Centro Sarepta og den sunne læra

No er det ikkje noko spesielt med tanke på Centro Sarepta (CS) og sunn lære, så slik sett er overskrifta nokså meiningslaus. Samstundes gir overskrifta god meining, fordi ved CS legg vi stor vekt på undervisning og lære – og målet er at alt som vert undervist og forkynt, skal vera i samsvar med den sunne læra slik vi møter denne i Bibelen.

I løpet av to veker no underviser underteikna i truslære eller dogmatikk. Det vert totalt 20 timar, og det er ikkje så lite. Dette er altså ei undervisning som særleg fokuserer på det Guds ord lærer i sentrale spørsmål, og som gir ei systematisk oversikt over kristen tru. I tillegg underviser Egil Reindal i same perioden over Bergpreika, og det vert ti timar med undervisning som særleg er retta mot det å vera og leva som ein Jesu disippel.

Ikkje så sjeldan møter vi ein tendens til å tona ned det som gjeld læra til fordel for livet, erfaringa og opplevingar med Gud. Det er ein svært uheldig tendens, for alt som har med det kristne livet å gjera, har utgangspunkt i lære, anten ein er klar over det eller ikkje. Bibelen formaner oss difor til å vera opptekne med den sunne læra og dei sunne orda, slik at kristenlivet også vert sunt. Er vi ikkje opptekne med dette, vil det garantert vera usunn lære som får rom, med sine negative konsekvensar.

Når vi opplever eller les om usunne forhold i forsamlingar og negative erfaringar av forkynning og fellesskap, har det nesten alltid sin grunn i usunn lære. Nokre gonger kan det rett nok vera uttrykk for svikt hjå dei åndelege leiarane, men det spring også ofte ut av usunn lære. Skal det verta sunne kristne fellesskap, sunt kristenliv og sunn misjonsteneste, føreset det sunn lære. Dette lærer både Bibelen og erfaringa oss.

I tillegg til den typen nedtoning av læra og kva denne betyr, som vi her har nemnt, lever vi i ei tid og ein åndssituasjon der den absolutte sanninga er sett på avskriving og der pluralismen råder. Då er det slik at den einskilde langt på veg bestemmer si eiga sanning. Med tanke på kristen tru og lære betyr det at den einskilde bestemmer over si eiga tru og lære. Den endar også garantert i usunn lære eller i det som Bibelen omtalar som framand lære, altså lære i strid med Guds ord. Det er berre Skrifta som kan fastsetja sann og sunn lære, og difor er det så viktig at vi arbeider grundig og systematisk med Guds ord for å finna denne læra, slik at vi har sunn lære som grunnlag for tru og liv.

Det er berre der det er sunn lære og med det sann forkynning at det skjer vekking av varig verdi, at det vert skapt kristent liv med åndeleg berekraft og at det vert form sunne kristne felleskap. Alle stader der det skjer opplæring i kristen tru og kristent liv, er det viktig at ein er seg dette svært medvite. Det er også viktig med tanke på det som skjer rundt om i kristne forsamlingar. Apostelen Paulus skriv til Timoteus at når han gjev akt på læra, skal han frelsa både seg sjølv og dei som høyrer på han (1 Tim 4,16). Det gjeld til alle tider, i alle samanhengar og for den einskilde.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av