For første gong skriver eg Ettertanke frå påskeleir på Bjorliheimen Fjellhotell. Vi er enda inne i det første året Misjon Sarepta driv Bjorliheimen, og med det er vi inne i eit år med stadig nye arrangement og ulike erfaringar for drifta av hotellet. Det er spennande, og så langt har det i all hovudsak vore gode erfaringar, sjølv om det arbeidsmessig har vore utfordrande.
Påskemøte eller påskeleir er det lang erfaring frå på Bjorliheimen, men det er første gongen dette skjer i regi av Sarepta. I første delen av påsekveka var det leir for unge vaksne, og den gjekk parallelt med at det var ei relativt stor gruppe konfirmantar frå ein kyrkjelyd. I sjølve påskedagane er det påskeleir der kven som helst kan delta. Her er praktisk talt fullt hus, og det er oppmuntrande at det er barnefamiliar, ungdomar, godt vaksne folk og pensjonistar. Opplegget er slik at det skal vera noko for alle, der forkynning av påskebodskapen står i sentrum. Folk synest å trivast og å setja pris på det som vert undervist og forkynt. Det er også oppmuntrande at det kjem folk frå dei mange hyttene som er i området.
Når eg skriv under overskrifta «Bjorliheimen og påskemysteriet», er det ikkje fordi det er eit spesielt mysterium knytt til Bjorliheimen eller noko kriminalmysterium knytt til påske på Bjorli. Her går alt stille og fint føre seg, inkludert at det enda er så mykje snø at det er mogleg å gå på ski i lysløypa og renna i alpinanlegget – sjølv om det ikkje har vore så lite snø på denne tida på ein mannsalder.
Påskemysteriet er knytt til påskebodskapen. Det som skjedde i den påskehelga i Jerusalem som vi feirar, går langt ut over det som vi kan fanga og forstå med tanken vår. Det er eit mysterium, men det er samstundes openberra ved Ordet og Anden slik at vi kan ta mot det i tru til frelse. Det er i seg sjølv eit mysterium at Guds Son kunne koma til jorda og ikle seg blod og kjøt som eit menneske, vera sann Gud og sant menneske, for å verta vår forsona og frelsar. Det er eit mysterium at Guds Son, Den Allmektige, kunne la seg ta til fange av veike menneske, og vert ført til krossfesting. Det er eit mysterium at Guds Son, Den Heilage, kunne la seg hersa med, plaga og spotta av syndige menneske, og at syndarhender kunne nagla Guds Son, Den fullkomne, til krossen.
Påskemysteriet toppar seg på Golgata. Frå krossen ropar Jesus i smerte og fortviling: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Då var Jesus reelt forleten av sin Far og Gud. Det var ikkje berre at han følte det slik. Når vi opplever det vi kallar «anfekting», kan vi oppleva oss forletne av Gud, men vi er ikkje forletne. Gud er med oss. For Jesus var situasjonen den at han på krossen var i synda sin posisjon ved at all synd var lagt på han. Synda skil mennesket frå Gud, det ser vi då Adam og Eva etter syndefallet vart jaga ut av Edens hage. I den stillinga var no Jesus på grunn av synda vå, og for at vi skulle sleppa å verta forletne av Gud.
Korleis det kunne skje at ein person i den treeinige Gud kunne verta forleten av ein annan, er umogleg å forklara fullt og umogleg å forstå fullt ut. Det ligg i at Gud er tre sjølvstendige personar, men i eitt guddomsvesen. Gud var med det på krossen i det Jesus hang der til vår frelse ved sin død. Faderen og Sonen er eitt, samstundes var han forleten av Faderen. Dette er det store påskemysteriet, og det er til vår frelse ved trua. Påskemysteriet er med det eit frelsesmysterium, men det er altså til frelse! Vi har berre å bøya oss i tru, takk og tilbeding.
Johannes Kleppa

