Denne veka har eg vore på dugnadsleir på Bjorliheimen. Det har eg vore saman med 12-13 andre, og vi har grundig malt 12 rom – vegger, tak og møbler. I tillegg har alt som har med utstyr for brannslukking på hotellet vorte gjennomgått og oppdatert.
I misjonsarbeidet er det svært mange og ulike oppgåver skal gjerast. Nokre av desse er svært praktiske som maling. På eit såpass stort hotell som Bjorliheimen er det kontinuerleg behov for vedlikehald og oppgradering. Hotellet er takksame for folk som vil bidra med dette. Til hausten er det ny dugnadsleir, men slik arbeid kan skje når som helst – bortsett frå når det er heilt fullt med gjester. Hotellet kallar altså til dugnadsinnsats med gratis kost og losji, og hyggeleg fellesskap!
Når det er leir, vil det også vera forkynning og undervisning. Denne gongen har vi hatt «Glimt frå Johannesevangeliet» som tema for bibeltimane som start på dagen. Dette evangeliet er særmerkt i høve til dei andre evangeliet, ikkje minst med tanke på at Jesus brukar Guds namn «Eg er» på seg sjølv, ved den funksjonen under har som teikn, ved måten omgrepet sanning er brukt på, ved Jesu avskjedstale og Jesu øvsteprestlege bønn – for å nemna litt!
Om kveldane har ein del av dugnadsgjengen teke turen til Dombås for å vera med på møteveke ved Per Tveten. Flokken som samlast der om Guds ord, er relativt liten, slik at dei sette stor pris på at det kom ein flokk frå Bjorliheimen. Det å støtta opp om desse møta såg vi som naturleg, fordi Bjorliheimen ønskjer å bidra i det kristne arbeidet i regionen. På Dombås bur det dessutan nokre som også er aktive støttespelarar for Bjorliheimen.
Hovudsaka i misjonsarbeidet er for forkynninga av og undervisning i Guds ord. Det er også hovudsaka for Bjorliheimen. Vi ønskjer at staden på mange og ulike måtar skal fungera som ein møtestad mellom folk og Guds ord, og slik opplever vi at det er. Det gjeld reint generelt med tanke på gjester som overnattar her, men kanskje særleg ved kristne arrangement ved Sarepta eller andre, Det er nokså mange slik arrangement, men vi håper det skal verta enda fleire.
Til meir eg er ved Bjorliheimen, til tydelegare ser eg at dette er ein god reiskap i misjonsarbeidet. Staden er i relativt god stand, men med ein del maling og andre tiltak vil staden verta enda meir innbydande for gjestene, og med det enda meir attraktiv. Sjølv om omsetting ved hotellet stadig aukar, er det framleis stort rom fleire gjester, både einskildpersonar og grupper.
Det som vert ekstra spennande, er bibelskulen som startar i slutten av august. Vi meiner vi har eit svært godt opplegg både når det gjeld undervisning, fellesskap, opplevingar og misjon. Her har vi fått ein del søkjarar, men vi ønskjer fleire – både heilt ung og godt vaksne. Vi trur bibelskulen skal verta til stor velsigning for elevane, men også for hotellet, regionen og Sarepta sitt arbeid generelt. Du bør difor vurdera om du skal ta deg ein bolk eller fleire på denne bibelskulen eller oppmoda andre til det.
I det store perspektivet vil det vera god investering om foreldre og besteforeldre sponsar eit bibelskuleopphald for barn og barnebarn.
Johannes Kleppa

