Større interesse for kristen tru

Vi les for tida stadig om at det no er større interesse for gudstru generelt og kristentru spesielt enn på mange år. Det gjeld særleg blant unge, og aller mest blant unge menn. Dei som forskar på slike trendar og lagar statistikkar som dei samanliknar for ulike år eller periodar, er noko usamde om kva dette betyr. Nokre seier at det ikkje er tydelege tendensar, og at vi i alle fall ikkje kan snakka om vekking. Andre er meir positive og meiner det skjer noko blant folk, særleg unge, både her i landet og i Europa generelt. Dei meiner det er såpass mykje at det kan kallast ein trend, men dei færraste vil nok snakka om vekking.

Eg skal ikkje gå inn og vera overdommar i dette, men det er uansett interessant å registrera litt av det som skjer, og gjera seg nokre refleksjonar. Det er nokså tydeleg at trass i at det er større interesse for kristen tru no enn i dei seinare åra, skjer det framleis ei sterk sekularisering i samfunnet. Kristentrua mister stadig posisjon i samfunnet, både i lovverk og oppseding. Trass i at ein del unge kristne vektlegg Bibelen og er teologisk konservative, er det i det store og heile bibelkritikk og liberal teologi som råder i store delar av Den norske kyrkja (Dnk) og i fagteologien. Dette er tunge åndelege prosessar som det er uhyre vanskeleg å endra, for ikkje å seia snu.

Det som skjer på det åndelege planet, er ofte vanskeleg å måla og få inn i statistikkar, men det er mogleg å registera at det skjer noko. Det som er enklast statistisk sett, er å måle medlemskap i ulike kyrkjesamfunn og forsamlingar. Dette seier ikkje alltid så mykje om det åndelege livet, fordi grunnane til auke eller nedgang kan ha sin grunn i ytre forhold, slik som bustadmønster og aldersamsetjing. Det som har vore påfallande dei siste åra er kyrkjevekst ved innvandring. Dette gjeld i særleg grad Den romersk-katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkje, men også mange forsamlingar innan Baptistkyrkja. I alle andre samanhengar varier det mykje, men det er ingen generell oppgang.

På luthersk mark var det tidlegare slik at dei aller fleste var medlemmar i Dnk, men det sa lite om det åndelege livet der og ingenting om vekking. Dei store vekkingane endra ikkje på medlemmassen i Dnk, men det gjorde noko med forsamlingane på bedehusa og i frikyrkjene. Ved vekking auka oppslutninga på bedehuset og det vart medlemsvekst i frikyrkjene. Slik vil det til ei viss grad vera også i dag.

Det som no rører seg mellom norsk ungdom, kan ikkje avlesast på medlemsstatistikkar. Derimot kan ein sjå det på søknaden til kristne friskular og oppslutninga der med tanke på møte og bibelgrupper. Ein kan også sjå at ein del samanhengar samlar meir ungdom enn for kort tid sidan. Dessutan registrerer ein at det er fleire ungdomar som kjøper biblar enn før. Det er nok også andre område ein kan sjå slike tendensar. Målingar i folket stadfester denne tendensen ved at fleire seier dei trur på Gud og går til gudsteneste, særleg blant ungdom.

Om det ikkje er så lett å seia kva som skjer på det åndelege planet her i landet og i Europa ellers, og kor omfattande det er, trur eg vi må kunna gleda oss over det og la det vera til inspirasjon. For Misjon Sarepta sin del kan dette bety at satsinga på ein ny bibelskule skjer på rette tidspunktet, både med tanke på å få elevar og med tanke på at det framover kan vera eit ekstra behov på dette området.

Det som det heile står og fell med, er forkynninga av Guds ord, og at dei som er åndeleg søkjande får møta Ordet om krossen, den bodskapen som er til frelse og nytt liv.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av