Profetisk tale og Guds leiing

I Dagen har det gått ein debatt om korleis Gud talar, om profetisk tale, om Guds leiing, om Andens gjerning og meir til. Eg synest debatten til dels har vore forvirrande fordi ein snakkar om ulike ting samstundes som om det var same tingen, og ein legg til dels ulikt innhald i dei same orda. Noko av det avspeglar også ei ny tolking som kom med karismatikken med tanke på forståinga av nokre av nådegåvene. Eg skal ikkje ta mål av meg til å rydda opp i det heile, men eg vil bidra med nokre synspunkt og nyanseringar.

I all evangelisk kristendom er prinsippet om Skrifta åleine heilt avgjerande. Det er sjølve læreprinsippet som ligg til grunn for dei ulike lærestandpunkta og den totale kristendomsforståinga. Dette prinsipper seier at det er gjennom Guds ord i Bibelen at Gud openberrar seg for oss menneske, og det er ut frå denne openberringa all lære skal fastsetjast og prøvast. Slik sett talar Gud berre gjennom Skrifta, og det er her vi finn Guds ord – og berre her. Ikkje noko anna enn Bibelens tale bør difor karakteriserast som Guds ord eller Andens tale og openberring. Også nådemidla har sin basis her.

Samstundes er det slik at Gud leier den einskilde av oss på det personlege planet. Det kan skje på mange og ulike måtar. Det kan skje ved at Guds ord i Bibelen talar direkte inn i ein situasjon, ved at det veks fram ei overtyding i vårt indre – brått eller over tid, ved at vi høyrer som ei røyst talar i vårt indre, ved draumar, ved det vi kallar «minningar» og på andre måtar. Dette bør ikkje omtalast som Guds ord, men som Guds leiing og påminning. For min del har eg opplevde dette nokså tydeleg i samband med kall til teneste i kristen samanheng. Slik leiing og påminning vil aldri vera i strid med Guds openberra vilje i Skrifta.

Fleire av nådegåvene som Paulus omtalar i Rom 12 og 1. Kor 12-14 er også aktuelle i denne samanhengen. Det er talt om «visdoms tale» og «kunnskaps tale» ved Anden. Før karismatikkens tid vart desse nådegåvene primært knytta til forkynninga. Nokre har ut frå dette ei særleg gåve til å formidla kristen kunnskap gjennom forkynning, medan andre har ei tilsvarane gåve til å formidla åndeleg visdom. No vert desse gåvene meir personorienterte ved at det er snakk om «kunnskapsord» og «visdomsord» inn i einskildpersonar sine live, og kanskje inn i ei forsamling. Det kan også vera snakk om å læra seg og å øva seg i slik tale. Det strid etter mitt skjønn med at det dreier seg om gåver som ein får av og ved nåde, eller av og ved Anden. Eg trur den «gamle» forståinga kjem best til rette med desse nådegåvene.

Det er også snakk om nådegåve til å tru. Det kan ikkje dreia seg om trua til frelse, men må gå på tru i tenesta. Denne gåva har ofte kome til uttrykk ved måten ein har satsa på i misjonsarbeidet. For Misjon Sarepta sin del trur eg denne nådegåva var i funksjon i og med at organisasjonen vart starta, og ved opprettinga av Centro Sarepta i Spania, kanskje også ved overtakinga av Bjorliheimen Fjellhotell.

Det er også talt om at når ein kjem saman, har nokre «ei openberring». Det kan ikkje gå på openberring av den typen som kom ved profetane og apostlane, altså formidling av Guds ord frå himmelen. Det må primært gå på noko ein får frå Guds ord til vitnemål og oppbygging. Det kan også gå på at ein kan vera til hjelp og rettleiing i andre sitt liv.

Vi kunne nok løfta fram fleire element av same karakteren. Det er likevel ei nådegåve og oppgåve som er spesiell i denne samanhengen, og det er profetisk tale, eller nådegåva til å tala profetisk. Ved å sjå på korleis profetane talte og opptrådte i den gamle pakts tid, kan vi læra noko om denne gåva, men vi kan ikkje overføra alt, fordi dei var openberringsberarar eller openberringsformidlarar, altså at dei gav oss Guds ord. Det som prega dei, var like fullt at dei primært talte Guds ord inn i tida og inn i folket på ein aktualisert måte. I tillegg gav dei syner om framtida, særleg knytt til Jesu kome og gjerning.

For meg verkar det nokså tydeleg at når Paulus talar om profetisk tale, gjeld det forkynning, og ikkje «profetord» inn i den einskilde sitt liv – og aller minst å øva seg på «profetord». Paulus definerer denne gåva eller denne talen slik: «Den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging, formaning og trøyst.» Apostelen forklarer vidare denne talen ved å samanlikna med tungetale, og gjer då klart at det gjeld forkynning. Den profetiske talen har det med seg at folk vert avslørte og dømde, og fell på kne i erkjenning og tilbeding av Gud. På denne bakgrunn er den «gamle» oppfatninga av profetisk tala at det er forkynning med særleg åndsmakt som aktualiserer Ordet inn i folk og forsamlingar sin livssituasjon med overtydingskraft – til dom og oppreising, til formaning og trøyst. Dette trengst til alle tider, og det er nok difor Paulus legg så stor vekt på denne nådegåva, og oppmodar til å søkja å tala profetisk og gje denne forkynninga god plass.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av