Det åttande bodet seier at vi ikkje skal lyga, eller som formuleringa er i Bibelen: «Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.» (2 Mos 20,16). I si vesle katekisme har Martin Luther ei genial forklaring til bodet: «Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje lyg på nesten vår, ikkje svik han, talar vel om han og tek alt i beste meining.»
Dette er ei stor utfordring for oss alle, både kristne og ikkje-kristne, og då spesielt det å tala vel om nesten og ta alt i beste meining – særleg når det er folk som har stelt seg ille, som vi ikkje likar eller er svært usamde med. Eg trur ikkje eg er urimeleg om eg seiar at politikarar og media har ei særleg utfordring her. Framfor å ta alt i beste meining, er det nesten som at det går sport i å ta alt i verste meining, slik at ein har maksimalt å anklaga for, argumentera mot og skriva om.
Dette er no svært aktuelt knytt til avsløringane rundt Jeffrey Epstein, som var ein mann med mykje pengar og mykje makt, og med eit enormt nettverk i mange land og samanhengar. Diverre hadde han også ei mørk side med umoral og overgrep, som han vart dømd for, og som gjer at det er mange offer for framferda hans. Kor mykje folk som hadde med han å gjera, visste om dette eller når det gjekk skikkeleg opp for dei, er ikkje godt å seia. I lengste laget bør ein då praktisera Luthers formaning om å ta alt i beste meining, i alle fall inn til saksforholda er avklarte og dei det gjeld, har fått gitt sin versjon.
Det å «ta alt i beste meining», er ikkje det fremste kriteriet i journalistiske vurderingar. Det synest heller ikkje å vera det fremste kriteriet for mange som skriv kommentarar til artiklar på nettet. Det gjeld diverre også for ein del i kristne mediesamanhengar.
Det er også eit anna bibelsk prinsipp som er vanskeleg å leva opp til for nokon kvar av oss, og særleg for media, og det er apostelen Peter si formaning: «Framfor alt, ha inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.» (1 Pet 4,8). Peter brukar uttrykket «framfor alt» i denne samanhengen, der han framhever ei bestemt side med den inderleg kjærleiken: Kjærleiken løyner ei mengd med synder.
Det er ei freisting for oss alle å løfta ting fram i lyset som ikkje høyrer heime der, og i journalistikken er det jo eit ideal å vera kritisk og få alt fram i lyset. Ofte er det også heilt rettkome og heilt nødvendig, men ikkje alltid. Kjærleiken skal ikkje sjaltast ut av noko livsområde, heller i journalistikken. Det skaper eit kaldt samfunn med mykje mistillit, og til tider med dramatiske fylgjer for einskildpersonar og familiar.
I kristen samanheng står vi også i fare for å definera handlingar og utsegner som synd, utan at vi har godt nok grunnlag for å gjera det, altså at vi ikkje har nok viten til vurdera situasjonen sikkert. Då står vi i fare for nettopp å føra falskt vitnemål mot vår neste, framfor å ta alt i beste meining. Det gjeld også om poenget med å definera noko for synd, er å få fram at syndstilgjeving er mogleg, og at det kan reisa folk opp. Det å skriva offentleg om det ein meiner er namngjevne folk sine synder, er også problematisk i lys av at kjærleiken skjuler synder av mange slag, altså at ein ikkje løfter dei fram i lyset eller i media.
Dette som eg her skriv, gjeld generelt, men nett no gjeld det mange kjente personar og deira kontakt med Epstein, på ulike nivå og ulike måtar. Det er mange som i etterpåklokskapens lys angrar kontakt, handlingar ut utsegner. Det media og synsarar av ulike kategoriar driv med, er også ei form for etterpåklokskap og vurderingar ut frå den totale kunnskapen ein har no. Ein bør i det minste la dei «tiltalte» få koma skikkeleg til ordet, med forklaringar og orsakingar, og skulle noko vera av kriminell karakter, er det opp til politiet og domstolane å finna ut av det. Førehandsdøming er inga kristen dyd. Dessutan må det vera mogleg også for folk i framståande posisjonar å kunna gå vidare etter å ha gjort dumme eller galne ting, når det er erkjent og beklaga.
Av dei mange som i Epstein-saka har fått eit svært kritisk søkjelys på seg, er kronprinsesse Mette Marit i ei særstilling, av fleire grunnar. Det eine er at ho høyrer kongehuset til, med alt som ligg i det. Det andre er at ho er ein i personleg svært vanskeleg situasjon for tida med alvorleg sjukdom og ein son som har ei alvorleg rettsak gåande mot seg. I denne situasjonen er formaningane til framfor alt å visa «inderleg kjærleik» og til å «ta alt i beste meining», på sin plass.
Johannes Kleppa

