Takk for ein god start på det nye året

,

Eg køyrer heim lørdag 3.januar, rygger ut frå Bjorliheimen fjellhotell og svinger ut på den
snødekte vegen. Slik som så mange andre før meg har gjort denne morgonen. Me var
spente på det, om bilane ville starte no på morgonkvisten. Etter å ha stått ute i snø og kulde
ei heil natt. – 26 grader viste YR, nokre av bilane stod stille i går, det vart for kaldt for dei.
Heldigvis var det nokre løysingsorienterte deltagarar her som fann fram skjøteledning og
vifteovn. Dermed vart det likevel mogleg å få start på bilane.

Kaldt og bra med snø på Bjorli i nyttårshelga


Det har vore mange “Ha det bra!”, “Takk for no!”, og “God tur heim!” denne formiddagen. Eg
sit i bilen no, nyt stillheita og ser tilbake på dagane som har vært.


Leiren starta på sjølvaste nyttårsafta. Etterkvart som deltakarane ankom Bjorli vart det meir
og meir liv på hotellet, denne siste dagen i 2025. Det vart festmiddag, kveldsmøte og ei
påminning om at evangeliet, ordet om krossen, er vår andelege, livsnødvendige mat. Me får
lov å kome til Jesus, tomhendte, i vår synd og fattigdom, og ta imot Jesu nåde og tilgjeving.
“De utan pengar, kom og kjøp korn og et!”. Jes. 55 vart den raude tråden for kveldsmøta.


Då klokka nærma seg midnatt pakka folk seg godt inn i varme klede og vandra ut i snø og
kulde. Rundt midnatt blinka det raudt, gult, grønt og oransje over heile Bjorlibygda. Fjellsida
og nattehimmelen lyste opp i skinet frå rakettane og gjorde velkomst til eit nytt år!


Dei to fyrste dagane i det nye året vart nytta ute i snø, på slalom og langrenn, eller i ein
sofakrok med brettspill på bordet. Me har vore heldige å få gle oss over eit godt fellesskap,
fint vintervær, om enn litt kaldt, og fine bibeltimar og møter.


Etter frukost starta dagane med bibeltime. Me vart minna om viktigheita av å bruke tid med
Gud, lese i Guds Ord. Det er så mykje som vil dra oss vekk frå Gud, støy i kvardagen som
gjer at me ikkje bruker tid i Ordet. Dette Ordet som me er avhengige av, som er vårt daglege
brød. På temamøtet fekk me høyre meir om Bibelen – Guds Ord. At Bibelen er Guds
inspirerte Ord, at Gud har tala til oss gjennom profetane, men òg at Ordet sjølv vart
menneske og tok bustad blant oss. Bibelen er det Levande Ord – det gjer det det lover, det
forandrar liv. Det er eit trufast ord, eit ord til å stole på.


På fredagen handla temamøtet om Guds skapning. Me er menneske skapt i Guds bilete, me
gjorde opprør mot Guds ord, fall i synd og er vortne falne skapningar. Me klarar ikkje beseire
fienden sjølv, men Gud, som fortsatt elskar oss trass vår synd, har allereie beseira fienden.
Gjennom Jesu død og oppstode kan me no få kallast Guds born igjen. Slik som i 2.Kong.
7:3-9 har Gud sjølv fått alle fiendane til å flykte, og han inviterer oss til å ta del i all den
overflod av mat som er tilgjengeleg utanfor byen. Synden er beseira – kom og ta del i
fellesskap med Jesus. Ta imot av hans overflod. Han som er skaparen ynskjer å skape eit
nytt hjarte i oss, gje oss eit nytt liv i kraft av Jesu blod.


Eg må smile der eg sit i bilen. Ja, det har vore ein fin leir. Eg er takksam for det andelege
påfyllet eg har fått lov å ta imot, for dei mange fine vitnesbyrda me fekk høyre, og det gode
fellesskapet eg har fått lov å ta del i desse dagane her i det vakre og snøfylte fjellandskapet.
Stor takk til alle som var med og gjorde Nyttårsleiren til det den vart.

M.H.

Vil du lese mer?

Mer

,

Mer av