Det har vore nok ei undervisningsveke på Centro Sarepta. Denne veka hadde vi besøk frå Danmark. Det var Bo Knudsen, sokneprest i den dansk folkekyrkja, som underviste i Petersbreva. Han er teologisk svært solid, og han gav ei grundig og aktuell innføring i desse breva. Knudsen har undervist fleire gonger ved senteret, og han skal også undervisa på bibelskulen neste vår. Vi fekk kontakt med han ved at han er far til ein av våre tidlegare danske volontørar.
Vi hadde denne veka besøk av Jærtun, som er ein kristen friskule, og dei deltok ein time for dagen i gjennomgangen av Petersbreva. Det er alltid oppmuntrande når klasserommet er fylt av ungdom. Vi trur både undervisninga og det dei ellers opplever av Spania og kristent arbeid her, har stor betydning for deira liv.
Underteikna underviste denne veka i apologetikk, som er kristent trusforsvar. Det er særleg sanninga som skal forsvarast og tanken som skal kristnast. Nokre stusser på om slikt trusforsvar er nødvendig, og tenkjer at det er forkynninga av Guds ord, lov og evangelium, som er saka. Det er korrekt at forkynning av og undervisning i Guds ord er det berande, og apologetikken må stå saman med og i teneste for forkynninga.
Det er mange stader i Bibelen der det er snakk om trusforsvar på ulike måtar. Paulus skriv at han forsvarer og stadfester evangeliet (Fil 1,7). Han skriv om tankebygningar som er som festningar mot kunnskapen om Gud. Desse skal vi riva ned, og så skal vi ta vår tanke til fange i lydnad mot Kristus, og med det reisa nye tankebygningar som er festningar for kunnskapen om Gud (2 Kor 10, 4f). Peter skriv at vi skal vera budde til å forsvara oss når vi vert stilte til rekneskap for den vona som bur i oss (1 Pet 3,15). Judas formanar oss til å kjempa for den trua som éin gong er overgjeven til dei heilage. I Apg 15 er det attgjeven ein sterkt apologetisk tale av Paulus. Dette er berre nokre få døme frå Skrifta på det å kjempa for og å forsvara trua.
Det er ulike sider ved apologetikken. Det eine er å påvisa og nedkjempa falske oppfatningar av kristentrua, og knusa myter om Bibelen, trua og kykjehistoria. Det andre er å visa korleis ulike livssyn, ideologiar og religionar kjem til kort når det gjeld å forstå og forklara livet, det vi opplever her på jorda og det som gjeld tilværet i det heile. Dette gjeld ikkje minst problemet knytt til vondskapen og lidinga. Det gjeld også å påvisa det eineståande ved Kristus og kristentrua, og at det berre er her frelse er å finna. I dette er påvisinga av realiteten i oppstoda avgjerande viktig. Det gjeld i det heile å påvisa sanninga i Guds ord og med det i kristentrua.
I apologetikken er det også ei viktig oppgåve å påvisa og avsløra kva tankeretningar som råder i tia, det vi gjerne før kalte tidsånda, og avdekka korleis desse tankane står i forhold til Bibelen og sanninga. Gjer vi ikkje det, vil vi lett umedvite verta fanga inn av tida sine tankar, anten det gjeld ideologiar, livssyn, religionar eller det som vi omtalar som det politisk korrekte. Det gjeld å visa kva verdisyn og etikk som pregar samfunnet og tida, slik at vi kan halda det opp mot kristen verditenking og etikk, og la det siste prega vår tanke, våre liv og prioriteringar.
Apologetikken har ei oppgåve i å rydda vegen for evangelisering og forkynning. Vi kallar gjerne dette for preevangelisering. Her gjeld det altså å rydda bort misoppfatningar knytt til Guds ord, kristenlivet og kykjehistoria, og med det ta bort falske støytesteinar for trua. Korsets støytestein skal stå, og stiga tydeleg fram! Det gjeld å skapa ei rett forståing av kva sann kristen tru er, både når det gjeld kristen tanke og frelsesspørsmålet. Ved denne typen arbeid maktar ein ikkje å skapa tru. Det skjer ved Ordets openberring og overtyding.
Det som er like viktig i det apologetiske arbeidet er å kristna tanken hjå Guds folk, slik at ein kan vurdera rett det vi møter i tida, og med det innretta både livet og vitnetenesta på rett måte. Det er veldig lett at vi som Guds folk vert fanga inn av tankane i tida utan å vera klar over det, slik at det pregar livet og prioriteringane. Eg trur dette er noko av det aller viktigast for kristne menneske som lever i ei ikkje-kristen eller etterkristen tid. Paulus skriv at han er redd at tankane våre skal verta forderva og vendte bort frå truskapen mot Kristus, slik det skjedde med Eva (2 Kor 11,3). Det er av denne grunn han formanar oss til å riva ned tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og til å ta tanken til fange i lydnad mot Kristus.
Johannes Kleppa
foto: OAMeling

