Staten og Guds vilje

Det er stadig diskusjon om korleis vi skal tenkja om staten eller om kristendommens plass i samfunnet. Vi opplever slik debatt både i USA og her i landet, og i mange andre land. I visse historiske situasjonar vert dette sett heilt på spissen, slik som i vårt land under siste verdskrigen. Generelt er det slik at kristendommens plass og innverknad i samfunnet, har minka radikalt dei to siste generasjonane. Eit barometer på det er spørsmålet om livsrett og menneskeverd slik det kjem til uttrykk i abortlova, og i spørsmålet om mann og kvinne, slik det kjem fram av ekteskapslovgjevinga og forståinga av kjønn.

Heilt sidan Jesu tid har det vore diskusjon om dette, og Jesus gav det overordna svaret ved å seia at vi skal gje keisaren, altså styresmakta, det som keisarens er, og Gud det som Guds er. Spørsmålet vert så korleis det skal skje i praksis. Før Jesu tid var dette annleis. I den gamle pakta gjekk Israels historie og frelseshistoria i eitt, og det kan vera ei utfordring for oss når vi les GT. Noko gjeld primært Israel som land og folk, slik som krigar og mange av føreskriftene. Anna gjeld primært frelseshistoria, særleg det som gjeld prestetenesta, offera og messiasprofetiane. Noko kan overførast på staten i vår tid, men ikkje alt.

Jesus innførte eit skilje mellom det som høyrer Gud til og det som høyrer styresmakta til. Det første har med frelsa å gjera, og det andre har med livet her på jorda å gjera. Sjølv om Jesus skil på denne måten, betyr ikkje det at Gud ikkje har noko med staten og styresmakta å gjera. Dette presiserer apostelen Paulus ved å seia at styresmakta er av Gud, og at ho skal fremja det gode og hindra den vonde gjerninga. Vi skal difor be for styresmakta og lyda henne, så sant ho ikkje byd oss å synda. Dette gjeld all styresmakt, slik som den heidenske styresmakta som var på Paulus si tid.

Det Jesus omtalar som keisaren, kallar vi det verdslege regimentet og det han omtalar som Gud, kallar vi det åndelege regimentet. Med eit regimente meiner vi ein styringsmåte. Begge regimenta er djupast sett Guds, og med det har Gud ein vilje for begge regimenta, og begge står ansvarlege overfor Gud. Som styringsmåte er dei gjerne symboliserte med eit sverd. Det har vore diskusjon om kven som ber dei to sverda. Etter Jesu ord tilhøyrer det eine sverdet kyrkja og det andre styresmakta. Opp gjennom mellomalderen ville både paven og keisaren ha begge. Ved Luther og reformasjonen vart det gjort eit tydelegare skilje mellom dei to regimenta enn det hadde vore før. Ved statskyrkjeordninga gleid dei like fullt noko over i kvarandre.

Då Noreg vart kristna og vi fekk kristenretten, vart det gjeve ordningar for begge styringsmåtane ut frå kristen tenking. Kyrkja fekk sine ordningar for å ivaretaka forkynninga og forvaltinga av sakramenta til folks frelse. Samstundes vart samfunnet ordna ut frå kristen tenking ved at lovene, styringsmåten og forsvaret skulle formast ved at ein bøygde seg mot aust, mot Jerusalem og Kvitekrist. Den kristne tenkinga som med det kom for samfunnet, vart forsterka ved Landslova som Magnus Lagabøter fekk utarbeidd, det vart vidareført gjennom Kongelova i unionen med Danmark og det låg til grunn for Grunnlova av 1814. Det bør vi hugsa på når vi feirar 17. mai, Grunnlova og nasjonaldagen.

Dei siste hundre åra har det kristne fundamentet for nasjonen og styresmakta stadig vorte utvatna og svekka, slik at det no nesten er ei totalt sekularisert tenking som ligg til grunn for styresmakta. Det er tankevekkande at under siste verdskrigen var samfunnet sitt ankerfeste i kyrkje og kristentru avgjerande for kampen mot nazismen og «den nye tida». Dette gjaldt særleg lærarane sin kamp for at dei oppveksande slektene ikkje skulle verta nazifisert gjennom oppsedinga og undervisninga. Dagens grunnlov ville ikkje ha gitt denne ideologiske hjelpa, fordi forpliktinga på kristen oppseding er borte. Det bør dei tenkja på, dei som vil all kristen verditenkning for samfunnet til livs. Dei ti boda er gode og byggjande for land og folk.

For Guds folk bør 17. mai vera ei formaning til å lyda Gud ved å lyda styresmakta, og til å be for s

tyresmakta etter apostolisk formaning. Dagen bør også vera ei formaning til å tena både Gud og samfunnet.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock

Vil du lese mer?

Mer

Mer av