9. mai i år gjekk Johannes Kleppa av som formann, etter 12 års teneste som øvste leiar av Misjon Sarepta. Styret måtte difor velge ny formann, og valet fall på Asbjørn Nordpoll. Vi treng difor å bli litt betre kjend med han.
Kven er Asbjørn Nordpoll?
– Det er ein mann på 47år, født i Bergen, oppvokst i Norheimsund i Hardanger og etter nokre mellomlandingar, busett på Helgøy I Ryfylke fra 2007. Eg er gift med Elin, og saman har vi 4 jenter i alderen 12-18 år.
-Eg gjekk eitt år på Fjelltun Bibelskule 02/03, noko som nok gav meg ein «ny start» og ein ny kurs i livet. Etter Fjelltun jobba eg nokre år på bibelskulen som driftsleiar, før vi gifta oss og flytta til Helgøy. Her jobba eg i dag, som teknisk leder i ei familiebedrift som driv med hurtigbåtar.
Asbjørn har vore med i styret for Misjon Sarepta sidan 2023. Han tilrettelegg også for møter i Ryfylke-regionen. Vi spurde han også kvifor han har engasjert seg i Sarepta.
– Eg har kjend til Sarepta sidan oppstartsåra, og det har gjennom årene vokse fram ei glede over og sjå arbeidet som er blitt etablert. Vi fekk være ein tur med heile familien til Centro Sarepta sommaren 2018, og fekk sjå og oppleve den fine plassen og det flotte arbeidet som drives der nede. Elles har vi og fått vore med på alle dei fine sommarleirane i Fyresdal som Sarepta arrangerer. Det som kanskje har gledd meg aller mest, er den nød for å skape møteplassar mellom menneske og Guds Ord. Det å reise til plassar der det så å seie ikkje er forkynning igjen, eller er heilt nedlagt. Det krev eit stort kall til å reise rundt på ein slik måte, og eg er takknemleg for at vi har unge som kjenner på forkynnarkallet. Ver med og husk på dei i bøn!
Kva tenkjer du blir viktig for Sarepta dei komande åra?
– Framover trur eg det blir viktig og bygge videre på det arbeidet som er etablert, både i Spania, Marokko og i Norden. I Spania har vi flotte medarbeidarar, som gjer ein flott jobb, og når stadig ut til nye menneske og kontaktar, og skaper viktige møteplassar der ein kan dele Guds Ord, samstundes som det foregår eit flott arbeid og på senteret, der det store deler av året er bibelundervisning.
– I Norden er det eit ynskje å styrke forkynnarstaben, slik at vi kan nå enda fleire nye plassar med evangeliet, og etter kvart ha lengre møteseriar, der Guds Ord kan virke over tid.
– Bjorliheimen fjellhotell, er det siste nye vi har satsa på, der vi har overtatt drifta av hotellet. Ein fantastisk flott plass, i fantastisk natur, som vi ynskjer skal være eit misjonssenter i Norge. Der ligger det uante moglegheiter for bruk av huset og plassen. Vi ynskjer det skal bli ein base for ein bibelskule, som er solid forankra i Guds Ord, der vi kan gi god veiledning og åndelig utrustning til unge menneske.
– Og kanskje viktigst av alt, være lydhør til Herrens vilje, og be han både åpne og stenge dører, slik han har gjort til i dag.
Vi gledar oss ovar at Asbjørn ville ta på seg denne tenesta, og bed om velsigning over han og familien! Omslutt han og familien i bøn!
Ole Andreas Meling

