Det har oppstått ein debatt etter at MF vitenskapelige høyskole (MF) har tilsett ein muslim som lærar og forskar, og etter at institusjonen har tilrettelagt for bønn og refleksjon som ikkje skjer i Jesus namn, men i praksis i stor grad i Allahs namn. Sjølv om dette er noko heilt nytt ved ein kristen læreinstitusjon, forsvarar MF det som noko heilt sjølvsagt. Det vitnar om korleis pluralismen og relativismen har trengt gjennom på alle hald i samfunnet, også der det skulle vera umogleg – i kyrkjeleg teologi, altså i læra om den eine sanne Gud som har openberra seg i Jesus Kristus.
Eit av dei merkelegaste og mest absurde innlegga står 17 stipendiatar ved MF for i det akademiske fagorganet Khrono. Det er altså folk som arbeider med doktorgrad på ulike felt, og som med det høyrer til den fremste akademiske eliten. Dei skal etter kvart stå i fremste rekkje i teologiske forsking og undervisning. Det er difor rett ut sagt skræmande å lesa det dei skriv, og då ut frå fleire innfallsvinklar
Det er for det eine ei total nedskriving av kyrkjeleg teologi og utdanning, ved at Bibelen ikkje får sin rettkomne plass som openberring. For det andre er det ei total undergraving av ein sakleg og teologisk kritikk av islam, ved at slik kritikk vert definert som rasistisk. For det tredje er dei ei total utfasing av ein teologisk institusjon som kyrkjeleg institusjon, ved å definera kritikk av tilsetjing av ein muslim som personangrep. Substansen i innlegget er rimeleg tynn, men intensiteten og ordlyden er sterk, og det er særleg sjefredaktøren i Dagen, Vebjørn Selbekk, som får gjennomgå. Han har alt i ein leiarartikkel påvist det uhaldbare i angrepet, særleg det som gjeld påstandane om rasisme. Selbekk treng ikkje mi hjelp til å forsvara seg, men eg stiller meg gjerne saman med han i denne saka.
Det er mange element i den debatten som har oppstått, og eg løfter berre fram nokre få av dei her. Det vert argumentert med at det kan skje mykje god forsking i muslimsk samanheng og at muslimar med det kan vera gode forskarar på line med forskarar med anna religion og livssyn. Det er det vel ingen som har nekta for. Spørsmålet er om slik forsking skal og kan skje innan ein kristen institusjon. I tillegg er det eit moment at i ein del forsking vil etiske og verdimessige element spela inn, og då vil forsking basert på kristent verdigrunnlag vera i ei stilling for seg sjølv, både i forhold til islamsk basert forsking og forsking basert på andre ikkje-kristne verdigrunnlag. Dette gjeld jo primært teologisk forsking.
Det har også vorte hevda at det er viktig med forsking som går på islam og andre religionar. Også det er greit, men denne treng ikkje skje av muslimar eller folk med anna religion. Når slik forsking skal skje innan ein teologisk basert institusjon, bør det skje av forskarar som baserer seg på eit kristent verdigrunnlag, slik at det kan skje ein analyse og ei vurdering ut frå Guds ord.
Når det vert hevda at kritikk av tilsetjing av ein muslimsk forskar ved ein kristen institusjon er uttrykk for rasisme og er eit personangrep, umogleggjer det ein sakleg debatt, og det fungerer som maktspråk. Det er forskjell på religionskritikk og rasisme. Rasismen er primært retta mot folkegrupper, ikkje mot religionar. Religionskritikk går ikkje på folkegrupper, men på lære og praksis i religionar. Når tilsetjing av ein muslim vert kritisert, går det på prinsippet og på integriteten til institusjonen, ikkje på personen som vert tilsett. Rett nok kan det også gå på bakgunnen til vedkomande og den tilknyttinga vedkomande har, for å visa det prinsipielt umogleg i tilsetjinga.
I den aktuelle saka ved MF er ikkje hovudsaka den aktuelle forskaren, men kva det inneber å vera ein teologisk læreinstitusjon, og kva institusjon MF er oppretta for å vera, kva MF bør vera og kva MF faktisk er. Då er det heile berre tragisk.
Johannes Kleppa

