Teologisk utforbakke av dimensjonar

Den teologiske utviklinga som har vore her i landet dei siste 30 åra, særleg innan Den norske kyrkja (Dnk) og Menighetsfakultetet (MF), er nesten ikkje til å fatta. Det har vore ein teologisk utforbakke av dimensjonar. Bakken har vore både bratt og lang – det siste på tross av svært kort tid.

Det er naturleg å reflektera over dette nettopp ved eit årsskifte, og ved utgangen av 2025 er det særleg aktuelt, fordi det lett fører oss 30 år tilbake i tid. I 1995 fekk vi ei teologisk utgreiing som på mange måtar var eit skilje i den teologiske utviklinga med tanke på homofilt samliv og såkalla «likekjønna ekteskap», «Homofili i kirken». Denne viste ei kløyving i bispekollegiet ved at tre av dei elleve biskopane sa ja til forbønn for likekjønna par. Det var like fullt eit stort fleirtal på åtte som sa nei, men det varte ikkje lenge.

Det er samstundes verdt å merkja seg at i 1997 hadde biskopane ei ny utgreiing, «Kirkens enhet og troens fundamenter». Her vart det teologisk slått fast at det å sidestilla heterofilt og homofilt samliv ville vera «kirkesplittende vranglære». Det meinte altså også dei biskopane som var opne for homofilt samliv. Det kristne ekteskapet var med andre ord for ein mann og ei kvinne, og berre det. Dette vart det halde fast på i vel ti år, men så rakna det med rekordfart.

Journalist Tore-Hjalmar Sævik skreiv ved nyårsskiftet i Dagen ein opplysande, lærerik og tankevekkande analyse av den utviklinga som har vore på dette området dei siste 30 åra, og det overordna spørsmålet hans var: «Kva skjedde med teologien?» Det er det som er den store saka. Sævik skildrar det som skjedd ved MF etter at professor Jan Olav Henriksen i 2001, som den første ved MF, opna for homofilt samliv, under mellomtittelen «Konservativt kollaps». På få år endra MF totalt profil, og vart ein medspelar for den teologisk liberale utviklinga i Dnk – stikk i strid med det fakultetet var oppretta for.

Lovendringa på dette feltet starta ved at forbodet mot sambuarskap og homofilt samliv vart oppheva i 1972, og at vi fekk ei partnarskapslov i 1993. Den verkeleg radikale endringa kom like fullt ved at Stortinget i 2008 vedtok ei kjønnslikegyldig ekteskapslov. Frå då er det altså ikkje snakk om heterofilt eller homofilt ekteskap. Kjønn er likegyldig for ekteskapet. Året før uttalt Dnk seg tydeleg mot ei slik lov, og biskopane hadde ti år før det sagt at ei slik forståing av ekteskapet var «kirkesplittende vranglære».

Så skjer det teologiske fantastiske og uhyrlege at Bispekollegiet og Kyrkjemøtet i 2017, altså berre ti år seinare, gjer vedtak om kyrkjeleg vigsel for likekjønna. Frå no av skulle det vera to likestilt syn i kyrkja på dette området. Det hadde ikkje vore noko ny utgreiing som viste at biskopane i 1997 tok læremessig feil når dei på teologisk grunnlag hevda at dette ville vera kyrkjesplittande.

Det er enda ikkje gått ti år frå innføring av «to-syns-teologien» og vigsel av likekjønna, men alt no er det klassisk kristne synet på ekteskapet under sterkt press, og er nesten radert ut av kyrkja. Formelt gjeld at det er to likestilte «syn», men det er berre spørsmål om tid, før det vert «ein-syns-teologi», slik det har vorte i kvinneprestpørsmålet. Slik må det gå, når ein har gått seg inn på ein bratt teologisk utforbakke.

I si oppsummering av situasjonen og grunnen til at utviklinga har gått som ho har gjort, der også samfunnsmessig og kulturelle forhold spelar inn, skriv Tore-Hjalmar Sævik: «Eg trur det handlar om kva som er grunnlaget for å tenkje teologisk. Er det tillit til ordlyden i Bibelen, eller må bibelordet verte tolka i lys av menneskeleg erfaring. Den canadiske filosofen Charles Taylor brukte formuleringa «massive subjective turn» om ei stor endring i den moderne kulturen. Ein vender seg innover og finn sanning og meining gjennom personleg erfaring og autentisitet. Dette gjer at eksterne autoritetar og læresetningar får mindre relevans og vert møtte med meir skepsis.»

Eg trur det er mykje rett i dette. Når autoriteten vert flytta får Skrifta til den personlege erfaringa og overtydinga, må det i syndefallets verd gå teologisk galt. Det er berre syndserkjenning og omvending som kan bøta på den skaden som har skjedd, og som kan skapa ein ny og bibeltru åndeleg situasjon.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av