Jesu oppstode definerer Jesu person

Vi er i fastetida, og vi nærmar oss påskehelga. Det inneber at vi kristent sett i stor grad har Jesu liding og død i fokus. Det gjer vi klokt i, men det kan lett verta slik at Jesu oppstode ikkje får den vekta ho skal ha. Kristentrua står og fell med Jesu oppstode.

Sist veke hadde vi sykkelleir på Centro Sarepta, og eg underviste då ti timar i Apostelgjerningane. Det var då to ting som slo meg, det eine gjaldt undervisninga og det andre gjaldt ein sentral del av bodskapen i Apostelgjerningane. Generelt var dette ei fin veke på senteret med godt med folk i ulike aldrarar, der nokre sykla lange turar og andre heldt eg i ro eller brukte bil!

Det å gå gjennom eit bibelsk skrift slik vi gjorde her, og slik vi ofte gjer på Centro Sarepta, vart positivt kommentert. Det eine var at ein på denne måten fekk ei oversikt over denne bibelske bok. Det skjedde ved at vi dei første timane drog nokre liner gjennom boka, oppbygginga av denne og poenget med framstillinga. Det andre var at vi så gjekk tett inn på bibelteksten, og såg på ord og uttrykk, og kva som faktisk står der. I eit så omfattande skrift som Apostelgjerningane kan ein sjølvsagt ikkje ta føre seg ord for ord gjennom heile boka, men ein kan stoppa for sentrale vers og avsnitt.

Når ein har eit møte eller ein bibeltime kan ein ikkje gjera dette, fordi det kort og godt er for lita tid. Om ein har ei bibelveke eller ei bibelhelg, kan ein gjera litt av det, men ein har berre halve tida til disposisjon. Centro Sarepta er difor ein særskild reiskap for denne typen bibelundervisning, og det bør folk nytta seg av. Det er også god tid til samtale om det som vert undervist, både ved spørsmål og svar i timane og ved den uformelle samtalen utanom.

Det er fleire viktige moment i Apostelgjerningane, men det som kanskje er aller viktigast, er den vekta det er på å løfta fram Jesu oppstode, og kva denne har å seia. Det er mange talar i denne boka, særleg av Peter og Paulus, og det er eit gjennomgåande tema å visa at Jesus ut frå GT er Herre og Messias, Herrens tenar og Guds Son. Dette vert på avgjerande vis dokumentert ved at Jesus stod opp frå dei døde. Jesus vart plaga, krossfesta, døde og vart gravlagt. Døden kunne ikkje halda på han, og det vart ei tom grav. Jødane og romarane syte for at Jesus vart krossfest og slått i hel, men Gud reiste han oppatt. Jesu død fekk sin betydning ved Jesu oppstode.

Bodskapen om Jesu oppstode skapte skilje og reaksjonar. For nokre, både jødar og heidningar, vart det til tru og frelse. Dei let seg døypa på og til Jesu namn, til syndstilgjeving og Andens gåve. For jødar som ikkje kom til tru, var dette blasfemi, og det førte til stor motstand og forfylging. For grekarane og romarane streid det også imot alt dei trudde på, det skapte ein aggressiv reaksjon. Kristentrua gjekk sterkt fram trass i stor motstand – på grunn av Jesu oppstode! Det var tusenvis som kom til tru på kort tid, først jødar og så heidningar.

Vi kan ikkje her gå gjennom Apostelgjerningane med tanke på forkynninga av Jesu oppstod, men vi tek med litt frå Peter sin pinsetale. Etter at han ut frå profeten Joel har forklart kva som skjedde pinsedag, går apostelen kortfatta gjennom det som skjedde med Jesus i påskehelga, og minner om at Jesus døyde og vart gravlagt, og så føyer han til: «Denne Jesus reiste Gud opp att, og vi er alle vitne om det.»

Han viser så til at Jesus vart opphøgd til himmelen og sit ved Guds høgre hand, som er allmaktsplassen, og seier: «Så skal då heile Israels folk vita for visst at Gud har gjort han både til Herre og til Messias, denne Jesus som de krossfeste.»

Kanskje vi denne påskehelga skal leggja litt større vekt på Jesus oppstod og kva ho inneber, enn vi brukar å gjera – både på det personlege planet og i forkynninga!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av