Centro Sarepta og sanninga

Eg skriv enda ein gong Ettertanke frå Centro Sarepta. Generelt er det bra med gjester på senteret for tida, men nett denne veka har det ikkje vore så veldig mange, men det har vore ein fin og variert flokk. I det eg skriv denne kommentar høyrer godlyd frå ei gruppe med konfirmantar frå Sverige. Det er hyggeleg at også vårt naboland brukar senteret.

Det er ein god del gjester framover. Det same gjeld for sommaren og komande haust. Undervisninga på spansk varierer, men her er stadig folk som får bibelundervisning. No er her ein spansktalande volontør som i tillegg til bibelundervisning også gjer ein del praktisk arbeid, og det trengst stadig.

For neste skuleår vert det ein god del endring både på grunn av den nye bibelskulen, Bibelskolen Sarepta, og fordi det er mange skular og andre grupper som tek mykje av kapasiteten. Det vert difor større variasjon i opplegget enn det har vore. Det vert mange gode tilbod for både unge og eldre som vil ta ein tur! For å sleppa å avvisa folk, arbeider vi må å få til ei ombygging i andre etasjen i hovudbygget, slik at romma der vert meir nyttbare og vi får plass til fleire. Vi håper og trur at dette vil lukkast. Det trengst!

Det som er ekstra spennande, er kva resultatet til sist vert når det gjeld Bibelskolen Sarepta, både for den delen som er på Bjorliheimen og for bolkane på Centro Sarepta. Vi har fått nokre søkjarar, men vi vonar på fleire. Det er fint med alle som vil søkja, og det er like fint med alle som vil bidra til at unge og eldre søkjer. Det å tileigna seg bibelkunnskap er uhyre viktig. Vi får svært mange positive tilbakemeldingar på at Sarepta satsar på ein bibelskule og på opplegget for denne, men derifrå til å få elevar er det eit godt stykke. Ikkje noko gjer seg sjølv.

Når eg har gitt denne Ettertanke tittelen «Centro Sarepta og sanninga», er det ikkje primært for å skriva sanninga om dette senteret, sjølv om det er viktig nok å løfta fram nokre glimt frå det som skjer her. Det har med undervisninga å gjera. Denne veka har Ole Andreas Meling undervist i Pastoralbreva, og då særleg Paulus sitt andre brev til Timoteus, men underteikna har hatt glimt frå Johannesevangeliet.

Johannesevangeliet er på mange måtar særmerkt samanlikna med dei andre evangelia. Apostelen Johannes har ein språkbruk og ein uttrykksmåte som får fram ein del bibelske sanningar på sterkare måtar enn i dei andre bibelske bøkene. Vi snakkar i denne samanhengen gjerne om «johanneisk bibelteologi», utan at eg kan gå inn på breidda i dette her. Eit hovudmoment er å få fram kven Jesus er som Guds Son, og frelsa ved tru på han.

Eit sentralt ord hjå Johannes er «sanning», og den bodskapen som ligg i dette. Når Johannes talar om sanning, er ikkje poenget at ein opplyser om ein korrekt informasjon, slik det det vart forstått i Johannes si samtid i gresk samanheng og slik det vert forstått i vår vitskapsorienterte tid. I vår tid er dessutan alt som gjeld sanning utanom slik faktaopplysning, sett på avskriving. Det heile er gjort relativt og subjektivt. Dette står i diametral motsetnad til den bibelske forståinga av sanninga.

Johannes brukar eit gresk omgrep for sanning, men han fyller er det innhald frå GT, og der står sanninga primært for truskap og truverde. Sanninga har sitt utgangspunkt i Guds pakttruskap. Vi kan lita på Gud, hans gjerning og hans ord. Det gjeld både Gud i hans skapargjerning og Gud i hans frelsargjerning. Sanninga er det som er i samsvar med skapinga og røyndommen, og i samsvar med Jesu frelsesverk og det evige livet. Då endar vi opp med at sanninga er slik Gud er, og slik han openberrar seg i Skrifta. Sanninga er knytt til Jesu person, hans ord og gjerning.

Alt som bryt med Gud og Guds ord, er uttrykk for løgn. Det er ikkje truverdig og det ligg ingen truskap i det. Det skaper ikkje tillit og det fortener heller ikkje tillit, fordi det er villeiande og forførande. Med tanke på den tenkinga som råder i vår tid, det vi gjerne kallar tidsånda, er det avgjerande viktig at vi held fast på sanninga og held denne fram – og då i samsvar med slik sanninga framstår i Skrifta. Då lærer vi den sanne Gud å kjenna på rett vis, og kan leva i tillit til hans truskap – slik vi møter denne i Jesus og hans frelsesverk.

Johannes Kleppa

foto: OAMeling

Vil du lese mer?

Mer

Mer av