Kort tid etter at Misjon Sarepta var etablert, oppretta vi spalta Ettertanke på heimesida. Hovudpoenget med spalta var å gje orientering om ting som skjer i tida på det det åndelege planet, og å gje kristen rettleiing i høve til det. Eg har så skrive Ettertanke kvar veke etter det, slik at det til saman har vorte over 500 artiklar. Eg har fått relativt mykje positiv tilbakemelding på desse epistlane, særleg når eg har sendt nokre av dei også til Dagen.
Når eg no skriv denne Ettertanke, har eg gått ut av styret i Misjon Sarepta, og med det også gått av som formann. Eg går med det ut av alle formelle posisjonar i Sarepta, bortsett frå at eg held fram i styret for Bjorliheimen Fjellhotell og er styreleiar der. Eg har hatt ein del oppgåver i Sarepta i tillegg til å vera formann, og desse held eg i stor grad fram i, slik at Sarepta-engasjementet framleis vil vera rimeleg stort.
Styret, og ikkje minst den nye formannen, har ønskt at eg skulle halda fram også med Ettertanke. Det har eg sagt ja til, men det vert då på litt andre premissar enn tidlegare. No skriv eg altså ikkje i kraft av vervet som formann, men ut frå mitt eige namn. Samstundes er det slik at ved at Ettertanke er ei fast spalte på heimesida til Sarepta, inneber det at det framleis er meint som åndeleg rettleiing ut frå det Sarepta står for. Nokre gonger har eg brukt å skriva om meir interne forhold i Sarepta og ført fram informasjon og argumentasjon for handlemåtar og tiltak i organisasjonen. Det kjem eg no ikkje til å gjera. Det vil liggja til dagleg leiar og formannen. Ettertanke vert altså i litt sterkare grad ei kommentarspalte.
Det er ingen dramatikk i formannsskiftet. Eg har hatt denne funksjonen sidan oppstarten for 12 år sidan, og når eg no også passerer 74 år, var det naturleg å gje seg. Det at eg hald fram med Ettertanke betyr ikkje at eg skal vera ein «sjuande far» i huset, men det er samstundes eit vitnemål om at det Sarepta har stått for, ligg fast. Kall, kurs og teologi er som før.
I Sarepta har vi heile tida tenkt at forkynning og undervisning er vårt hovudkall, og i det ligg også eit kall til åndeleg orientering og rettleiing. Det at vi har teke den funksjonen på alvor, er det relativt mange som har sett pris på, og fleire har sagt at det må Sarepta halda fram med. Det er ein god del som etterlyser nettopp offentleg åndeleg rettleiing frå kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn. Etter mitt skjønn bør fleire ta dette på alvor, fordi forvirringa og forføringa er stor. Det er vanskeleg for den «vanlege» kristne å halda seg orientert om alt som rører seg i teologien, kulturen og samfunn, og kunna analysera, vurdera og ta stilling til dette. Den åndlege leiarskapen har her eit stort ansvar.
Misjon Sarepta ønskjer altså å bidra på dette feltet i den grad det er mogleg for ein liten organisasjon å gjera det, og eg har sagt meg villig til å bistå med dette. Hvoudsaka med spalta Ettertanke er med det å medverka til å riva ned tankebygningar som reiser seg som festningsverk mot kristen tru og tanke, og å ta tanken til fange i lydnad mot Kristus, det vil seia at tanke og tru vert forma av Guds ord (2 Kor 10, 4-5).
Johannes Kleppa

