Sann kristen fornying

Eg skriv desse linene midt mellom første juledag og første nyttårsdag, altså midt mellom Jesu fødselsdag og Jesu namnedag.  På den åttande dagen, som for alle jødiske guttebarn, vart Jesus omskoren, og han fekk namnet Jesus – slik engelen hadde gitt beskjed om (Luk 2, 21). Plasseringa av julehelga knytt til at sola «snur» – med det åndeleg symbolske som ligg i det, fører med seg at vi startar det nye året i Jesu namn – med det åndeleg symbolske som ligg i det.

Når vi les om det som skjedde ved kristenretten på Moster i 1024, og slik lovgjevinga vart utforma gjennom Landslova i 1274, ser vi at det ikkje berre var symbolikk i det med kristentru og Jesu namn. Det var realiteter. Det var Kvitekrist som kunne velsigna land og folk, og det var Jesus som «landsvaktar» som kunne verja folk og land. I dag er dette nokså framant for politikk og lovgjeving, men vi gjer klokt i å reflektera litt over kva det betyr for fedrelandet vårt at vi går inn i det nye året i Jesu namn.

I det heile er det viktig å søkja på rett stad med tanke på sann fornying, både nasjonalt og med tanke på det evige, altså det som gjeld kyrkje og misjon. Den sanne fornyinga er å finna i Jesus, i hans namn, person og gjerning. Og då i Jesus slik han stig fram for oss i Bibelen, Guds ord. Då er det igjen viktig å sjå på kva som er sentrum i kristentrua og berekrafta i det åndelege livet.

Eg har nett lese ei bok av pensjonert NLA-professor Svein Rise, «Deltakelsens mysterium» med undertittelen «Korsets mening og troens fornuft». Rise brukar ein del ord, uttrykk og formuleringar som nok ikkje er så vanlege i bedehustradisjonen, men her er mykje til ettertanke, ikkje minst ut frå å forstå kristentrua i lys av frelshistoria og syndstilgjevinga.

Med tanke på sann kristen fornying skriv Rise: «Kirkehistorien har lært oss at det er konsentrasjonen om «det uutgrunnelige» som fornyer, skaper vekst, begeistring, tilbedelse, lovsang og frimodige fellesskap – i kirken.»  Han viser til ei historisk erfaring, eller til det å kjenna treet på fruktene. Det er altså ikkje alt som i kristendommens namn skaper fornying, vokster og engasjement – i alle fall ikkje som varig og med gode frukter.

Det som skaper sann fornying, omtalar Rise som «det uutgrunnelige». Det gir eit signal om at her er vi på eit område som går ut over det vi naturleg tenkjer – ja, faktisk er av ein karakter som vi ikkje er i stand til å forstå med vår naturlege forstand. Derimot kan vi til ei viss grad gripa det med «troens fornuft» når Herren openberrar det ved sin Ande og sitt Ord. Det er fleire sider som høyrer openberringa til, som vi kan omtala som «det uutgrunnelige», men det gjeld særleg den treeinige Gud, Jesu person og Jesu frelsesverk. Det heile endar opp i forsoninga og rettferdiggjeringa. Det gjeld det Jesus har gjort i vår stad til frelse ved soning av synda, og det Gud tilreknar oss til rettferdiggjering ved trua på Jesu forsoningsverk.

Frå ei side sett er dette slikt som vi «kan», fordi vi har høyrt det så mange ganger forkynt og Anden har openberra det for oss. Får ei anna side sett er dette fullstendig uforståelege for oss, fordi det strid mot alt anna i det menneskelege livet og fordi syndefallet har formørka vår forstand. Det er like fullt her all sann fornying ligg. Den sanne Guds handlemåte er heilt annleis enn i alt av religionar og religiøsitet, livssyn og ideologiar. Gud steig i Kristus ned til oss og gjorde det vi ikkje kunne gjera eller kunne fatta, og ved det gjer Gud si frelsesgjerning – med alt som ligg i det.

Ytre sett kan det nok skje fornying og vekking på ulike plan utan «det uutgrunnelige», og det kan i og for seg vera med gode intensjonar og på viktige området. Poenget er at det ikkje har berekraft i seg, slik at det er av varig karakter og med gode frukter. Det kan dreia seg om etikk og sosialetisk vekking, eller om karismatikk og misjonsvekking. Dersom det ikkje skjer ut frå «det uutgrunnelige», ut frå ordet om krosssen, vil det relativt raskt døy ut – og det vil slita folk ut og etterlata seg åndelege vrak. Når det heile skjer ut frå Jesu person og verk, vil det ha berekraft, varig verknad og gode frukter.

I det vi nå har feira Jesu kome til jorda, og går inn i eit nytt år i Jesu namnn, gjer vi klokt i å reflektera over kva som gjev sann fornying både på det personlege planet og i det kristne arbeidet. Vi er i akutt behov for fornying og vekking, og då gjeld det at vi søkjer det med rett utgangspunkt.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av