Opp gjennom åra har eg undervist ein god del på ulike bibelskular, i dei seinare åra særleg ved Centro Sarepta. Det har vore utfordrande og gledeleg, og eg har hatt inntrykk av at elevane har sett pris på undervisninga.
No skal eg få gleda av å undervisa ved ein ny bibelskule, Bibelskolen Sarepta, og det faktisk i alle bolkane. I min ungdom hadde eg relativt god spenst, men med den alder eg no er i, har spensten fallert til eit minimum. Den nye bibelskulen har derimot svært god spenst, både når det gjeld opplegg med ulike bolkar, eit solid undervisningsopplegg, kombinasjon av Noreg og Spania, samt spennande turar. Her ligg det til rette for god innføring i Guds ord, og for åndeleg og menneskeleg fellesskap – kombinert med snø og ski og sol og varme.
Gjennom åra har eg undervist i mange og ulike fag, og det skal eg også gjera på Bibelskolen Sarepta. Eg vil likevel framheva truslæra, som er svært viktig for det kristne livet. Eg vil også løfta fram kyrkjehistorie, som omhandlar både misjon, læreutvikling og kva ulike kyrkjesamfunn står for. Nokre trur kykjehistoria er tørr og kjedeleg, men eg ha fått mange tilbakemeldingar på at det var spennande og svært lærerikt.
Så ser eg fram til å møta deg på Bibelskolen Sarepta, og eg er heilt sikker på at du vil oppleva tida og undervisninga der både spennande og utbytterik – sjekk opplegget på bibelskolensarepta.no.
Johannes Kleppa

