Dårleg dømmekraft

I det siste har det vore nesten inflasjon i at folk har utøvd dårleg dømmekraft, i alle fall at det har vorte vurdert slik. Det har folk sagt både om seg sjølv og om andre. Det gjeld særleg kontakt folk har hatt med Jeffrey Epstein og med tanke på habilitetsvurderingar. Det er sikkert mykje sant i at det i desse samanhengane er utøvd dårleg dømmekraft, utan at eg her skal gå inn på det.

Det er påfallande i kva samanhengar det er snakk om å utvisa dårleg dømmekraft. Det gjeld her forhold til folk ein ikkje bør ha kontakt med, og i formell samanheng som habilitet, sjølv om det ikkje er påvist skadeverknader av dette, i alle fall ikkje enda. Dårleg dømmekraft i slike samanhengar skal likevel ikkje bagatelliserast, særleg det med habilitet i offentlege samanhengar er viktig.

Det er samstundes slik at det er andre samanhengar som er enda meir grunnleggjande, der dårleg dømmekraft ikkje er på dagsordenen i det heile, der korkje media eller politikarar stiller folk til rekneskap for dømmekrafta. I nokre spørsmål er dette av ein slik karakter at ein til sist vil verta stilt til rekneskap av Gud. Eg vil nemna tre slike forhold som er politisk og samfunnsmessig aktuelle og svært viktige.

Det første er spørsmålet om menneskeverdet, og då særleg barnet i mors liv. Her vert det vist svært dårleg dømmekraft over ein låg sko ved at fosteret vert fråteke livsrett, og med det menneskeverd. Her vert det både i Stortinget og i media så generelt og allment utøvd dårleg dømmekraft at det knapt er nokon som reagerer på det. Der det store fleirtalet utøver same eller omtrent same dømmekraft, vert denne generelt rekna som god. Kristent sett er det knapt noko område det i samfunnet og i politikken vert utøvd så dårleg dømmekraft som når det gjeld barnet i mors mage. Det har dramatiske konsekvensar for det ufødde barnet og med det for samfunnet.

Det andre gjeld spørsmålet om kjønn, samliv og ekteskap. Når ein opphevar naturen og biologien og lagar seg kjønn og kjønnsidentitet ut frå eige skjønn, utøver ein uforståleg dårleg dømmekraft. Det same gjeld når ein opnar for nesten alle typer seksuelt samliv og definerer likekjønna samliv som ekteskap. På svært kort tid har oppfatningane når det gjeld kjønn, samliv og ekteskap endra seg radikalt, frå å fylgja naturen og biologien til å tenkja i lys av personleg skjønn og sosiale konstruksjonar. Ved at det store fleirtalet tenkjer likt, vert det i liten grad utfordra på om dette er uttrykk for god eller dårleg dømmekraft. Heldigvis er det nokre som frå kristent hald held oppe eit trykk på dette området, og ein og anna også frå ikkje-kristent hald. Den dårleg dømmekrafta som her vert utøvd, vil over litt tid få svært negative konsekvensar for folk og land.

Det tredje spørsmålet gjeld forholdet til Israel og det jødiske folket. Også her har endringane vore svært store den siste generasjonen, og det har kulminert ved den regjeringa og den utanriksministeren vi no har. Den politiske og etiske dømmekrafta har her endra seg radikalt. Det etiske har særleg med korleis ein vurderer Israel sin situasjon ut frå angrep frå islamistiske samanhenger, og med det Israels krigføring som rettferdig forsvarskrig. Det gjeld også jødefolket sin faktiske situasjon og antisemittismen. Dette har samstundes ført med seg ei politisk dårleg dømmekraft ved at Noreg har spelt seg sjølv ut over sidelina med tanke på positiv innverknad i Midtausten. Også på dette området er det ein tydeleg kristen dimensjon ved det Guds ord seier om å velsigna Israel og jødefolket, medan Noreg for tida i stor grad gjer det motsette. Den dårlege dømmekrafta som her vert utvist, vil også få negative konsekvensar for det norske folket.

I samband med dagsaktuelle diskusjonar og situasjonar kan det vera nyttig å løfta blikket litt og sjå det heile i eit større perspektiv. I dagens situasjon kan vera klokt å spørja seg i eit litt vidare perspektiv enn det som pregar dagens debatt, om kva god og dårleg dømmekraft er, kva område det gjer seg alle mest gjeldande på og kva konsekvensar det har for land og folk.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av