Det norske samfunnet har på mange måtar vorte eit merkeleg samfunn, der mykje skjer som var utenkjeleg for kort tid sidan. Den norske kyrkja (Dnk) har på same måten vorte eit merkeleg kyrkjesamfunn, der mykje skjer som ein skulle tru var umogleg i eit kristent kyrkjesamfunn – og der ein avstår for ting som burde vore naturleg å delta i.
For tida føregår det ein landsomfattande bønneaksjon for landet vårt, og aksjonen er tenkt å gå over heile 2026. Det er mange og ulike kyrkjesamfunn og kristne samanhengar som deltek der, men Dnk har på sentralt hald vald å svara nei til invitasjonen om å vera med. Var det noko det var naturleg å delta i, måtte det vera ein slik aksjon – og nokre kykjelydar lokalt har då også engasjert seg.
Frå ei anna side sett er det kanskje like greit at Dnk som institusjon og kyrkjesamfunn ikkje deltek. Ein del av poenget med bønneaksjonen er å be om vekking, omvending og frelse, men korleis skal ei kyrkje som aksepterer synd og velsignar syndige forhold, kunna be om det? Det nye synet på homofilt samliv og velsigninga av likekjønna ekteskap står som ein effektiv sperre for slik bønn. På lokalplanet kan det vera annleis, fordi der kan Dnk vera representert ved folk som står for eit bibelsk syn. I GT finn vi fleire døme på at Gud seier han ikkje høyrer folket sine bøner på grunn av at dei bryt lova hans.
Samstundes som ein ikkje vil gå inn i ein felleskyrkjeleg bønneaksjon, er det aksept for at Dnk deltek med muslimar i deira gudsdyrking, altså avgudsdyrking. Det er aktivt å bidra til religionsblanding. Det har vi sett eksempel på fleire gonger dei seinare åra, kanskje særleg knytt til ramadan og iftar. No er dette på nytt aktuelt. Eg har ikkje registrert noko åtvaring mot det frå sentralt kyrkjeleg hald eller frå biskopane. På lokalplanet er det fritt fram for dette.
Ramadan er den islamske månaden for faste, og det er ei religiøs plikt å delta i denne. Det er ikkje ei total faste i denne månaden, men det er faste på dagtid og så bryt ein denne etter solnedgang med eit kveldsmåltid kalt iftar. Det er dette måltidet kristne og andre no i regi av Dnk vert invitert til å delta i.
Iftar er altå eit religiøst måltid ved at det er del av muslimsk truspraksis knytt til ramadan. Måltidet er samstundes viktig sosialt sett for muslimar, og dei inviterer gjerne også utaforståande med på dette måltidet. Det er likevel umogleg å skilja mellom den religiøse delen og den sosiale delen ved iftar. Det er eitt måltid. For muslimar er det altså primært religiøst, ved at det er del av måten fasten i ramadan vert praktisert på. For andre som deltek, må ein då anten akseptera den religiøse delen eller ikkje bry seg. Det første er det umogleg for ein kristen å gjera, og etter mitt skjønn vil heller ikkje det andre vera greit. Det vil vera i strid med slik måltidet er meint.
Når iftar vert teken inn i Dnk sin samanheng, same kva rom det måtte vera i, tek ein med det muslimsk praksis og trusutøving inn i ein kristen samanheng. Det kan umogleg vera rett, fordi det vert ei form for religionsblanding. Nokon samanliknar dette med at Jesus gjekk inn ulike hus og heimar og åt saman med folk der, sjølv om dei ikkje var Jesus-truande. Det er ei totalt uakseptabel og meiningslaus samanlikning. Jesus deltok med det ikkje i eit religiøst måltid, men i ein reint sosial samanheng. Det kan og bør kristne også gjera i dag, gjerne ved å gå heim til muslimar eller ved å invitera muslimar heim til seg for eit måltid.
Det vi må spørja oss om, er kva Bibelen seier om ulik religiøs utøving, inkludert måltid knytt til det. Guds ord gjer klart at avgudane som heidningane ofrar til, ikkje finst. Avgudane er løgngudar. Samstundes er det slik at avgudsdyrking set ein i kontakt med vonde ånder.
Mat knytt til avgudsdyrking er frå ei side sett som alt anna som vert «selt i slaktarbua», og slik sett kan etast med godt samvit. Dersom nokon seier det er offerkjøt, skal ein derimot la vera å eta det, av omsyn til den som seier det er det, og denne sitt samvit. Å delta i eit offer gir samfunn med alteret, altså med det eller den offeret er retta mot. (1. Kor 10, 18-29).
Sjølv om iftar-måltidet ikkje kan seiast å vera eit offer, er det ledd i dyrkinga av ein avgud, kanskje den åndeleg sett sterakste avguden vi veit om – Allah. Det er difor god grunn til å halda seg borte frå dette måltidet. Samstundes er det like god grunn til å ha andre, ikkje-religiøse, måltid saman med muslimar og andre avgudsdykarar. Å delta i iftar kan verka til å halda muslimar fast i avgudsdyrkinga deira. Det å ikkje delta i dette måltidet, men derimot i reint sosiale måltid, kan opna vegen bort frå avguden til Den sanne Gud.
Johannes Kleppa

