Å vakne til lyden av rennande bekkar

Tenk deg å vakne til lyden av rennande bekkar og brusande fossar som renn nedetter fjellsida. Kanskje du opnar teltduken eller dreg frå gardinene i hytta, og så ser du opp på dei vakraste fjella du kan tenke deg. (Eg seier dette heilt upartisk, sjølvsagt.) Så kokar du deg kaffi, finn nokon trivelige mennesker å ete frukost ilag med, og så køyrer dokke dei minutta det tek å komme seg ned i botnen av dalen der kapellet ligg.

Litt småtrøytt eller full av energi – i benkeradene i kapellet er det rom for alle. Jan-Tore får ta deg med eit par tusen år tilbake i tid – til kjente og mindre kjente stader og personar i Bibelen, eller på ei mental reise til fjerne land, der andre også har fått sitte og høre seg frelst, eller høre seg inn i ein nærare relasjon til Jesus. Så er bibeltimen ferdig og det er tid for å ta stilling til kva du vil fylle dagen med. Etter ein kort samtale med sidemannen og dei på raden bak deg får du avklart at nokre av dei andre skal gå ein lengre fjelltur, medan eit par andre foretrekker å ta seg ein liten tur ut på Oldevatnet. Nokre har med eigne SUP’ar dei skal prøve å få pumpa opp, medan andre har tenkt å leige seg trøbåt eller kano. Kanskje det er vatnet som lokkar deg denne dagen, og du får oppleve syden-turkis vatn som ligg skjerma frå omverda, med alle dens svingingar og urolegheiter.

Sjelefred er eit uttrykk som det faktisk er mogleg å kjenne på kroppen i desse omgjevnadane. Luft så klar og frisk som rein medisin er kvotefritt tilgjengeleg i denne dalen. Og stilla du finn her gir deg rom til å faktisk la orda frå bibeltimen synke inn og ta rom i hjarte og sinn.

Så er det kanskje tid for lunsj, og du og flokken pakkar saman og køyrer inn på det koselegaste gardstunet du kan tenke deg. Tanken på at her har det levd menneske som har kjempa for tilværelsen med og mot naturkreftene gjennom generasjoner, legg eit flott bakteppe idet du går inn dørene og oppdagar ein innbydande kafè. Her får du smake lokal mat, tilberedt slik dei har gjort det i generasjonar, medan du kan bygge venskap og relasjonar som du kan ta med deg vidare i livet.

Utover ettermiddagen har du kanskje behov for litt aleinetid med Jesus over ein open Bibel. Kanskje du set deg ut på verandaen på hytta du bur på, eller dreg liggeunderlaget ut av teltet, og legg deg under open himmel. Du får lov til å sette livet litt på pause, og legge vekk alle forventningar og krav som livet stiller til deg, og som ventar på deg der heime. Du får rett og slett ligge litt på lading. Jesus seier til disiplane sine «kom med til et øde sted hvor vi kan være for oss selv, og hvil dere litt» (Markus 6:31), og same invitasjonen gir han til deg.

Etter nok eit næringsrikt og godt middagsmåltid på gardstunet er det tid for kveldsmøte. Kroppen er kanskje sliten etter dagens aktivitet der du sit i benkeraden i kapellet, men tanken er klar, og Jan-Tore får nok ein gong adgang til å gi hjartet ditt mat. Vi er laga slik – vi treng både aktivitet og kvile, pusterom og friksjon og næring for kropp og sjel. Kanskje du kjenner at du kan senke skuldrene lågare enn du har klart på lenge. Kanskje du får kjenne at du faktisk trekk lufta heil ned i lungene. Kanskje teksten i den velkjente songen frå Sangboken får ei heilt ny betyding for deg, og kanskje du ser ein helt ny dybde du ikkje visste at var der.

Når kvelden kjem senkar roa seg over dalen, og det er tid for å fyre opp bålet i grillhytta på campingplassen. Du kan få dele levd liv, og få glimt inn i andres levde liv og andres vandring med Jesus. Det er godt å kunne kome som ein er, og å få bli sett for den ein er, ikke berre den ein burde vore. Medan ein liten gjeng benyttar siste rest av kvelden på kombinasjonen å sveitte og fryse i hjel ved hjelp av badstua som ligg rett ved elva, tek du kanskje heller på deg ullgenseren og heller varm kakao i koppen, før du lener deg godt tilbake og lagrar dagens minner i minneboka. I morgon er planen å ta skyliften opp på fjellet Hoven i Loen, og det er godt å kjenne på glede og forventning til kva meir morgondagen vil bringe.

Meir informasjon om bibelhelga finn du her:
https://misarepta.no/2026/02/24/velkomen-til-bibelhelg-for-unge-voksne-i-oldedalen-10-14-juni-2026/

Påmelding i dette skjemaet:
https://forms.gle/AT8DrksTaHqQQ4zK9

Kom som du er – midt i livet som det er.

Andrine Kvamme

Vil du lese mer?

Mer

Mer av