Norske styresmakter motarbeidar stadig friskulane, og motstanden er større til lengre ut på venstresida ein kjem. Dagens regjering har det eine utfallet etter det andre mot friskulane, særleg kristne friskular. Det skjer med tre ulike innfallsvinklar – ved lovmakt, økonomimakt og språkmakt. Dei to første vert brukte for å gjera det vanskeleg å starta og driva friskular. Den sist «makta» skapar haldningar, slik at foreldre ikkje skal søkja barna sine inn på friskular, og barna ikkje skal ha lyst til å gå der.
Her vil eg særleg peika på det som gjeld språkmakt, og det er med bakgrunn i at regjeringa for ei tid sidan sette ned eit utval som skal arbeida med framtida til skulen, «Fellesskoleutvalget». Utvalet skal vera med på å leggja grunnlaget for den framtidige den norske skulen, fellesskulen. Det er påfallande at det berre gjeld den offentlege skulen. Friskulane er ikkje rekna med korkje med tanke på mandatet eller samansetjinga av utvalet. Friskulane er med andre ord ikkje del av den norske skulen, sett med regjeringa sine briller, i alle fall ikkje slik ein tenkjer seg framtida.
Det er grunn til å merka seg språkbruken som vert brukt frå regjeringa og frå store delar av det politiske landskapet ellers, samt store delar av det pedagogiske lauget. Etter kvart har omgrepet «fellesskulen» vorte nokså innarbeid. Det er eit positivt lada ord, i retning av integrering og at her høyrer alle med. Problemet er at det vert brukt berre om den offentlege skulen, eller det som vi like gjerne burde omtala som den kommunale skulen, når det gjeld grunnskulen. Friskulane er ikkje med i dette gode selskapet, og får med det ikkje honnørordet «fellesskap» – med alt som ligg i det – knytt til seg.
Friskulane vert derimot omtalte med det ekskluderande ordet «privatskular». Det er ikkje ein skule for alle, men for ei avgrensa, privat gruppe – og med det vert skulen forstått som lukka og isolerande, gjerne for privilegerte. Dette er ein språkbruk som skaper negative haldningar til friskulane.
Alle som har reelt kjennskap til friskulane, veit at desse er like mykje fellesskular som dei kommunale skulane, faktisk er dei det ofte i enda større grad. Som i dei kommunale skulane er det i friskulane elevar frå alle samfunnslag og med ulik bakgrunn. Her er folk frå økonomisk velståande heimar og frå heimar der ein har problem med å få økonomien til å sviva rundt, her er unge som er skuleflinke og slike som slit fagleg, her er folk med ulike livssyn og ulik religiøs tru – og meir kunne vore nemnt. I kristne friskular er det mange elevar frå kristne heimar, men langt frå alle har slik bakgrunn.
Det som er ulikt mellom kommunale og frie skular, er at i dei kommunale kjem alle elevane frå same skulekrinsen, og det er dei same som møtest i idrettslag og i andre samanhengar i lokalmiljøet. I friskulane kjem elevane frå ulike skulekrinsar, og ofte også frå ulike kommunar. Med det får dei utvida venneflokken, slik at denne når ut over lokalmiljøet. Det er ofte ein stor rikdom. Fellesskapet er med det større enn i den offentlege skulen. Samstundes deltek dei i aktivitetar i lokalsamfunnet på lik line med dei andre i nabolaget.
Friskulane viser seg ofte også å vera løysinga for elevar som slit på den skulen der dei geografisk høyrer heime. Det er ein god del som har behov for å bytta skule, og då viser friskulane, kanskje særleg dei kristne friskulane, seg å vera gode alternativ. Inkluderingsfaktoren er her ofte større enn i dei kommunale skulane. Kristne friskular har ein diakonal dimensjon ved seg. Skulefellesskapet her viser seg ofte å overgå det kommunale skular klarer tilby.
Alt som vert gjort for at den norske skulen skal verta betre, er bra. Poenget er at då må også friskulane reknast med frå styresmakta si side. Friskulane er ikkje eit problem som hindrar felleskap og integrering, men dei er ein viktig del av løysinga – ikkje minst når det gjeld å tilhøyra eit fellesskap. Regjeringa må ikkje få lov til å føra ein språkbruk som forkludrar dette, og som skaper negative haldningar til friskulane.
Det er ellers å merkja seg at regjeringa synest å vera nesten allergisk mot å bruka omgrepet «foreldreretten», som altså er ein menneskerett, for å forklara og forstå skulen. Politikarar snakkar som om skulen skal tena stat og kommune, men sanninga er at skulen skal tena foreldra. Legg ein foreldreretten til grunn, kan ikkje den kommunale skulen prioriterast framfor friskular, og det er foreldreretten som er det viktigast styringsprinsippet for skulen, og med det sjølve grunnlaget for alt av grunnskular. Det burde vera utgangspunktet og orienteringspunktet for Fellesskoleutvalget.
Det er litt vanskeleg å vita kva arbeidet i dette utvalet vil føra med seg, men det er eit så viktig område at dei som sit der, bør få gode innspel til arbeide. Diverre har dette utvalet i for stor grad gått under radaren for dei fleste av oss. Kven som helst kan koma med innspel til Fellesskoleutvalget, og det bør så mange som mogleg nytta seg av. Innspel bør koma så raskt som moglg, og seinast innan vinterferien, til https://fellesskoleutvalget.no/gi-innspill/.
Johannes Kleppa

