Fjellturar og påskebodskap

I Noreg er det ein nokså sterk tradisjon for fjellturar i påskehelga. For nokre er påskedagane berre hytte, fjell og ski, medan andre kombinerer det med samling om Guds ord. For Misjon Sarepta sin del har vi no eit godt høve til slik kombinasjon ved at vi har fått Bjorliheimen Fjellhotell. For første gong kan vi ha påskeleirar i det skieldoradoet som Bjorli er, og det er god oppslutnad om leirane.

På Centro Sarepta har vi teke kombinasjonen med fjellturar og påskebodskapen litt på forskot. Vi har hatt fjellturleir denne førpåskeveka. Vi har vore ein god gjeng på denne leiren, og på biletet ser du ein del av flokken på toppen av Aitana, som er det høgaste fjellet i området. Det er omtrent 1550 meter over havet, men vi startar på på vel 1000 meter, så det er ikkje så veldig imponerande. Det er likevel ein fin og litt spesiell tur. Det verkar som at deltakarane har likt seg på senteret denne veka. I tillegg til forkynning har dei også fått mykje kunnskap om Misjon Sarepta sitt arbeid både mi Spania og i Noreg.

Det er underteikna som har vore turleiar og forkynnar på leiren, godt hjelpt av volontørane. Tema har vore todelt, ved at vi har henta fram ein del stoff frå GT som peikar fram mot påskehelga, og så har vi løfta fram påskebodskapen ved å fylgja det som skjer dag for dag i påskeveka. Alt i Bibelen er viktig, men det som gjeld påskehendiga og påskebodskapen er tyngdepunktet i kristentrua.

Det er «ordet om krossen» som er Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Det er altså ikkje «krossen» isolert sett som er Guds kraft til frelse, men «ordet» om krossen. Det som skjedde på Golgata, må altså forkynnast og openberrast om det skal verta til frelse. Av denne grunn er det avgjerande at påskehendinga vert forkynt, slik at det vert til ein påskebodskap – eit evangelium.

Det er mange sider som kan løftast fram ved påskebodskapen, og det er viktig at alt kjem med. Det er likevel noko som er sjølve dreiepunktet i påska, det at Jesus tok straffa for synda vår på seg og gjorde opp for denne. Dreiepunktet er Jesu straffeliding for synda i vår stad, det er at synda vart sona under Guds dom og vreide, det er at Jesus liding og død var eit offer for synd.

Påskebodskapen kan også forkynnast ut frå eit anna dreiepunkt, som heng nøye saman med det første – at Jesus stod opp frå dei døde. Jesu oppstode er dreiepunkt ved at oppstoda viser at Jesus var utan synd og at den synda han tok på seg, vart sona. Det var ikkje noko som kunne halda Jesus i døden. Jesu oppstode er som Faderens amen til Sonen sitt rop på krossen: Det er fullført. Oppstoda vart med det til vår rettferdiggjering, og til stadfesting på at Jesus var den Messias som Gud hadde gjeve lovnad om.

God påske!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av