Siste tujaene felte

Då Sarepta overtok eigedomen som vart til Centro Sarepta, var hagen til dels overgrodd, slik at det var mykje som måtte fjernast eller klippast ned. Det vart også fjerna hekkar og buskar for å gjera uteområdet betre eigna for den drifta senteret no skulle ha.

Det som var litt spesielt, var at det var ein god del store tujaer. For å få meir lys og for å hindra at desse store trea skulle gjera skade., har vi år om anna felt nokre av dei. Det har vore god ved i peisen, og spart utgifter til oppvarming på kalde dagar.

Ein av dei som har hjelpt til med å gjera tujaene om til ved, er Lars Nordanger. No kan han stolt visa fram den siste vedstabelen med tujaved. Det var på tida at dei siste trea no vart felte, fordi mannen er 87 år og det byrjar verta tid for å leggja øksa ned. For å få gjort siste vedkløvinga, kjøpte han ei skikkeleg kløyveslegge! Mykje godt arbeid er gjort med tujaene, men no er det slutt – og godt er det, sjølv om vi kjem til å sakna veden!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av