I sist utgave av Ettertanke, «Fellesskulen og friskulane», vart arbeidet til Fellesskoleutvalget, som er sett ned av regjeringa, kommentert. Det vart særleg vist til den problematiske språkbruken som vert ført knytt til omgrepet «fellesskulen», sidan dette einsidig vert knytt til den offentlege skulen. Det vart også påpeika at friskulane ofte vert omtalte med ein negativ, ekskluderande og isolerande språkbruk. Det er altså bruk av språkmakt overfor friskulane.
I tillegg vart det understreka at all skuletenking skal vera ut frå foreldreretten, både det som gjeld dei kommunale skulane og det som gjeld friskulane, ikkje ut frå politiske ideologiar og føringar. Skulen skal primært vera til hjelp for foreldra, ikkje for stat og kommune.
Fellesskoleutvalget har invitert til å koma med innspel til arbeidet deira. I artikkelen vart det oppmoda til å gjera det frå alle som er opptekne med friskulane. Misjon Sarepta har no sendt inn sitt innspel i samsvar med det som stod i artikkelen «Fellesskulen og friskulane», og vi oppmodar fleire til å gjera det same.
Du kan sjå Misjon Sarepta sitt innspel her.
Johannes Kleppa
