Guds ord gjer det udiskutabelt klart at styresmakta er ei Guds ordning, og at styresmakta difor er innsett av Gud (Rom 13, 1-7, 1. Pet 2, 13-17). Det er utgangspunktet både for kva som er styresmakta si oppgåve eller mandat, og vårt forhold til styresmakta. Det er viktig at begge delar vert fylgt opp i praksis, og det kan det vera utfordrande å førehalda seg til.
Med tanke på vårt forhold til styresmakta seier Bibelen nokre enkle, men grunnleggjande ting – som i praksis kan vera svært vanskeleg å gjennomføra, og som med det er ei form for test på vår kristne tenking og vårt kristne liv. Det vert sagt at vi skal vera lydige mot styresmakta, ikkje berre for å sleppa straff, men av omsyn til samvitet vårt. Det har altså med vår gudstru å gjera. Det vert også sagt at den som set seg opp mot styresmakta, set seg opp mot Guds ordning, og skal difor få si straff. Vi skal på toppen av det heile respektera og æra styresmakta.
Alt dette, og kanskje særleg det å ha respekt for styresmakta og visa henne ære, er svært utfordrane når vi er djupt usamde med styresmakta eller opplever at styresmakta opptrer urimeleg eller dumt. Sidan styresmakta er av Gud, skal vi altså ha ei respektfull og ærefull haldning til dei som styrer, og opptre i samsvar med det, anten vi er samde med styremakta eller ikkje.
Utgangspunktet for ein kristen er at vi alltid skal lyda Gud (Apg 5, 29), og difor skal vi altså lyda styresmakta fordi ho er Guds ordning og Guds tenar. Vi lyder med andre ord Gud normalt ved å lyda styresmakta, fordi ho har i oppgåve å hindra den vonde gjerninga og fremja den gode. Det finst likevel ei grense for denne lydnaden, og det er når styresmakta vil tvinga oss til det som etter Guds ord er gale, eller ho vil hindra oss i gjera Guds gode vilje. Då tvingar samvitet vårt oss til framleis å vera lydige mot Gud ved å vera ulydige mot styresmakta. Dette er den antikristelege situasjonen, som ofte ber i seg forfylging. Dette lærer både Daniels bok og Johannes openberring oss tydeleg.
Styresmakta er del av det vi kallar det verdslege regimentet, og her råder fornufta. Dette er Guds styringsmåte på jorda, og han har difor gitt styresmakta eit avgrensa og definert mandat eller oppdrag: å hindra den vonde og fremja den gode gjerninga på jorda. Ho skal ikkje blanda seg inn i det åndelege og evige, det som gjeld frelse og evig liv. Styresmakta skal ikkje leggja ideologisk eller religiøst press på folk sitt samvit.
Sidan styresmakta har fått eit definert oppdrag, skal vi halda styresmakta ansvarleg på det området. Ved at dette går på den gode og den vonde gjerninga, har det med etikk å gjera. I landet vårt er dette no aktuelt på fleire området, der styresmakta gjer det motsette av hennar oppdrag.
Det mest grunnleggjande gjeld abortspørsmålet. Her fremjar styresmakta den vonde gjerninga ved å leggja til rette for og forsvara fosterdrap, medan ho hindrar den gode gjerninga ved å leggja hindringar i vegen for dei som vil fremja barnet i mors mage sin livsrett. Styresmakta fremjar også den vonde gjerninga ved å nedbryta den kjønnsordninga som ligg i naturen og fremja flytande kjønnstenking og likekjønna ekteskap, og legg hindringar i vegen for den som vil fremja kristen tanke på desse områda, særleg når det gjeld oppseding og skule. Styresmakta fremjar også ei negativ haldning og gjerning ved sin kritikk av Israel, og ved å fremja samanhengar som motarbeidar Israel. På alle desse områda skal vi gjera styresmakta ansvarleg og motarbeida det ho står for, men samstundes skal vi visa styresmakta respekt og ære som Guds ordning og tenar. Vi skal på alle desse områda også arbeida for å fremja det som er rett og godt.
Sidan styresmakta er vilja av Gud, skal vi be for henne og for alle som har høg stilling eller stort ansvar. Det seier Skrifta at vi framfor alt skal gjera, samstundes som vi bed for alle menneske. Målet er at vi skal kunna leva i gudsfrykt og gode seder, og at folk skal verta frelste ved forkynning av evangeliet. (1 Tim 2, 1-6). Dette skal vi gjera anten vi er samde med styresmakta eller ikkje. Det skjer mykje knytt til ulike delar av styresmakta for tida, og med det er formaninga til å be ekstra aktuell. Det er eit kall til Guds folk, og det kan vera at vi for tida skal be ekstra for kongen og hans hus.
Johannes Kleppa

