Så fekk me ei flott Sareptahelg på Talgje i Ryfylke. Møtene var godt førebudd og Anna og Co stod på heile helga med leieng, matservering, matbasar og ymse andre praktiske oppgåver.
Oppslutningen varierte mellom 40 og 80 og det såg ut som både unge og eldre hadde øyre som høyrte. Gode sangkrefter hadde dei også booka inn til møtene. Og forsangargjengen var eit syn i seg sjølv! Store tenarar kan også vera små!
Audun prøvte i forkynninga å løfta opp livets ord. Og så er vår bøn at det som vart sådd får god hjartjord og gode frukter. Mykje lys og mykje varme er typisk for drivhusa på Talgje. Måtte det alltid vera slik også i husa der Guds folk samlast!
Takksame for omsorg, forbøn og fellesskap på Talgje!
Ref.ASH.

