Eg synest debatten om «all in» har vore uryddig, av fleire grunnar. Det vert ofte vanskeleg når ein brukar ord og uttrykk som ikkje finst i Bibelen om åndelege spørsmål. Då legg ein opp til at alle og ein kvar kan leggja det i orda som ein sjølv finn rimeleg, og ein kan bruka bibelsk materiale til å fylla meiningsinnhaldet i ordet i samsvar med det – eller til å avvisa ordet og saka.
«All in» er eit uttrykk som ikkje finst i Bibelen, men det er ikkje vanskeleg å finna tekstar som kan brukast til å innhaldsfylla ordet. Uttrykket seier jo at ein skal gå heilt og fullt inn, det skal vera kompromisslaust og absolutt. Det er nokså absolutt når Guds ord seier at du skal elska Gud og «av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt» (5 Ms 6,5). Her er det ikkje rom for noko halvt eller delvis. Den ultimate utsegna finn vil hjå Peter, som seier at de skal vera «heilage i all dykkar ferd», med grunngjevinga at Gud er heilag (1 Pet 1,15f). Dette er absolutt på eit nivå som er vanskeleg å ta til seg og forstå. Poenget er at det er lova som talar slik, og lova har ikkje kraft i seg til å oppfylla det ho krev. Det er tvert imot slik at ho avslører at ein ikkje maktar det. Det er kort og godt umogleg ut frå menneske sin natur, sitt syndeforderv.
Når ein brukar uttrykk av typen «all in», reisest lett spørsmålet om kva alternativet er. Kritikarane av ordet og den tenkinga som ligg bak, får lett i retur spørsmålet om ein då meiner at ein skal gå halvt eller moderat inn for Jesus. Det vil jo ingen kristen kunna meina. Det er nok av bibelord som seier det motsette. Problemet er at ein ikkje tek på alvor at ein her er på lova sitt plan, og ein tek heller ikkje nok høgde for det totale syndefordervet.
Dersom ein i staden brukte bibelske omgrep, som «lev for Jesus», ville det vera enklare. Då ville ein sleppa ufruktbare diskusjonar om heil eller halvt. Dessutan er det slik at dei bibelske omgrepa står i ein samanheng. Formaningane til å leva for Jesus har evangeliet som bakgrunn, basis og kraftkjelde. Det er det Jesus har gjort for oss, som skaper det nye og radikale livet, og gjev kraft til dette. Det er Andens gjerning ved Ordet og Kristus. Eit døme på dette er når Paulus skriv at Jesus døydde for alle, slik at vi ikkje lengre skal leva for oss sjølve, men for han (2 Kor 5,15). Jesus gjekk i absolutt meining «all in», og det er til vår frelse, til eit liv i helging og til misjonsteneste.
Det kan ikkje vera galt å forkynna til full overgjeving til Jesus og til å tena han fullt og heilt, det gjer Guds ord i fullt mål. Det er likevel nokre utfordringar knytt til slik forkynning, og desse må vi ta på alvor om vi ikkje skal koma skeivt ut. Det eine er at slik kallsforkynning må ta heile kristenlivet på alvor, slik som kallet som høyrer heim og familie til, eller kvardagskallet i det «vanlege» arbeidet for den som ikkje er tilsett i kyrkje eller misjon. Det eine kallet må ikkje overkjøra det andre, men kalla må balanserast mot kvarandre. Skjer ikkje det, skaper ein mange unødvendige problem.
Det andre er det å skilja rett mellom lov og evangelium. Gjer ein ikkje det, vil lova sitt krav til livet formaningane si utfordring lett oppfattast som evangelium, altså at sjølve kravet og utfordringa har kraft i seg til å setja i verk det som vert kravd og utfordra til. Då går ein seg inn på lova sin veg, og det er den sikre veg til åndeleg trelldom og til å verta utbrent. Det er også den sikre veg til å stilla krav og vert kritisk overfor andre på ein negativ måte. Det er først når evangeliet om kva Jesus har gjort for oss, og kva vi eig i han, vert tydeleg forkynt, at mennesket vert sett fri, og denne evangeliske frigjeringa ber også i seg kraft til eit nytt liv, der ein verkeleg lever for Jesus med heile livet sitt. Evangeliet kan aldri reknast som noko sjølvsagt eller føresetjast. Det må alltid forkynnast. Ein kan heller aldri ha som føresetnad at alle som høyrer kallsforkynninga er åndeleg frigjorde, særleg ikkje når ein har store ungdomsflokkar føre seg.
Det tredje er at ein må rekna med sitt eige syndeforderv, og forkynnaren må vera realistisk med tanke på kva som er mogleg i tilhøyraren sitt liv. Ytre sett er det mogleg å gå «all in» for Jesus og misjon, men på det indre og åndelege planet er det umogleg. Då ville ein ha vore i himmelen, der synda og syndefordervet er bort. Når kristne seier ein går «all in» for Jesus, snakkar ein anten utydeleg og tenkjer på det ytre og på prioriteringar i livet, eller så har ein ikkje sett djupt nok i sitt eige syndeforderv med tanke på motiv, haldningar og vilje. Dette siste trur eg faktisk er eit større problem enn vi likar å tru, særleg hjå unge og nye kristne. Syndserkjenninga knytt til eige liv og eiga teneste er svak, og då vert også livet i evangeliet svak, og då vert også krafta i tenesta tilsvarande svak. Rett og sann syndserkjenning har positive verknader.
Eg har nett lese romanen Steingrunnen av Bo Giertz på nytt, og her er spørsmålet om synderkjenning opp mot evangelieforståinga sentral. Unge prestar har mykje glød og vilje, medan dei eldre prestane verkar noko trauste og kjedeleg, men når det kjem til stykke, er det deira innsikt i evangeliet som vert frigjerande for dei unge prestane, og som gir ny kraft i livet og i forkynninga. Det slo meg då eg no las romanen på nytt, at her var mykje som er aktuelt inn i debatten om «all in». Eg slår altså eit slag for Steingrunnen i denne samanheng. I hjarta er det altså ikkje berre større og mindre steinar åndeleg talt, men ein endar ned på steingrunn, på eit totalt syndeforderv.
Det som også er aktuelt i denne samanhengen, er Andens gjerning som den som overtyder om synd, dom og rettferd, som herleggjer Jesus og som ved openberringa av Ordet om krossen er Guds kraft til vitneteneste og misjon, og som gjennom dette også er Guds kraft til frelse. Det var av denne grunn Jesus sendte Anden til jorda.
Johannes Kleppa
foto: adobe stock

