedkomande vedkjenner kristen tru (gjerne i samsvara med ei bestemt truvekjenning) og fører eit liv i samsvar med det, altså i samsvar med Guds bod. Historisk sett har det nok ikkje vore så vanleg å konkretisera kva det inneber, fordi det ut frå allmenn kristen tanke har vore udiskutabelt. No er situasjonen ein annan, men det er ikkje gitt at ein skal setja opp spesifikke etiske krav, fordi det er vanskeleg å få med alt. Dersom ein derimot seier noko konkret, må det svarar til det Guds ord seier. Det ein absolutt ikkje kan gjera, er å gje opning for medlemskap på premiss som undergrev kva det inneber å leva i synd og som undergrev sjølve evangeliet.
Johannes Kleppa

