Amos – ein profet for vår tid

Sist veke hadde eg gleda av å undervisa på kortkurs på Fjellheim Bibelskole i Tromsø. Mine timar var frå Daniels bok aktualisert på vår tid. Thor Fremmegård, som er ein erfaren bibelskulelærar, underviste ut frå Jobs bok med dei sjelesørgeriske elementa vi finn der. Konrad Helliesen, som er ein ny og ung lærar ved Fjellheim, gjekk gjennom profeten Amos si bok. I denne boka er det mykje som er svært aktuelt for vår tid, og eg vil løfta fram nokre glimt herifrå. Det er dessutan oppmuntrande når unge menn stig fram som tydelege og reflekterte bibellærarar med ei bibelforplikta haldning og undervisning.

Profeten Amos talte inn i ei tid med mykje ugudlegdom. Forkynninga hans var særleg retta mot folket i Israel eller det vi også kallar Nordriket eller Tistammeriket. Han adressert både leiarane og folket. Det var fleire problem i landet. Det eine var at det var etablert stader for gudsdyking utanom Jerusalem og templet, og det innebar ny gudsdyrking i strid med det Herren hadde openberra for folket. Avgudsdyrking var eit generelt problem i heile Israel, både direkte tilbeding av avgudar og ei tilpassing av jødisk gudstru til det som passa for folket. Dette er eit problem til alle tider og i alle kulturar, og det er aktuelt i det norske folket no.

Det andre var at fattige vart undertrykte og utnytta av dei rike og dei som styrte. Det er eit veldig sterkt fokus hjå Amos på det vi kallar sosialetikk, altså den etikken som skal råda i samfunnet og som skal vera norm for styresmakta. Med det er her eit sterkt innslag med tanke på kristen-politisk tenking og praksis. Vi møter her ein profeti som utfordrar både på det private og det samfunnsmessige planet. Dette utfordrar korleis vi på det individuelle planet forvaltar våre midlar, altså i kor stor grad vi brukar midlane på oss sjølve og i kor stor grad vi let dei koma vår neste til god. Det utfordrar også korleis fordeling av offentlege goder er, både i samfunnet vårt og med tanke fattige og undertrykte rundt om i den store verda.

Vi gjer klokt i å lesa profeten Amos med tanke på dei elementa vi her påpeikar. Det gjeld både på det private planet og for kristne politikarar. Midt i vår velstand og materialisme har vi godt av å verta utfordra av profeten Amos sin radikale bodskap. Då bør vi ikkje tenkja at dette er noko som høyrer den gamle pakta og det gamle Israel til, medan vi lever i den nye pakta og er fri frå slik lovforkynning. Derimot bør vi ta på alvor at Israel, som Amos forkynte til, gjekk under, fordi folket og styresmakta ikkje tok mot det Herren formidla til dei gjennom Amos og dei andre profetane.

Det er også eit anna moment hjå Amos, og som vi finn mange andre stader i GT, og det gjeld Guds dom over folkeslaga, altså over ikkje-jødiske folk. Dette vert ikkje ofte løfta fram, men Konrad Helliesen gjorde det på ein tankevekkande måte. Det er jo slik at alle skal målast og dømast etter Guds lov. Korleis kan då folkeslag som ikkje kjenner lovopenberringa, dei ti boda, frå Sinai, dømast? Det er eit utfordrande spørsmål, og djupast sett gjeld det dommen over alle menneske som ikkje har fått Guds ord forkynt.

I dette spørsmålet må vi tenkja i lys av skapinga og syndefallet. Ved syndefallet er alle menneske gjort skuldige for Gud, fordi alle var med i Adam. Samstundes fekk alle menneske ved å verta skapte i Guds bilete, lagt Guds lov ned i hjarta sitt. Dette gjeld også etter syndefallet, sjølv om syndefallet har formørka vår forstad slik at vi ikkje ser og forstår dette på skikkeleg måte. Guds ord (Rom 2, 14f) seier oss at ved at mennesket har fått lova lagt ned i hjarta, er mennesket si eiga lov. Ved denne lova gjer Gud lova si gjerning på jorda, slik at livet på jorda ikkje skal gå heilt i oppløysing og gå under. Gud har også gjeve oss samvitet som ein domstol i forhold til denne lova. Det er dette vi omtalar som den naturleg lovopenberringa og som naturretten, og som er viktig i samfunnet, sjølv om det ikkje er til frelse.

Med dette som grunnlag kunne Gud døma folkeslaga på Amos si tid, og på det same grunnlaget kan Gud på den siste dagen døma alle menneske. Det var på dette grunnlaget det rettslege oppgjeret etter andre verdskrigen også skjedde. Då vart det gjort klart at folk som hadde delteke i den tyske drapsmaskinen, særleg i konsentrasjonsleirane, ikkje kunne skulda på tysk lovgjeving eller at dei handla på ordre får overordna. Det var ein Rett som stod over alt og alle, og denne var alle forplikta på, og med det skulle dei ha nekta å utføra ordre i strid med Retten. Dei vart difor dømde skuldige.

Eg trur vi i ei avkristna tid må leggja større vekt på den naturlege openberringa og på naturretten enn vi har gjort før, både med tanke på forkynninga av Guds lov for å skapa syndserkjenning som gjer at folk søkjer evangeliet, og for å nå fram med kristen tenking og etikk i samfunnet. Profeten Amos er altså aktuell på fleire plan!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av